| T.h. Magne Steine er klar til å ringe mekanikaren på ein fredagstur med bilen... |
Magne Steine er saman med si kone Torborg og deira tre born utsendingar for Misjonsalliansen i Bolivia.
I min periode som volontør har eg vore så heldig å få vere med Magne omlag ein dag i veka på kontoret som ligg på El Alto. Her jobbar han med litt forskjellige saker i eit kontorfelleskap med bolivianske ansatte. Og som utdanna veterinær frå Noreg kjem han også litt borti landbruk og bønder i utkantsdistrikta i byen El Alto.
Fram til hausten 2013 skal Magne og familien vere i La Paz. I jobben sin har også Magne fått ansvar i samband med Casa Alianza og volontørane. I vår har han mellom anna vore med som ansvarleg for casakveldane.
På ilimitadokvelden, basaren til inntekt for Misjonsalliansen i Bolivia, fekk Magne vinnarbudet på at eg skreiv om han på min blogg....
Eg vil med dette takke deg Magne for tida her i Bolivia og på kontoret på Rio Seco. Lykke til vidare i jobben, og Guds velsigning for deg og familien!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar