Google Website Translator Gadget

Viser innlegg med etiketten Jordras i La Paz. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jordras i La Paz. Vis alle innlegg

fredag 15. juli 2011

Glimt frå volontørtida i La Paz, Bolivia - lysbildefilm


Pictures from my time as voluntary in La Paz, Bolivia - 2010/11 from Jan Halvard Edvardsen on Vimeo.

Aniversario - hoy dia es 11 meces desde yo fui a La Paz para trabajar como voluntario en Misión Alianza de Noruega en Bolivia....


torsdag 24. mars 2011

Gåver, gevinstar og gateparade




Desse gåvene delte Misjonsalliansen ut tirsdag 22. mars til dei som har mista sine hus i bydelen Kupini, La Paz, der det gjekk jordras den 26. februar.

Gevinstane som eg vann på ilimitadobasaren, casakvelden 22. mars, til inntekt for Misjonsalliansen sine prosjekt på El Alto.


Gateparade «Dia del Mar», 23. mars, i La Paz.


fredag 11. mars 2011

Velgjerskamp til inntekt for rasoffera i La Paz.


I kveld har eg vore på fotballkamp på stadion Hernando Siles her i La Paz. Denne kampen var ein solidaritetskamp til inntekt for rasoffera som har mista sine hus og heimar her i byen. Billettane eg hadde kjøpt kosta 10,- Bolivianos kvar. Etterkvart som hovudkampen kom igang var det nærmast fullt på stadion, altså nærmare 30 000 tilskodarar. Det vil med andre ord seie at denne kampen drog inn nærmare 300 000 Bolivianos til hjelpearbeidet for dei som har mista husa sine.


Oppvisinga starta klokka 18.00 med kamp mellom journalistar og La Paz. Kl. 19.00 var det klart for den store kampen mellom stjernelaget til Bolivia frå fotball-VM i USA i 1994, med president Evo Morales som gjestespelar, mot eit samansett lag frå dei tre store klubbane i La Paz, The Strongest, Bolivar og La Paz FC.

Fullsatt stadion «Hernando Siles»



Kampen starta bra med ei raskt mål til Bolivia etter omlag 5 minutt. På ei kontring klarte La Paz og redusere og dermed stod det 1-1. Då 45 minutt var spela var stillinga 3-2 til Bolivia-94 og det blei også sluttresultatet. Evo Morales spelte berre første omgang, og markerte seg ikkje veldig mykje i kampen. 



fredag 4. mars 2011

Give to the one who asks you...

Det har gått eit stort ras i La Paz, Bolivia, og fleire tusen menneske har mista hus og heim. Dei som budde i dette området var nokon av dei fattigaste i byen og sit no igjen utan noko. Det er med fortvilelse dei ramma samlar saman sine eigedelar og håpar at dei snart kan få bygge nye hus å bu i. For tida bur mange i telt og skur under åpen himmel.


Thousends in La Paz lost their homes and suffering after the landslide last weekend.
© Jan Halvard Edvardsen

Jeremia 29
11 Jag vet vilka planer jag har för er, säger Herren. Det är goda planer och inte onda, för jag vill ge er en framtid och ett hopp.



Frå rasområdet Valle de Flores i La Paz, Bolivia/ From the landslide of La Paz, Bolivia.
©Jan Halvard Edvardsen
Proverbs 28
27 Those who give to the poor will lack nothing,

but those who close their eyes to them receive many curses.

Salomos ordspråk 28
27 Den som gir til de fattige, lider aldri nød,
men den som lukker sine øyne for nøden,
blir rammet av mange forbannelser.

Isaiah 58
5 Is this the kind of fast I have chosen, 
only a day for people to humble themselves?
Is it only for bowing one’s head like a reed
and for lying in sackcloth and ashes?
Is that what you call a fast,
a day acceptable to the LORD?
6 “Is not this the kind of fasting I have chosen:
to loose the chains of injustice
and untie the cords of the yoke,
to set the oppressed free
and break every yoke?
7 Is it not to share your food with the hungry
and to provide the poor wanderer with shelter—
when you see the naked, to clothe them,
and not to turn away from your own flesh and blood?


Jesaja
58Er dette den faste eg vil ha:
        ein dag då mennesket plagar seg sjølv,
        heng med hovudet som sevet,
        kler seg i botsdrakt og ligg i oske?
        Kallar du dette for faste,
        er det ein dag etter Herrens vilje?
   
  6 Nei, så er den faste som eg vil ha:
        at du løyser dei som med urett er bundne,
        sprengjer banda i åket
        og friar ut dei som er trælka,
        ja, knekkjer kvart åk,
   
  7 at du deler ditt brød med dei som svelt,
        og lèt heimlause stakkarar koma i hus,
        at du kler den nakne som du ser,
        og ikkje sviktar dine eigne.
 

Vil du hjelpe dei som har mista sine hus og heimar i La Paz, Bolivia, kan du sjå 
Misjonsalliansen.no - Sorg, tårer og smerte i La Paz.

Read more about the landslides in Hispanically Speaking News
Landslides and Floods Threaten Bolivia Residents ( VIDEO)

ABC Wednesday - G  is for Give!              
ABC scandinavia - R for Ras
Skywatch Friday                                    Tema Fredag - hopp
Friday Shot Out                                   Himmelsk #25  
Weekend Reflections #76                          My World 

tirsdag 1. mars 2011

Det kan ikkje beskrivast...

Denne helga har det regna masse her i La Paz og natt til søndag gjekk det eit ras i ein av dei fattige bydelane i byen. Mange menneske mista sine hus og heimar med alt dei eigde. Denne hendinga veit eg er gjort kjend i Noreg i fleire medier, og sjølv har eg lese om det i nettutgåver av norske aviser

Dette var ein gong ein bilveg...
Situasjonen er både trist og vanskeleg for dei som no ikkje veit kor dei skal gjere av seg. Dei prøver å gjere som best dei kan og dreg tilbake til området der husa stod for å leite etter eigedelar som dei kan bruke. 
Eg fekk vere med ein delegasjon frå Misjonsalliansen på synfaring i området i dag. Der var det masse folk i arbeid med å bære ut ting. Det er om og gjere å utnytte det alt dei kan bruke fordi desse folka står igjen utan noko, og då har alt ein verdi. 

Regn og overfløyming har den seinare tida gjort mange i Bolivia huslause. Og det er ofte dei fattigaste det går ut over. Dei har ikkje råd til å byggje husa sine kor dei vil, og må gjerne ta til takke med område som det ikkje er trygt å bygge i. Og når valget står mellom å ha eit hus eller å ikkje ha eit hus så er det ikkje tryggleiken som blir prioritert.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...