Ei ny arbeidsveke og ein ny arbeidsdag. Denne dagen har eg vore med nokon av dei andre voluntørane og sett kva dei skal jobbe med framover. Vi besøkte eit sjukehus, nokon skular i distrikt 12 og eit senter der dei arbeider med hiv og aids.På ein av skulane var ungane heilt ville då dei såg at eg hadde med meg fotoapparatet mitt. Så då fekk eg arbeid med å ta bilete av masse ungar. Og så måtte eg passe på at dei ikkje reiv kamera ut av hendene mine når dei skulle få sjå biletet på displayet etterpå. Det gjekk nesten litt hardt for seg ein liten periode, og eg blei nærmast reven over ende. Her er nokon av dagens bilete frå skulen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar