«Det var eit flott syn å sjå den søte lille jenta på ryggen til mammaen sin smile. Først løsna den unge mora litt på knuten av tørklet ho bar jenta i. Så snudde ho på hovudet med eit stort smil. Og i det same gjorde ho ein sleng med kroppen og jenta blei løfta mot venstre side. Det var ein magisk augneblink då mammaen og den lille jenta fekk augekontakt og smilte til kvarandre.»
«Det kom nokon tårer frå augene mine også då eg høyrde og forstod kva denne mammaen stod og fortalde. På golvet der framme i kyrkja stod ho med mikrofonen i handa. Stemma hennar skalv og etterkvart som ho fortalde kom tårene, Og stemma blei svakare. På ryggen sin bar ho med seg jenta si på tre år. Eg skjønte etter kvart at ho fortalde at jenta hennar ikkje var frisk. Så høyrde eg ordet "cáncer" og forstod at denne jenta hadde fått påvist kreft i lungene. Og der stod mammaen, så hjelpeslaus, med den sjuke jenta si på ryggen og visste ikkje kva ho kunne gjere. Etter som eg forstod hadde ho hadde begynt å gå i denne kyrkja. Og så kunne ho ikkje la være å dele dette med alle oss som var tilstades. Medan ho fortalde kom pastoren fram. Han la handa på jenta og vi i forsamlinga reiste oss opp, og så bad vi saman til Gud for denne lille jenta...»
Gudsteneste i ei Baptisk-kyrkje på El Alto, søndag 21. november 2010
«Eg sat på bakerste sete i microbussen på veg heim frå arbeid. Ved sida av meg var det to ledige plassar i midten. Og etter ei tid kom det inn ei dame med ein unge på ryggen. Hovudet var skjult av eit teppe, så eg såg ikkje om det var ei gut eller ei jente. Dama sette seg ned, løsna knuten framme på brystet. Og med stor tryggleik og eleganse svinga ho heile tørklet og den lille fram på fanget sitt. Så tok ho vekk teppet, og bak under de skjulte det seg ein sjarmerande liten gut. På hovudet hadde han ei litt stor, strikka lue med blått mønster. Og der låg i fanget til mammaen sin låg guten med ein fantastisk ro og tryggleik. Eg såg på han og smilte. Det var eit fantastisk syn etter ein lang arbeidsdag.»
I microbussen på veg frå Arce til Obrajes, mandag 22. november 2010
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar