Eg bur på dobbeltrom, og det går veldig bra. På avdelinga "El Alto" som leilegheita eg bur på heiter, har vi elles ein kjøkkenkrok, ei stove og eit toalett/bad. Standarden er veldig bra, det er til og med internett. I andre etasjen på huset er det ei større stove med masse bøker, tv/dvd-spelar og stereoanlegg. Det er også eit datarom i den etasjen.
| Ein typisk frukost for meg på Casa Alianza. |
Mat og drikke må vi volontørar ordne oss med sjølve. Grovt brød som i Norge er ikkje noko vi får tak i på butikken her. Brødet er lyst på størrelse med rundstykker eller horn. Min frukost inneheld gjerne eit rundstykke, ein kopp med te, juice og ein youghurt. Lunsj og middag er litt meir variert. Når eg er på arbeid et eg lunsj der, eller vi går ut i sentrum. Middag hender det at eg kjøpar meg på ein restaurant, eller så lagar eg noko enkelt. Det går lett i pasta og suppe.
På tirsdagane frå kl. 19.00 til 21.00 er det obligatorisk casa-kveld for oss volontørar. Då har vi ei samling og det blir tatt opp ulike tema eller vi har andre tilstellingar. I kveld får vi besøk av den norske representanten her i Bolivia, og han skal fortelje om kvifor Norge er representert her og kanskje noko om den politiske situasjonen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar