Google Website Translator Gadget

Om meg/kontaktinformasjon - norsk

Det er 14. august 2010. Klokka er rundt 20 på kvelden. Eit fly landar på El Alto internasjonale flyplass i Bolivia. Ei reise har begynt...

Kven er eg?
Mitt namn er Jan Halvard. Eg er frå Norge, og bur no i La Paz, Bolivia i Sør-Amerika.

Kvifor er eg her?
I oktober/november 2009 stod eg ved eit vegvalg i livet. Vikarjobben min som trykkar var over. Det var ikkje liknande arbeid å finne på arbeidsmarknaden. Eg måtte tenkje nytt, og finne andre alternativ. Kva veg skulle eg gå?

Ved juletider tok eg valet. Eg ville besøke Bolivia igjen og bli betre kjend med landet og folket. Ein studietur i slutten av 2003 hadde gjort inntrykk og satt spor. Eg hadde lyst å oppleve meir av verda, og samtidig gjere noko nyttig for andre.

Eg visste om at det var mogleg å vere volontør for Misjonsalliansen (NGO) i La Paz, Bolivia. Derfor kontakta eg denne misjonsorganisasjonen og undersøkte kva det innebar. Då våren kom blei søknaden om å reise til Bolivia som voluntør for hausten 2010 fram til vinteren 2011 sendt...

Kva gjer eg?
Eg er informasjonvolontør. Arbeidet mitt er å skrive saker og sende informasjon til Norge; Misjonsalliansen, ilimitado og gratisbladet: [tsjili]. Det handlar om å fortelje kva gåvene frå norske givarar blir brukt til. Og dette gjer eg utan å få verken løn eller anna materiell godtgjering sjølv. I staden betalar eg alle utgiftene i samband med reisa og opphaldet frå eiga lomme.

Eg reiser ikkje tomhendt tilbake til Norge til våren. Medan eg er her får eg møte flotte folk og bli kjend med ein annan kultur. Eg får lære eit nytt språk, spansk/castellano. Eg får kjenne urett på kroppen. Og eg får gjort meg nokon tankar om det å tenkje større tankar enn berre på meg sjølv...

«Jeg forventer å leve bare dette ene livet i verden. Alt godt jeg kan gjøre og all vennlighet jeg kan vise mine medmennesker vil jeg derfor gjøre nå. Jeg vil ikke utsette eller forsømme det, for jeg kommer ikke til å være her en gang til.» 
Ukjent
Tilbake i Norge! 
Den 1. april 2011 var eg tilbake i Norge etter sju månader og to veker som volontør for Misjonsalliansen i Bolivia. Reisa held fram og eg vil halde fram med å skrive på bloggen. Det blir meir for å praktisere spansk og vise mine vener og folk i Bolivia livet i Norge.


Kontakt!
Skriv e-post til meg: BuenosdiasBolivia
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS