Google Website Translator Gadget

Viser innlegg med etiketten Turistattraksjonar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Turistattraksjonar. Vis alle innlegg

mandag 19. august 2013

Tiwanaku - "steinen i verdens midte"


Skjermbilete frå dokumentarserien "Lost Kingdoms of South America".

I dag blei første program i ein britisk dokumentarserie om Sør-Amerika si ukjende historie sendt på NRK2. Dette programmet handla om restane av den imponerande tempelbyen Tiwanaku i dei bolivianske Andesfjella og som blei forlatt for omlag 1000 år sidan.

Programmet blir sendt i reprise i morgon, 20.08.2013 kl. 23:50 på same kanal, NRK2. Det er også tilgjengeleg på NRK nett-tv fram til 28. augus, og de finn det her: http://tv.nrk.no/serie/soer-amerikas-ukjente-historie/koid21005013/19-08-2013

Skjermbilete frå serien "Lost Kingdoms of South America", sendt på NRK2 19.08.2013

mandag 10. desember 2012

fredag 22. juni 2012

Til ettertanke i sommarsola...

Sacré Coeur, Paris 2012 © Jan Halvard Edvardsen

Det er sommar, juni, og for mange lønnsmottakarar kjem både feriepengar og skattepengane i denne månaden. Ferien er snart igang, og pengane kjem godt med. Kva med å reflektere litt over livet no som ein kan senke skuldrene... 


Per Fuggeli har skrive ein tankevekkande og interessant kommentar i Stavanger Aftenblad med overskrifta «Pengene eller livet?» Denne er det vel verdt å lese, iallefall om sommarvéret skulle vere litt ruskete ein dag og du ikkje veit kva du skal ta deg til....


God sommar!


Sacré Coeur, Paris 2012 © Jan Halvard Edvardsen




tirsdag 1. november 2011

La calle mayor en Oslo - Karl Johansgate

Our World Tuesday
Karl Johansgate, Oslo - 31.10.2011

mandag 31. oktober 2011

Alcaldia de Oslo

Oslo rådhus, 31. oktober 2011

søndag 23. oktober 2011

søndag 2. oktober 2011

Frå minneboka - eit år sidan sykkeltur på «Dødsvegen»

El fetcha 2 de octubre el año pasado yo fui el «Camino de la Muerte» en bicicleta. Una dia muy rico en recuerdos...


Tidleg morgon - klar og utstyrt for å sykle ned «dødsvegen- frå 4700 m.o.h. - 1200 m.o.h. 





Camino de la muerte, Bolivia

Dødsvegen, Bolivia











Og her er ein videosnutt frå sykkelturen. Eg er med i baktroppen....


På sykkel ned «dødsvegen» i Bolivia from Jan Halvard Edvardsen on Vimeo.

fredag 27. mai 2011

«Monolitten»


Den kjende «Monolitten» strekk seg høgt mot himmelen i Vigelandsparken, Oslo.

«Monolitten» es otra muy connocido escultura del parque escultura Vigeland en Oslo. 

torsdag 26. mai 2011

«Sinnataggen»

Sculpture called «Sinnataggen» from the Vigeland Sculpture Park in Oslo, Norway. It's one of the most famous sculptures in this park. 

onsdag 25. mai 2011

Attracción de Noruega - Vigelandsparken, Oslo

Då eg var ein tur i Oslo tidlegare i månaden gjorde eg som turistane og besøkte Vigelandsparken. Her er masse flotte statuer og skulpturar, i tillegg til at det jo ein veldig fin park. Over er bilete av den fine fontena midt i parken.

Informacion en espanol: Parque de esculturas de Vigeland

mandag 7. mars 2011

Karnevalslydar...

Sjå:

Oruro 2011 - Carnaval




Fleire bilete frå «Carnaval de Oruro» ser du nederst på bloggen min! /
For more pictures of «Carnaval de Oruro» scroll to the bottom of the page!

Check out:

mandag 7. februar 2011

I bakgården på 100 Bolivianos-seddelen.

Universidad San Franncisco Xavier de Chuquisaca, Sucre.
Universidad San Franncisco Xavier de Chuquisaca, Sucre.


På »hundrelappen» her i Bolivia er det bilete av Universitetet i Sucre. De som ser godt etter vil finne ut at biletet øverst er same bygningen som på seddelen. Det betyr altså at i den bakgården har eg vore... 
Misjonsalliansen Mision Alianza de Noruega en Bolivia Mission Alliance volontør høst 2010 vår 2011 Norge Noreg Den norske misjonsallianse La Paz Bolivia Casa Alianza Obrajes Calle 10 Jan Halvard Edvardsen informasjon informaciones Evje og Hornnes kommune Aust Agder fylke Byglandsfjord trykker trykkar grafisk ingeniør foto copyright ©

tirsdag 1. februar 2011

Isla del Sol y Lago Titicaca

Lørdag og søndag var eg på Isla del Sol, ei øy i Titikakasjøen. Her var det strand og idyll. Vi tok båt til nordsida og der åt vi lunsj før nokon tok eit bad. Deretter gjekk vi over øya til sørsida i eit flott naturlandskap.

Isla del Sol - norte
Isla del Sol - playa norte
Camino - norte al sur
Hostal Puerta del Sol - sur

Muy buena vista... Lago Titicaca
Check out:

mandag 31. januar 2011

Copacabana - sol, sommar og sjø.

Denne helga drog omtrent heile gjengen med volontørar og studentar frå Casa Alianza på tur til Copacabana.  Byen Copacabana ligg ved Titikakasjøen i Bolivia og er ein stad der både turistar og nasjonale reiser for å slappe av og oppleve noko anna. 

Copacabana, Bolivia
Fredag 28. januar kl. 07.15 drog første pulja med taxi til «Cementario» der bussane til Copacabana går i frå. Vi var ein gjeng på 7 unge norske menn og kvinner. 








Etter ein busstur frå La Paz på omlag 3, 5 timar var vi framme i sjølve Copacabana. På vegen kryssa vi også Titicacasjøen med ferje og båt. Bussen køyrde då på ei ferje som liknar ei flåte, medan passasjerane vart frakta i båtar over sundet. 

Vel framme i byen fann vi oss ein lokal restaurant og kjøpte varm lunsj med suppe, hovudrett og dessert for 15 Bs. Klokka var berre rundt 12, middag, og vi skulle ha heile dagen i byen. Det neste vi gjorde var å finne eit hostel der vi fann rom for natta.

Kva skulle vi så finne på i Copacabana? No var vi jo ved verdas høgastliggande innsjø på 3812 m.o.h. Ved denne sjøen held marinen i Bolivia til. Sidan landet ikkje har noko eiga kystlinje mot havet, er det her dei må øve og forsvare seg. Grensa mellom Peru og Bolivia går gjennom Titikakasjøen.

Båten vi drog på tokt med på Titikakasjøen...
Heile gjengen tok ein båttur ut på denne kjende innsjøen. Vi drog ut på tokt til ei kunstig øy. Der fekk vi landgang mot å betale 2 Bs og frå denne øya gjekk vi opp på eit utsiktspunkt. Derifrå fekk vi ein opplevelse av kor stor denne innsjøen er. Etter ein halvtimes tid i rolege omgivnader tok båten oss tilbake til Copacabana.

På kvelden før sola gjekk ned, tok vi turen opp på ein topp. Her fekk vi oversyn over byen og såg sola som var på veg ned i horisonten. Det var middagstid så deretter bar det ned til eit betre hotell der dei skulle ha god mat i følgje «Lonely Planet» si reisehandbok for Bolivia.

Vi blei sittande eit par timar og ete. Nokon valde fisk medan andre tok ostefondue til middag og sjokoladefondue til dessert.

Havna i Copacabana i det sola er på veg ned.

mandag 24. januar 2011

Cementerio General - «stige» opp mot himmelen...

Cementario General - Sucre, Bolivia


Etter å ha vore i Sucre nærare tre veker sit eg igjen med ein del inntrykk. Eg har møtt ein del forskjellige folk i byen. Fleire gongar har det kome bort til meg selgarar og skopussarar som gjerne vil at eg skal gjere ein handel med dei. Skopussarane gir seg ikkje sjølv når eg seier at eg ikkje treng noko skopuss. Dei slitte fritidsskoa mine treng det ikkje. Samtidig så ville jo det å pusse skoa sine, sjølv om det ikkje er  finsko, kunne vere med å hjelpe nokon... 

Eg er ganske imponert over kor kreative folk er for å skaffe seg inntekt. På gravplassen i Sucre er det fleire ulike tjenester som blir tilbudt. 

For turistar er det ungdom som tilbyr guiding rundt på gravplassen og fortel om dei viktige personane som er gravlagt der. 

Dei lokale som har slekt eller familie gravlagd kan utanfor inngange kjøpe med blomar til grava. Innanfor porten er det born ned i 8- 10 årsalderen som tilbyr stige. Gravene er nemleg bygd over bakken og for å komme opp til dei øverste må ein ha stige. 

På benkane innanfor området sit også kvinner og menn som tilbyr "oracion", altså bøn. Om det er bøn for dei døde eller til dei døde det veit eg ikkje...

I det store og det heile så er det mange som skaffar seg eit levebrød gjennom å tilby ulike former for tjenester. 

Check out:




mandag 17. januar 2011

Fargerik kulturskatt...

Origenes es Bolivia - espacio cultural
«Espectàculo folklòrico único en Bolivia» 

Bolivia har eit 
mangfald av folkegrupper og kultur. I kvar av dei ulike distrikta/regionane i landet har dei sine eigne klesdrakter og tradisjonar. Laurdag 15. januar var eg på eit flott 2 timar langt show der eg fekk servert middag og kunne oppleve mange av dei ulike dansane som fins i landet. Det kan nemnast at dette var eit typisk turistshow og for å få ta bilete måtte eg betale 50 bolivianos...  og det var det verdt! De kan jo sjå sjølv...









Check out:  
oftograf - «movement - dance» 
Mellow Yellow Monday # 104
Color Carnival #73

and:
Ruby Tuesday
Thursday Challenge «RED»

fredag 14. januar 2011

Himmelsk og romantisk i Sucre, Bolivia...

«El Mirador» ligg på ei høgde over sjølve sentrum av Sucre. Dette er eit utsiktspunkt og ein stad for å ta med kjæresten. På ettermiddag- og kveldstid kjem kjærestar, forlova og ektepar hit for å sjå ut over byen i solnedgang... 


torsdag 13. januar 2011

Sucre - Capital de Bolivia...

Sucre er ein mindre by i Bolivia, og er ein av hovudstadane i landet. I La Paz, som også er hovudstad, bur presidenten, medan i Sucre sit den dømmande makta. Tidlegare i historien har det vore veldig kamp mellom desse to byane om makta og statusen som hovudstad.

Fakta om Sucre:
Capital of Bolivia
(Follow the link and read about Sucre in English. French, Arabic, Chinese, Russian, Spanish)
Høgde/altitude: 2710 m.o.h.
Populasjon: Over 210 000 innbyggarar

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...