Det er blå himmel og sola står nesten på det høgaste. Eg er i eit tropisk område med høg luftfuktighet, og det merkast på kroppen. Det er til og med mygg og større innsekt som flyg rundt. Nokon av dei bit frå seg og lagar små merke på huden, og etterkvart begynner det å klø. Eg har fått nokon stikk dei siste dagane og det rare er at eg har ikkje observert ein einaste mygg når dei har stukket til. Plutseleg var det berre eit stikk!
Vi køyrer mot landsbyen Santa Fe, og like før tek vi av nedover mot elva. Nede ved elva er det ei hengebru som det nesten er utruleg at vi skal køyre bil over. Det sit ei dame ved brua som skal ha bompengar for å køyre over, og sidan ho ser at det er turistar i bilen vil ho ha meir enn vanleg. Sjåføren vår er ikkje einig og fortel at det er Misjonsalliansen, og så gir han henne ein sum og vi køyrer vidare.
Like før vi kjem til ei ny bru, tek vi av frå vegen og ned til elva. Der renn friskt og klart vatn nedover. Og i lufta flyg det sommarfuglar og andre innsekt som eg får tatt bilete av i strandkanten. Deretter køyrer vi litt vidare, over brua og ned på andre sida av elva. Sjåføren fortel at det er ein flyplass... Ein open plass midt i skogen, der det nok er mogleg å lande med eit lite fly. På denne rolege plassen budde det også nokon folk som hadde ansvaret for å sjå til bygningane og området.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar