I dag har eg vore på El Alto nok ein gong denne veka. Mandag var eg med på første dagen av eit bondelagskurs som gjekk over to dagar i distrikt 9. I går og i dag vart det same kurset halde for bønder i distrikt 11, og eg var med på siste delen der.
 |
| Ein framtidig bonde? |
Det er andre tilhøve for bøndene her enn det vi kjenner frå Noreg. Mellom anna er vasstilgangen ei utfordring fordi det er veldig tørt i periodar av året. No, før regntida byrjar, er det veldig mykje brunt og uttørka gras. Og dyra som går rundt og beitar har ikkje så mykje anna valg enn å ete det dei finn. Er dei heldige så renn det vatn i ein bekk nær der dei beitar, elles så får dei gjerne vatn to gongar til dagen.
Misjonsalliansen er med på å halde og organisere kurs for bøndene i utkantdistrikta på El Alta. Todagarskurset denne veka har tatt for seg tema som sjukdomslære og dyrehelse, samt dagens tema; fôring og såing av beite/fôrgras.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar