Google Website Translator Gadget

lørdag 7. juli 2018

Taubanetur i La Paz

Byen La Paz har eigne taubaner, «Teleferico», som du kan reise med for å komme deg rundt til ulike bydelar. På torsdag prøvde eg ut omtrent alle banene, og det blei eit par timar i lufta til saman. Systemet fungerer veldig bra, og er ein veldig roleg måte å forflytte seg på samanlikna med trafikken gjennom byen.



På fredag var eg på eit treff for nordmenn og bolivianarar med tilknyting til Misjonsalliansen, arrangert av tidlegare utsendingar på ferie i La Paz. På veg til Casa Alianza tok eg den grøne taubanen, «el Teleferico verde», og har laga ein liten video frå turen som kan gi deg eit inntrykk av bydelen Obrajes.





Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...