| Hilde Kristin med gebursdagskaka mi! |
Det er blitt ein tradisjon for oss voluntørar at vi feirar gebursdag med kake og ein betre middag på ein restaurant om kvelden. Og det er bra å markere dagen sin saman med nokon, når ein då ikkje har familien sin rundt seg. Det er viktig å ta vare på tradisjonar også, sjølv om ein er på heilt andre sida av jorda.
Sjølv er det ikkje så lenge sidan eg blei vekt med gebursdagssong på senga og kake til frukost. Og det var kjekt! Til og med gebursdagspresang frå både spansklæraren og ei eg har blitt kjend med i kyrkja på El Alto. Gledeleg overrasking! Spansklæraren min ringte meg tidleg på morgonen og song ein spansk gebursdagssong som måtte syngast om morgonen. Kjekt å bli satt pris på, og moro å ha noko å feire!
1 kommentar:
Takk for dette, Jan Halvard! Det var en veldig flott dag:)
Legg inn en kommentar