Etter maten, tok eg meg tid til å ta ein grundig oppvask. Der stod nemleg ein stor haug av skitne fat, koppar, skåler og bestikk i oppvaskkummen. Og for at eg skulle få vaska opp koppen, glaset og bestikket eg sjølv hadde brukt var det heilt nødvendig å ta i eit tak. Haugen hadde nok berre vakse seg større heilt til Berta hadde komme inn og satt igang, dersom eg ikkje gjorde noko. Og det hadde vore heilt feil, for oppvask er ikkje Berta si oppgåve!
Det er nok litt forskjellig kor mykje oppvaks vi på "herreavdelinga" har ståande. Eg bit meg merke i at dersom ein berre set det skitne i kummen og tenkjer at ein skal ta det seinare, så veks den haugen ganske så fort. Og for den som då kjem seinare, blir det dobbelt arbeid å vaske opp. Først må alt som står i oppvaskkummen takast ut, slik at ein kan fylle i vatn. Og når ein startar å vaske det ein sjølv har brukt, kan ein like godt ta alt det andre med det same. Det er nok sant som det blir sagt i ordtaket: "Gamal vane er vond å vende!" Og har du ikkje gjort det til ein vane å ta oppvasken med det same du har ete innan fyllte 6o år, så forandrar ikkje det seg. Derfor vil eg i dag oppmode deg som enno kan om å velge gode vanar du kan ta med deg inn i ungdommens alderdom.
Eg fekk som nemd også gjort nokon fleire nyttige ting før klokka blei 11.30 og eg reiste til kontoret i sentrum for å arbeide. Mellom anna bytta eg skolisse i den eine skoen min, fordi den var utslitt. Eg var så heldig å finne eit par bodar på El Alto der dei selde skolisser på søndag. Og sidan eg ikkje viste kor lange eg måtte ha dei, så var det berre å kjøpe nokon og prøve seg fram. Heldigvis var den eine typen lang nok, og eg var godt fornøgd.
Arbeidet i dag har vore å skrive ein sak om basaren vi hadde på huset, Casa Alianza, førre tirsdag. Og den saka blei lagt ut på Ilimitado før eg gjekk heim for dagen. Men arbeidsdagen min starta med ein varm lunsj på Cafe Beirut, saman med utsendingane Monika og Torborg. Og mat er veldig godt når ein er svolten, det merka vi iallefall då vi måtte vente litt før maten var klar.
| Spanande med pakke! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar