No er det godt med helg her i La Paz. Etter ein lang dag på El Alto og Tiwanaku i dag, så kjenner eg at det er godt å sette seg ned. Eg har ikkje så mykje planar for helga, men i morgon blir det då spansk. Det blei flytta fordi eg var lenger på arbeid enn eg hadde trudd.
Før eg reiste på jobb i dag så tok eg dette bilete av «Pasage D» som gata heiter her rett utanfor Casa Alianza. Eit heilt greit og ordentleg strøk...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar