| Framside og hovudinngangen av Casa Alianza, som no er min heim i La Paz. |
Eg har ikkje skrive så mykje om Casa Alianza, heimen min her i La Paz, tidlegare. Derfor kan det passe å gjere det i dag. Huset eg bur i er gjestehus og bustad for volontørar her i La Paz. Så med andre ord, skal du til La Paz går det an å ta kontakt med Casa Alianza for å høyre om dei har ei ledig seng til deg der.
Sjølv bur eg altså i 3. etasjen, på guteavdelinga El Alto. Her er vi tre volontørar, fordelt på to soverom, som deler kjøkken, oppholdsrom og toalett/dusj. Fram til no så har dette gått veldig greit, sjølv om vi tre som bur her er omlag 125 år tilsaman. Aldersforskjellen mellom eldste og yngste mann er altså omkring rundt 40 år. Så det betyr at om du har tenkt å gjere noko anna ein gong i livet er dette eit alternativ...
![]() |
| Opphaldsrom |
| Kjøkken |
"Casakveldar"
Elles så er det eit større opphaldsrom i 2. etasje, der det er tv/dvd-spelar, stereoannlegg og ei større sofagruppe. I denne stova samlast vi volontørane kvar tirsdag til "casakveld". Då er det ein form for kulturkveld der vi får besøk utanfrå eller tek opp ulike tema som er relevant i høve til opphaldet vårt her i Bolivia.
Til no har vi hatt besøk av ei boliviansk studine som fortalde om føre-var-tankar i høve til tryggleik både på El Alto og La Paz. Ho fortalde også om kva som kan skje i høve til tjuveri og liknande, og at eit generelt råd var å ikkje gå inn i ein tom minibuss. Så har vi hatt ein basar til inntekt for Misjonsalliansen sitt arbeid i Bolivia. Vi har vore på besøk hos hushjelpene Berta og Mari Luz som bur på El Alto med sine familiar. Ein kveld hadde vi samtale/diskusjon omkring temaet bistandsarbeid. Sist eg var med på casakveld hadde vi besøk av Per Ambjørn, utvekslingsstudent som studerar historie, og den norske konsulen i ved ambasadeseksjonen i byen. Og temaet for den kvelden var Bolivia sin historie og kva samarbeid den norske stat har med landet i dag.
Fasilitetar på huset
I kjellaravdelinga er det vaskemaskiner og utanfor er det klessnorer for tørking av klede. Elles er det kjøkken med matsal og nokon gjesterom på planet over. I matsalen er det også ein liten kiosk der dei som bur på huset kan hente seg diverse kioskvarer og skrive opp kva ein tek i ei bok. På grunnplanet er det kontor/resepsjon, gjesterom, nokon klasserom, eit stillerom og soverommet der hushjelpa bur den veka ho er på arbeid. Det to faste hushjelpene, Berta og Mari Luz, jobbar i ein arbeidssyklus med ei veke på og ei veke av. I tillegg er det ei tredje hushjelp tilknytta Casa Alianza, og ho blir tilkalla når det er behov for vikar.
På dagtid er det Monica i resepsjonen vi kan ta kontakt med om det er noko vi treng hjelp til. Etter kontortid er det hushjelpene som står til disposisjon. Dei kan hjelpe med masse forskjellig, og er gode å ha når ein til dømes ikkje har nøkkel til hovuddøra. Då ringer ein på, og så kjem dei og opnar opp. Og om ein veit om at ein blir sein heim ein kveld, ringer ein og seier frå til hushjelpene slik at dei veit om det når nokon dukkar opp her midt på natta...
Mørket senkar seg...
| Utsikten min frå soverommet over bydelen Obrajes. |
| La Paz, Obrajes, by night... |

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar