Det har komme post frå ulike stader i Norge og utlandet til meg den tida eg har vore her i Bolivia. Tida mi nærmar seg slutten og dermed er sjansen liten for at post som blir sendt hit no kjem fram før eg er tilbake i Noreg.
I begynnelsen av førre veka fekk eg ei samling med postkort, brev og pakkar. Det kan virke som desse har møttest på reisa hit og slått seg saman i følge. Eg fekk nemleg eit kort som var sendt den 31.10. 2010 og eit anna som var sendt 31.01.2011 i same gjengen...
Tusen takk til alle som har sendt post til meg her i Bolivia!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar