Google Website Translator Gadget

mandag 31. januar 2011

Copacabana - sol, sommar og sjø.

Denne helga drog omtrent heile gjengen med volontørar og studentar frå Casa Alianza på tur til Copacabana.  Byen Copacabana ligg ved Titikakasjøen i Bolivia og er ein stad der både turistar og nasjonale reiser for å slappe av og oppleve noko anna. 

Copacabana, Bolivia
Fredag 28. januar kl. 07.15 drog første pulja med taxi til «Cementario» der bussane til Copacabana går i frå. Vi var ein gjeng på 7 unge norske menn og kvinner. 








Etter ein busstur frå La Paz på omlag 3, 5 timar var vi framme i sjølve Copacabana. På vegen kryssa vi også Titicacasjøen med ferje og båt. Bussen køyrde då på ei ferje som liknar ei flåte, medan passasjerane vart frakta i båtar over sundet. 

Vel framme i byen fann vi oss ein lokal restaurant og kjøpte varm lunsj med suppe, hovudrett og dessert for 15 Bs. Klokka var berre rundt 12, middag, og vi skulle ha heile dagen i byen. Det neste vi gjorde var å finne eit hostel der vi fann rom for natta.

Kva skulle vi så finne på i Copacabana? No var vi jo ved verdas høgastliggande innsjø på 3812 m.o.h. Ved denne sjøen held marinen i Bolivia til. Sidan landet ikkje har noko eiga kystlinje mot havet, er det her dei må øve og forsvare seg. Grensa mellom Peru og Bolivia går gjennom Titikakasjøen.

Båten vi drog på tokt med på Titikakasjøen...
Heile gjengen tok ein båttur ut på denne kjende innsjøen. Vi drog ut på tokt til ei kunstig øy. Der fekk vi landgang mot å betale 2 Bs og frå denne øya gjekk vi opp på eit utsiktspunkt. Derifrå fekk vi ein opplevelse av kor stor denne innsjøen er. Etter ein halvtimes tid i rolege omgivnader tok båten oss tilbake til Copacabana.

På kvelden før sola gjekk ned, tok vi turen opp på ein topp. Her fekk vi oversyn over byen og såg sola som var på veg ned i horisonten. Det var middagstid så deretter bar det ned til eit betre hotell der dei skulle ha god mat i følgje «Lonely Planet» si reisehandbok for Bolivia.

Vi blei sittande eit par timar og ete. Nokon valde fisk medan andre tok ostefondue til middag og sjokoladefondue til dessert.

Havna i Copacabana i det sola er på veg ned.

søndag 30. januar 2011

Offentlege advarslar!



Korrupsjon er ein forbrytelse.

lørdag 29. januar 2011

Ernesto «Che» Guevara på sokkel...

Statue av Ernest «Che» Guevarra på Ceja,  El Alto, Bolivia.

Más conocido como el Che, este revolucionario latinoamericana de origen argentino nació en 1928. Se doctoró en medicina en Buenos Aires.

Recorrió gran parte de América Latina y estudió sus estructuras. Durante su estancia en Guatemala, los norteamericanos invadieron el pais. Esta invasión túvo lugar en 1954 y el Che jugo un papel importante, pues mostró su apoyo a Jacobo Arbenz e intentó organizar la resistencia armada.

Luego, se unió a Fidel Castro. Participó en el desembarco de Granma en diciembre 1957. Su colaboración con Castro no acabó aqui, pues el Che fué uno de los doce guerrilleros supervivientes de Sierra Maestra. Fidel lo incluyó en el nuevo govierno revolucionario. Se convirtió en Ministro de Industria. Permaneció en este carga desde 1961 a 1965.

Como Ministro de Industria, defendió el criterio de superar los incentivos económicos a la producción. Los incentivos morales, que dió la conciencia revolucionaria substituyó los estímulos económicos. El Che pidió una extensión de esa conciencia revolucionaria a toda América Latina. La actividad revolucinaria volvió a fluir en el continente.

Entonces, el Che pensó que es el momento oportuno para llevar a cabo su proyecto revolucionario, reunció a su cargo y fué a Bolivia. Allí, dirigió un foco revolucionario hasta que las tropas bolivianos lo captureron y lo ejecutaron sin juicio previo.

Ernesto Che Guevara morió en octobre (el 8) de 1967. Los latinoamericanos lo recordaron como un simbolo de la lucha contra la opresión. Y, todavia hoy, en todos los países del mundo, podemos ver su rostro estampado en camisetas, junto a los de estrellos de rock y otros simbolos de la actual cultura de masas.

Ver mas:
Weekend Reflections #71
The Weekend in Black and White

fredag 28. januar 2011

Ein historie frå postkontoret

I førre veka hadde eg ei spesiell oppleving på postkontoret. Eg var i Sucre og ville sende nokon postkort og brev til familie og vener. 

Med jobberfaring frå Posten Norge veit eg at det er viktig å sette på avsendaradresse dersom adressaten har flytta. Eg gjorde som eg er vant til frå Norge, skreiv avsendar på baksida og sette eit kryss over adressa. Det hender jo at folk flyttar slik at posten ikkje kjem fram. 

Eg gjekk glad og fornøgd inn på postkontoret og stilte meg i kø for å få sendt avgårde helsingane eg hadde skrive. Det var ei dame som blei ekspedert i skranka, og eg var neste kunde. Postfunksjonæren var ei myndig og bestemt kvinne, og eg såg at eit eller anna gjorde at eit brev ikkje kunne sendast. Eg tenkte ikkje så mykje over det der og då. Det var vel ein regel som var grunnen til det.

Det blei min tur til å kjøpe frimerke og sende avgårde post. Eg la postkorta og brevet eg skulle sende på disken slik at postfunksjonæren kunne sjå dei. Ho spurde kor eg skulle sende, og eg svarte Europa. Deretter tok ho til å granske korta mine. Under til-feltet på kortat hadde eg også skrive avsendar og kryssa over. Dette var ikkje greit. Det måtte settast ein kvit lapp over den adressa som eg hadde skrive med kryss over. For desse korta kunne ikkje sendast slik. Sånn var det berre. Eg forstod ikkje heilt kvifor og prøvde å forklare som det var at slik gjorde vi i Norge, og at adressa som var overkryssa var mi avsendaradresse. Dette blei ikkje godtatt. 

Eg viste  henne at eg hadde gjort det same på brevet, og ho rista på hovudet og sa at heller ikkje der var det gjort rett. Det måtte limast noko over, og ho spurde meg om eg ville at ho skulle gjere det.« Greit» sa eg, og ho laga til ein lapp for å dekke over avsendaradressa bak på konvolutten. Vidare tok ho masse lim på lappen og klistra den over. Brevet kunne likevel ikkje sendast. No måtte eg skrive adressa mi på baksida, men utan å krysse over den. Eg syns dette virka unødvendig, og sa at det ikkje var veldig viktig for meg å ha avsendaradressa på brevet. Det eg ville var å få sendt posten min... 

Det kom til at to av postkorta var godkjende og dei kunne eg få kjøpe frimerke til og sende. Eg var skuffa over å ikkje få sendt alle. Samtidig så fekk eg sende dei eg kunne få sendt. Bak meg var det folk i kø, og eg syns eg hadde brukt vel lang tid på noko som eg hadde forestilt meg skulle gå veldig greit. 

Eg skjønte at det ikkje nytta å prøve med fleire forklaringar. Eg ville uansett berre få sende to av postkorta. Så då var det berre å få kjøpt to frimerke og få sendt avgårde desse to korta i posten... 

Det var merkeleg å oppleve dette. Noko liknande har eg ikkje opplevd i La Paz, sjølv om eg har sendt ein del post der eg har skrive avsendar og kryssa over. Kvifor var det slik på postkontoret i Sucre? Eg forstod det ikkje. Hadde det noko med makt å gjere? Var dette viktigare for postfunksjonæren enn at ho fekk selt nokon frimerke? Eg undrast... 

Enda på historien var at eg tok med meg postkorta og brevet til La Paz. På tirsdag drog eg på postkontoret i sentrum. Eg gjekk til skranka og la fram posten eg skulle sende på disken. Det var med ei viss spenning. Ville postfunksjonæren seie noko om denne adressa som var kryssa over? Eg fekk ingen kommentar på det. Breva måtte vegast. Deretter kom ho tilbake til skranka og sa summen eg måtte betale i porto. Posten blei sendt...

torsdag 27. januar 2011

Niños y agua




«Los niños se gustan jugar con agua...»
«Children loves to play with water...»
«Born likar godt å leike med vatn...»

Det går igjen over heile verda. Born som får tilgang til å leike med vatn storkosar seg... Bekymringslaust held dei på, utan å tenkje på verken det som ligg bak eller det som skal kome. Det å kunne koble ut frå alt det andre og vere med her og no er viktig for folk i alle aldersgrupper...


Matt 18
I same stunda kom disiplane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei  3 og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 

Check out more waterphotos: Watery Wednesday #124
and calm down with: Tema Fredag - «rofyllt»



onsdag 26. januar 2011

Regntid...

Utsiktsbilde frå 3. etasje onsdag 26. januar 2011, kl. 15:44.

Her i La Paz har det begynt å regne om dagane. Det kjem ei skur eller to og så skin det som regel opp igjen. Dette påverkar også temperaturen. Når sola skin er det godt og varmt, medan det blir veldig kjølig og kaldt når skyene og regnet kjem.

Check out:
Outdoor Wednesday #107

tirsdag 25. januar 2011

Frå underkøya på 31 til overkøya på 41...

Då er eg tilbake på Casa Alianza, La Paz, etter ein månad med ferie. Det var kjekt å komme «heim» igjen til kjende omgivnader.

Sjølv om bygningane stort sett er som før eg drog på ferie, så er det ny atmosfære... Ein heilt ny gjeng med nordmenn har inntatt Casa'en. Eg sjølv har også måtte flytte på meg. Frå å ha budd på rom nr. 31, «El Alto», bur eg no på rom nr. 41... 

Til ære for volontørane frå i haust har eg sett saman ein kollasj med bilete til minne om tida frå La Paz, Bolivia. Det manglar noko på Casa'en når de no ikkje er her lenger... 

Eg vil også helse til alle som var innom på Casa Alianza ein kortare eller lengre periode i haust!  


Lykke til vidare alle saman!


mandag 24. januar 2011

Cementerio General - «stige» opp mot himmelen...

Cementario General - Sucre, Bolivia


Etter å ha vore i Sucre nærare tre veker sit eg igjen med ein del inntrykk. Eg har møtt ein del forskjellige folk i byen. Fleire gongar har det kome bort til meg selgarar og skopussarar som gjerne vil at eg skal gjere ein handel med dei. Skopussarane gir seg ikkje sjølv når eg seier at eg ikkje treng noko skopuss. Dei slitte fritidsskoa mine treng det ikkje. Samtidig så ville jo det å pusse skoa sine, sjølv om det ikkje er  finsko, kunne vere med å hjelpe nokon... 

Eg er ganske imponert over kor kreative folk er for å skaffe seg inntekt. På gravplassen i Sucre er det fleire ulike tjenester som blir tilbudt. 

For turistar er det ungdom som tilbyr guiding rundt på gravplassen og fortel om dei viktige personane som er gravlagt der. 

Dei lokale som har slekt eller familie gravlagd kan utanfor inngange kjøpe med blomar til grava. Innanfor porten er det born ned i 8- 10 årsalderen som tilbyr stige. Gravene er nemleg bygd over bakken og for å komme opp til dei øverste må ein ha stige. 

På benkane innanfor området sit også kvinner og menn som tilbyr "oracion", altså bøn. Om det er bøn for dei døde eller til dei døde det veit eg ikkje...

I det store og det heile så er det mange som skaffar seg eit levebrød gjennom å tilby ulike former for tjenester. 

Check out:




søndag 23. januar 2011

Til ettertanke... / Weekendreflexions... / Fotos para la reflexion...







Check out:

Fleire tolkingar av gamal - trykk her

For more Black and White see:

lørdag 22. januar 2011

A = Adelante con Aerosur; L = ¿Lila estar el color del año!?

Letra «A» de color lila -  Lilla «A»
Hoy dia yo he volado con «Aerosur» a La Paz, Bolivia.









¿Lila - el color del año 2011!?



Adelante - Muy bonitos zapatos de color lila... 

Check out:
ABC scandinavia - L                    Scenic Sunday 131

sko lilla kvinnesko fly høge høye hæler vakker kvinne

fredag 21. januar 2011

Ventanas de Sucre y la vida... !

Mirador - Sucre
¿Qué piensa del futuro? ¿Como estara el año 2011? 
¿Qué voy a hacer despues he terminado mi trabajo como volontario en la Mision Aliansa de Noruega en Bolivia, MAN-B? 

Hay muchas preguntas sobre el futuro. Pero no es posible vér comó el futuro estara...  Solo Dios tiene las respuestas. Nosotros solamente podemos vér por la ventana y decir que tiempo esta.


Ventanas que da a la calle, Sucre.
Buenos fin de semana!

Vér mas ventanas aqui: 
El Desafío de los Jueves - «Ventana» / Thursday Challenge - «Window»

Tambien vér:
Outdoor Wednesday # 106

torsdag 20. januar 2011

Vegen vidare? -«Eit steg om gongen!»

Ferien og opphaldet i Sucre nærmar seg slutten. Eg har vore ute på ei reise. Ei reise der eg har fått sjå og oppleve meir av Bolivia. Sett eit spanande land og hatt ei spanande reise på nye og ukjende vegar. Vegar og vegkryss der eg har fått gjere meg opp tankar om kva som blir dei neste stega...

Mitt første steg er å møte ein ny gjeng volontørar og fortsette arbeidet som frivilleg for Misjonsalliansen fram til slutten av mars...


Kva blir det neste steget? 
Eg veit ikkje, så det vel eg å legge i Guds hender...

«Han leier meg på dei rette stigar for sitt namn skuld.»
Salme 23.3

«Legg din veg i Herrens hand,
lit på han, så skal han gripa inn.»

Salme 37.5





«Om jeg er liten eller stor
så er det best for meg på jord
å høre Jesus til, å gå den vei han vil.
Det er det som gjør meg lykkelig!»

See more mosaic at:

Vener som møtast igjen!

Det er blitt onsdag kveld, og det er som om heile verda er blitt litt mindre....

I går fekk eg kontakt med «Rosita» som eg ikkje har høyrt frå sidan 2007. I ettermiddag møtte eg både henne og ektemannen. Vi gjekk på  kafe, kjøpte noko å drikke og prata saman. Det var veldig kjekt å møte henne igjen, og opphaldet her i Sucre blei med ein gong meir nært.

To vener som møtast igjen! 
Eg har ikkje berre vore her som ein framand turist på ferie, eg har fått vere her og møte igjen ein ven!


onsdag 19. januar 2011

Lysfontene i Sucre!



Byen Sucre har ei lysfontene som vart gitt i samband med eit jubileum. Denne fontena har show om kveldane. Eg var ute og saag pa livet ein kveld og kom ganske tilfeidig over dette showet. Rundt fontena stod det samla masse folk. Stemninga var god, og ut fraa hogtalarane stroymde det flott musikk som vasstraalane dansa til. Her var det berre aa nyte dansande vatn...

mandag 17. januar 2011

Fargerik kulturskatt...

Origenes es Bolivia - espacio cultural
«Espectàculo folklòrico único en Bolivia» 

Bolivia har eit 
mangfald av folkegrupper og kultur. I kvar av dei ulike distrikta/regionane i landet har dei sine eigne klesdrakter og tradisjonar. Laurdag 15. januar var eg på eit flott 2 timar langt show der eg fekk servert middag og kunne oppleve mange av dei ulike dansane som fins i landet. Det kan nemnast at dette var eit typisk turistshow og for å få ta bilete måtte eg betale 50 bolivianos...  og det var det verdt! De kan jo sjå sjølv...









Check out:  
oftograf - «movement - dance» 
Mellow Yellow Monday # 104
Color Carnival #73

and:
Ruby Tuesday
Thursday Challenge «RED»

søndag 16. januar 2011

«Vida y Esperanza»

Liv og håp for framtida...
«Vida y Esperanza»  betyr altså «Liv og håp». Kva er vel livet utan tru og håp? Bibelen seier i Hebrearane 11.1: «Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser. »

Eit ynskje for framtida, ein draum om at nokoskal forandre seg til det betre eller berre så enkelt som det å klare seg sjølv...

Kva slags framtid og håp har born utan foreldre? Dei som blir plassert på barneheim og overlatt til seg sjølv det året dei fyller 18 år?

Livet er urettferdig!
Nokon er født i velståande land og har alle føresetnader for å lykkast i livet. Andre kjem til verda under ringe kår med foreldre som knapt har pengar til maten dei treng for å leve. Kanskje faren brukar pengane på alkohol istadenfor andre viktigare ting? Dødsfall, vald og likanande kan vere årsaker til at born tidleg må klare seg sjølv,  og at for mange går vegen vidare til ein barneheim.

I Bolivia er det mange barneheimar. Ein del av desse borna rømmer eller forsvinn frå heimane og går over til eit liv på gata. Der det handlar om å klare seg frå dag til dag, og der både steling og rusmiddel er ein del av kvardagen. Har desse borna og ungdommane noko dei drøymer om og eit håp for framtida?

Å vere gateborn gir deg ingen rettar i eit samfunn som i t.d. Bolivia. Det er dei som er nederst i systemet. Dei har ikkje skulegong, ingen heim, ikkje dokumentasjon på kven dei er eller kor dei kjem frå. Likevel så er dei menneske og har same rettar som alle oss andre til eit verdig liv.

«Proyecto Nueva Esperanza» / «Prosjekt nytt håp»  samlar inn pengar til «Vida y Esperanza» i Cochabamba. Dei jobbar for å hjelpe born som har fått ein vanskeleg start på livet. Fattige born og dei som har komme skeivt ut fordi dei ikkje har foreldre som kan ta seg av dei og gi dei ein god oppvekst.

Arbeidet Vida y Esperanza gjer i Cochabamba handlar om å gje ei hand til desse borna og vise nestekjærleik i praksis. På dagsenteret som organisasjonen driv får borna undervising, samtalar med oppfylging, lunsjmåltid og leksehjelp. Det handlar om å sjå kvar og ein som eit unik menneske og vere ei støtte for dei på vegen vidare...

Read more about «Project New Hope» Cochabamba, Bolivia.
Les også innlegg frå kvardagslivet i prosjektet: «Eit steg vidare»

Check out:
Weekend Reflections # 69
Scenic Sunday 130
Moody Monday - shapely 
Nina Xi - fotoblogg: inspirasjon & kreativitet - nr 16
Fotokalender 2011 - januar

lørdag 15. januar 2011

Stor glede om eg får møte henne igjen!

Skuggane møter kvarandre i det den eine foten blir sett framfor den andre... 
«På gjensyn!» er eit uttrykk vi brukar på norsk. Det er eit ynskje om å sjå kvarandre igjen. 

Vi møter menneske kvar dag på vegen vi går. Nokon menneske møter vi ofte, andre sjeldan eller berre få gonger i livet. Det er ein forskjell på å møte nokon og å bli kjend med dei...

Utgangspunktet er at alle du møter kan du bety noko for og bli kjend med. Det handlar mest om å ta seg tid. Tid til å sjå den andre, bruke tid saman med han eller henne.

Avstandar gjer fort at det ikkje er like enkelt å halde den kontakten ein skulle ynskje. Sjølv med dagens teknologiske hjelpemiddel er ein nødt til å sette av tid for å halde kontakt. Det går ikkje av seg sjølv.

I 2003 var eg i Sucre på studietur og fekk kontakt med ei gruppe studentar på universitetet her. Ei av studentane hadde eg lenge kontakt med før eg ein gong i 2007 ikkje høyrde noko meir. Sidan eg no er i Sucre så vil eg gjere eit forsøk på å komme i kontakt med henne igjen. Eg tapar ingenting på å prøve...

Gleda over å møtast igjen etter så mange år vil då bli veldig stor tenkjer eg! 


Check out:
Shadow Shot Sunday # 139 

fredag 14. januar 2011

Himmelsk og romantisk i Sucre, Bolivia...

«El Mirador» ligg på ei høgde over sjølve sentrum av Sucre. Dette er eit utsiktspunkt og ein stad for å ta med kjæresten. På ettermiddag- og kveldstid kjem kjærestar, forlova og ektepar hit for å sjå ut over byen i solnedgang... 


torsdag 13. januar 2011

Sucre - Capital de Bolivia...

Sucre er ein mindre by i Bolivia, og er ein av hovudstadane i landet. I La Paz, som også er hovudstad, bur presidenten, medan i Sucre sit den dømmande makta. Tidlegare i historien har det vore veldig kamp mellom desse to byane om makta og statusen som hovudstad.

Fakta om Sucre:
Capital of Bolivia
(Follow the link and read about Sucre in English. French, Arabic, Chinese, Russian, Spanish)
Høgde/altitude: 2710 m.o.h.
Populasjon: Over 210 000 innbyggarar

onsdag 12. januar 2011

Gjett temaet...

Denne veka har eg gått rundt i Sucre med kameraet klart til å ta bilete av motiv frå byen... 

Her har eg valgt ut tre bilete som alle har eit felles tema. 

Kan du gjette kva temaet eg har valgt er? 
Svaret finn du nederst i høgre hjørnet... 





























SVAR: GUDSTRU



Outdoor Wednesday # 105
Wordless Wednesday


tirsdag 11. januar 2011

Om å vere voluntør for Misjonsalliansen!



Ein liten filmsnutt om tidlegare voluntørar i Bolivia!

mandag 10. januar 2011

Dagens lastebil frå Sucre i Bolivia...

Eg ser mangt og mykje når eg er ute på vandring i den store verda. I dag kom eg over ein interessant lastebil... Lastebilen var vel igrunn heilt vanleg. Det var heller fargane og spesielt merkinga som vekte mi interesse og merksemd...  

På lastebilen stod det fylgjande: 

LARS KROKEN A-S
TRANSPORTFORRETNING 
6300 ÅNDALSNES  
                                 Jan
Det tyder med andre ord på at den er køyrt av ein Jan i Noreg, ein gong før den kom til Bolivia.... Kanskje «Jan» kjenner igjen bilen sin?

For meg som nordmann i utlandet får ting som kan relaterast til Norge ekstra stor «merksemd». Sjekk kva andre gir «oppmerksomhet».

MellowYellowBadge

«Kristus kom for å frelse!»

Cochabamba i Bolivia hadde verdas høgaste Jesus-statue, 34, 2 m, før byen Swiebodzin i Polen fekk si statue i 2010.





Brevet til hebrearane

Kristus som øvsteprest

911 Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til. 12 Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle. Og såleis vann han ei evig utløysing. 13 For når blodet av bukkar og oksar og oska av ei kvige gjer heilag og rein i det ytre når det vert skvett på det som er ureint, 14 kor mykje meir skal ikkje då Kristi blod reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar, så vi kan tena den levande Gud! For ved ein evig Ande har Kristus bore seg sjølv fram som eit lytelaust offer for Gud.
   
 15 Så er då Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde, og det vart til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova. 16 Det er med pakta som med eit testamente: Det må stadfestast at den som har gjort det, er død. 17 Det tek fyrst til å gjelda når han døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever.
Jesus-statua ruvar godt i landskapet over Cochabamba by, Bolivia.






Matteus

2750 Men Jesus ropa atter med høg røyst, og så anda han ut.
   
 51 Då rivna forhenget i templet i to frå øvst til nedst. Jorda skalv og berga rivna.



I dag har eg vore på gudsteneste i ei evangelisk kyrkje i Sucre. Temaet som Kjell Einar talte over var at Gud er heilag.

I jula har vi feira at Gud sin son, Jesus, vart fødd inn i verda for å frelse oss menneske frå fortapinga. Etter syndefallet måtte menneska ut av Edens hage, og dermed vart også den nære relasjonen til Gud broten. Då Jesus døydde skjedde det noko som forandra dette. Forhenget i tempelet rivna, og dermed vart vegen inn til det aller heilagste opna. Jesus sona syndene våre ein gong for alle!


Scenic Sunday 129
LEM Photo Challenge - «Different View/Perspective»
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS