Google Website Translator Gadget

søndag 31. oktober 2010

Ei borg og ein mur

Salomos ordtøke 
18
11 Rikmanns gods er hans faste borg,
i hans tanke er det som ein høg mur.

Proverbios 18

11 El rico cree que sus riquezas
son una ciudad protegida por altos muros.

Proverbes 18

11 La fortune est pour le riche une ville forte; 
Dans son imagination, c`est une haute muraille.

Ein solrik laurdag i La Paz!

Festkledde
I dag vakna eg nok ein dag til blå himmel og sol. Og når sola står på sitt høgaste så blir det godt og varmt her. Då er skyggen god sjølv om det ikkje er like lett å finne ly for sola når den står på sitt høgaste og omtrent 90 grader på bakken. 

Dagen starta med litt opprydding og ordning etter turen til Caranavi denne veka. Og då klokka var rundt 10.30 gjekk eg ned i hovudgata og tok ein mikrobuss opp til sentrum. I dag hadde eg planar om å framkalle nokon digitale bilete på papir og så ville eg sjå om eg fann gata der alle elektronikkbutikkane heldt til, "Eloy Salmon". 

Det er slik her i byen at butikkane som sel elektronikk er samla i ei gate. Slik er det med andre varer også. Ei gate har til dømes berre forretningar der dei sel bildelar og anna bilrekvisita. Slik er systemet, om det kan kallast eit system. Iallefall så må ein vite kor butikkane som har det ein er ute etter held til. 

I ein fotoforretning på Pradoen fekk eg framkalla bileta mine på ca ein halv time. Og medan eg venta tok eg meg ein lunsjpause på "Alexander Coffee". Då eg kom ut i gata etter lunsj såg eg rett over på kyrkjetrappa der det stod eit brudepar i døropninga. Og så blei eg ståande å sjå litt på kva som skjedde der før eg gjekk og henta bileta mine.

Brudevals på kyrkjetrappa...
Eg brukte litt tid på å finne fram til gata med elektronikkbutikkar. På vegen kom eg inn i eit stort marked der dei selde masse forskjellige typar matvarer, grønnsaker, frukt, fisk, krydder og ein del andre varer som det kan vere kjekt å ha...

fredag 29. oktober 2010

Bil og bilskilt...

Eg har tidlegare nemnd i saka om bil og trafikk at eg har sett politibilar i La Paz køyre utan registreringsnummer. Eg spurde spansklæraren min kvifor det er slik, og fekk til svar at politiet ikkje treng skilt fordi det er dei som passar på at lovene blir fulgt. 


Då eg denne veka var i Caranavi, var det nesten fleire bilar utan skilt enn det var med. På sett og vis eit slags ville vesten, der det skjer litt forskjellig, og kor folket har sine metodar...

For vel eit år sidan var det uro som førte til at politiet forsvann ut av byen. Og då vart også politiskulen i Caranavi stengd. I lengre tid har området vore utan politi, og dermed har det heller ikkje vore nødvendig for folk å tenke på at bilen skal ha skilt med registreringsnummer. Bilen går jo like godt utan...  Og når politiet som skal handheve lova ikkje er tilstades, kan det sjå ut som folket gjer ting på sin eigen måte.

Sjølv om politiet no har komme tilbake var dei ikkje synlege i gatebilete dei dagane eg var der. Og bilar utan skilt såg eg både her og der...

Turist i Caranavi

Dagen for å reise tilbake til La Paz etter nokon varme og fine dagar i låglandet. I dag var opplegget å vere turistar og sjå litt av naturen i dette området før avreisa. Misjonsalliansen i Caranavi stilte med sjåfør og bil for å ta oss med dit ingen skulle tru at det var ein flyplass... 

Det er blå himmel og sola står nesten på det høgaste. Eg er i eit tropisk område med høg luftfuktighet, og det merkast på kroppen. Det er til og med mygg og større innsekt som flyg rundt. Nokon av dei bit frå seg og lagar små merke på huden, og etterkvart begynner det å klø.  Eg har fått nokon stikk dei siste dagane og det rare er at eg har ikkje observert ein einaste mygg når dei har stukket til. Plutseleg var det berre eit stikk!

Vi køyrer mot landsbyen Santa Fe, og like før tek vi av nedover mot elva. Nede ved elva er det ei hengebru som det nesten er utruleg at vi skal køyre bil over. Det sit ei dame ved brua som skal ha bompengar for å køyre over, og sidan ho ser at det er turistar i bilen vil ho ha meir enn vanleg. Sjåføren vår er ikkje einig og fortel at det er Misjonsalliansen, og så gir han henne ein sum og vi køyrer vidare. 

Like før vi kjem til ei ny bru, tek vi av frå vegen og ned til elva. Der renn friskt og klart vatn nedover. Og i lufta flyg det sommarfuglar og andre innsekt som eg får tatt bilete av i strandkanten. Deretter køyrer vi litt vidare, over brua og ned på andre sida av elva. Sjåføren fortel at det er ein flyplass... Ein open plass midt i skogen, der det nok er mogleg å lande med eit lite fly. På denne rolege plassen budde det også nokon folk som hadde ansvaret for å sjå til bygningane og området.


torsdag 28. oktober 2010

Kva skjer i Caranavi?

Her er bilete frå noko av det eg har fått med meg tirsdag og onsdag denne veka!


tirsdag 26. oktober 2010

På tur til Caranavi!

Denne veka skal eg på tur til ein stad som heiter Caranavi. Det ligg i låglandet, i La Paz fylke.


View Larger Map

Her er bilete frå det eg var med på då vi kom fram til Caranavi. Vi starta med å sjå ein ny vasstank som Misjonsalliansen har støtta bygginga av. Frå denne tanken fekk litt over 200 familiar i Santa Fe vatn heim til sine hus. Etterpå var vi med på besøk til 16 husstandar som var tilknytta eit prosjekt i samband med å bygge toalett og lage til ein plass for å vaske klede. Sjølve toalettbygningen var stort sett ferdig hos dei fleste. Det som mangla var å innrede, og i tillegg så måtte det gravast ein septikktank, eit hol i bakken, som skulle vere tre meter djupt. Vi hadde med oss leiaren for komitéen, ein av læraren på skulen, og to arbeidarar som hadde jobba med å mure opp bygningane. Det var ein innspeksjon av kor langt arbeidet var komme for at dei ansvarlege i Misjonsalliansen skulle få ei oversikt og kunne pushe på for å få ferdig arbeidet.


søndag 24. oktober 2010

Søndag - kviledag og tid for ettertanke!

25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
   
 28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»


Livet er ikkje berre enkelt og greit. Av og til strevar eg og møter motgang. Eg får ikkje livet til slik eg ynskjer og håpar. Det kan vere noko som er trist eller leit. Kanskje er det ein skremmande opplevelse? Eller det kan vere noko som skal presterast, og som er både vanskeleg og utfordrande. Korleis møter eg dette?

Å vere lys nordmann i Bolivia betyr at eg skiljer meg ut. Folk kan sjå på meg at eg ikkje er heilt som dei fleste andre her. Eg er høgare enn gjennomsnittet for menn her og skiljer meg ut på den måten også. I tillegg vil folk høyre at eg ikkje snakkar språket som ein innfødd når dei tek kontakt, eller eg skal seie noko.

"Gringo" kan eg bli kalla her. Ikkje eit heidersord. Heller ein merkelapp som tydeleg viser at eg ikkje er heilt som dei andre. Og i tillegg så er det slik at det lyser rikdom og pengar av meg. Det er jo slike som eg som sit på pengane og som igjen har makta.

To gonger til no har eg opplevd at det knyter seg skikkeleg inni meg. Den ubehagelege kjendsla av å vere annleis. Det at folk ser på meg som betre enn det dei sjølv er, fordi eg kjem frå eit av verdas rikaste land. Fordi eg er frå eit land som har pengar... Det gjer vondt å oppleve at eg får ei heilt anna rolle fordi eg har pengar og har råd til å kjøpe meg det eg treng av materielle ting. Eg kan jo ikkje noko for at eg er fødd og oppvaksen i Norge. Like lite som folk her har styrt at dei kom til verda i Bolivia.

Kvar dag sit det folk på gata som sel eit eller anna. Dei fleste er kvinner, og det dei sel har dei med seg i eit knytte på ryggen. For mange ei tung bør, men samtidig uvurderleg for å kunne klare seg. Det er den børa som er grunnlaget for pengane dei kan tene til det daglege brødet og andre nødvendige ting. Hardt arbeid, og lange dagar. 

Eg vil nok ikkje nokon gong klare å forstå fullt ut korleis det er å vere fattig. Alt eg treng og meir til kan eg kjøpe meg. Pengane mine har fått større verdi her fordi prisnivået er lågare enn i Norge. Eg kan leve fantastisk godt, men samtidig så vil rikdommen skilje meg frå folket. Avstanden vil bli større, og eg må gjerne bruke mykje av rikdommen på å beskytte meg og det eg eig mot plyndring. Bygge ein mur og halde meg innanfor for å vere mest mogleg trygg. Det trur eg ville blitt eit liv utan smil og i frykt for å miste det eg har. 

Smilet og hjartevarmen hos folket her kan ikkje kjøpast for pengar. Og å få oppleve den gleda som finst over dei små tinga,  t.d. å selge nok til å klare seg gjennom dagen, gjer noko med meg. Eg tenkjer at den usynlege børa eg går rundt med kan vere vel så tung som knyttet til gateselgarane. For eit ansvar det er. Eg kan velge å gå fort forbi kvinna på gata, ho som rettar handa mot meg og ber om pengar. Eller eg kan stoppe opp, legge ein mynt i handa hennar og gå roleg vidare...

Estimados amigos!

Buenos noches! Como estas?

Yo estoy aprendiendo castellano y quiero aprender mas! Eso es porqué yo pruebo escribir un poco en castellano aqui.

Quiero compartir algunos versiculos de Sagrada Biblia; Mateo, capitulo 6, versiculos 33 - 34:
33 Mas buscad primeramente el reino de Dios y su justicia, y todos estas cosas os serán añadidos. 34 Asi que, no os afanéis por el dia de mañana, porque el dia de mañana traerá su afán. Basta a cada dia su propio mal.

Atentamente
Jan Halvard

fredag 22. oktober 2010

Utfordrar deg til å støtte innsamlingsprosjekt!

Eg har bestemt meg for å støtte prosjektet til Per Ambjørn og vil gi 100,- Nkr for kvart fag han står i til jul. Og så vil eg utfordre deg til å vere med og støtte prosjektet med ein større eller mindre sum. "Mange bekker små, gjør en stor å!" 


Tek du utfordringa?
Send ein e-post merka: «Innsamling/motivasjon» til Per Ambjørn; (pah_hvarnes(at)hotmail.com), og fortel kva sum du vil støtte prosjektet med for kvart fag han står i. Når semesteret er slutt får du vite korleis det har gått og betalar inn deretter. Eksempel: Vel du å gi 50,- kr for kvart beståtte fag, blir den totale summen 300,- kr dersom han klarar alle seks faga, 50,- kr pr. fag x 6 fag bestått.


Les meir om prosjektet her: ilimitado.no
Bloggen til Per Ambjørn: peramisoram.blogspot.com
Informasjon om Misjonsalliansen og prosjekta deira i Bolivia: misjonsallansen.no

torsdag 21. oktober 2010

Innsamlingsprosjekt til Misjonsalliansen!

Per Ambjørn med tommelen opp for Misjonsalliansen!
I dag har eg skrive ei sak om den norske utvekslingsstudenten Per Ambjørn Haga Hvarnes som har starta eit innsamlingsprosjekt til støtte for Misjonsalliansen. Eg oppmodar deg til å lese saka og støtte prosjektet han har satt igang! 








Pakke i posten!

Dagen i dag starta eg med å gjere ein del praktiske ting. Kleda må vaskast innimellom, mat må kjøpast inn og oppvasken må takast etter at ein har ete. Først starta eg med ein frukost som inneheldt tre knekkebrød med ost, te og juice. Det er nokon dagar sidan eg har vore på butikken, så eg hadde ikkje meir brød igjen. 

Etter maten, tok eg meg tid til å ta ein grundig oppvask. Der stod nemleg ein stor haug av skitne fat, koppar, skåler og bestikk i oppvaskkummen. Og for at eg skulle få vaska opp koppen, glaset og bestikket eg sjølv hadde brukt var det heilt nødvendig å ta i eit tak. Haugen hadde nok berre vakse seg større heilt til Berta hadde komme inn og satt igang, dersom eg ikkje gjorde noko. Og det hadde vore heilt feil, for oppvask er ikkje Berta si oppgåve!

Det er nok litt forskjellig kor mykje oppvaks vi på "herreavdelinga" har ståande. Eg bit meg merke i at dersom ein berre set det skitne i kummen og tenkjer at ein skal ta det seinare, så veks den haugen ganske så fort. Og for den som då kjem seinare, blir det dobbelt arbeid å vaske opp. Først må alt som står i oppvaskkummen takast ut, slik at ein kan fylle i vatn. Og når ein startar å vaske det ein sjølv har brukt, kan ein like godt ta alt det andre med det same. Det er nok sant som det blir sagt i ordtaket: "Gamal vane er vond å vende!" Og har du ikkje gjort det til ein vane å ta oppvasken med det same du har ete innan fyllte 6o år, så forandrar ikkje det seg. Derfor vil eg i dag oppmode deg som enno kan om å velge gode vanar du kan ta med deg inn i ungdommens alderdom.

Eg fekk som nemd også gjort nokon fleire nyttige ting før klokka blei 11.30 og eg reiste til kontoret i sentrum for å arbeide. Mellom anna bytta eg skolisse i den eine skoen min, fordi den var utslitt. Eg var så heldig å finne eit par bodar på El Alto der dei selde skolisser på søndag. Og sidan eg ikkje viste kor lange eg måtte ha dei, så var det berre å kjøpe nokon og prøve seg fram. Heldigvis var den eine typen lang nok, og eg var godt fornøgd.

Arbeidet i dag har vore å skrive ein sak om basaren vi hadde på huset, Casa Alianza, førre tirsdag. Og den saka blei lagt ut på Ilimitado før eg gjekk heim for dagen. Men arbeidsdagen min starta med ein varm lunsj på Cafe Beirut, saman med utsendingane Monika og Torborg. Og mat er veldig godt når ein er svolten, det merka vi iallefall då vi måtte vente litt før maten var klar.

Spanande med pakke!
Då vi gjekk ut for å ta lunsj fekk eg vite at det hadde komme ei pakke til meg. Spanande! Det var jo ikkje heilt overraskande, for eg viste om at nokon hadde sendt meg noko. At det skulle ta mindre enn ein månad var jo veldig gledeleg. Det betyr jo at postvesenet har gjort ein god jobb, sjølv om det nødvendigvis ikkje er slik at at alle pakkar kjem fram på den tida. Eg venta med å pakke opp til eg var tilbake på rommet mitt, og innhaldet var heilt og utan skade av noko slag. Og sidan eg har fartstid frå Posten - Norge, må eg derfor sende ei stor takk til dei som har vore med å få pakka fram til meg i Bolivia.

onsdag 20. oktober 2010

Livet på Casa Alianza!

Her i Bolivia bur eg på Misjonsalliansen sitt gjestehus som heiter Casa Alianza. Vi er ti volontørar her og ni av oss bur i øverste etasjen. Her er ei leilegheit for jentene og ei for gutane. 

Eg bur på dobbeltrom, og det går veldig bra. På avdelinga "El Alto" som leilegheita eg bur på heiter, har vi elles ein kjøkkenkrok, ei stove og eit toalett/bad. Standarden er veldig bra, det er til og med internett. I andre etasjen på huset er det ei større stove med masse bøker, tv/dvd-spelar og stereoanlegg.  Det er også eit datarom i den etasjen.

Ein typisk frukost for meg på Casa Alianza.
På Casaen jobbar hushjelpene Berta og Mari Luz som tek seg av reingjering. Dei reingjer på rom og skiftar sengetøy med jamne mellomrom. Når dei er på jobb bur dei på Casaen og jobbar ei veke i strekk og så har dei ei veke fri.

Mat og drikke må vi volontørar ordne oss med sjølve. Grovt brød som i Norge er ikkje noko vi får tak i på butikken her. Brødet er lyst på størrelse med rundstykker eller horn. Min frukost inneheld gjerne eit rundstykke, ein kopp med te, juice og ein youghurt. Lunsj og middag er litt meir variert. Når eg er på arbeid et eg lunsj der, eller vi går ut i sentrum. Middag hender det at eg kjøpar meg på ein restaurant, eller så lagar eg noko enkelt. Det går lett i pasta og suppe.

På tirsdagane frå kl. 19.00 til 21.00 er det obligatorisk casa-kveld for oss volontørar. Då har vi ei samling og det blir tatt opp ulike tema eller vi har andre tilstellingar. I kveld får vi besøk av den norske representanten her i Bolivia, og han skal fortelje om kvifor Norge er representert her og kanskje noko om den politiske situasjonen.

tirsdag 19. oktober 2010

Gratulerer med dagen, Hilde Kristin!

Hilde Kristin med gebursdagskaka mi!
I dag har eg feira gebursdagen til Hilde Kristin saman med dei andre volontørane her på Casa Alianza. Hilde Kristin blei 23 år, og vi var på ein finare restaurant og åt middag med dessert. Det var veldig god mat og koseleg å sjå igjen ein del av dei andre volontørane som har vore ute på reise i helga. 

Det er blitt ein tradisjon for oss voluntørar at vi feirar gebursdag med kake og ein betre middag på ein restaurant om kvelden. Og det er bra å markere dagen sin saman med nokon, når ein då ikkje har familien sin rundt seg. Det er viktig å ta vare på tradisjonar også, sjølv om ein er på heilt andre sida av jorda.

Sjølv er det ikkje så lenge sidan eg blei vekt med gebursdagssong på senga og kake til frukost. Og det var kjekt! Til og med gebursdagspresang frå både spansklæraren og ei eg har blitt kjend med i kyrkja på El Alto. Gledeleg overrasking! Spansklæraren min ringte meg tidleg på morgonen og song ein spansk gebursdagssong som måtte syngast om morgonen. Kjekt å bli satt pris på, og moro å ha noko å feire!

mandag 18. oktober 2010

Søndagens tekst i Iglesia Nacional Cristo - Seminario Biblico

Hebreos 10. 35 - 11.1
35 No perdáis, pues, vuestra confianza, que tiene grande galardón; 36 porque os es necesaria la palencia, para que habiendo hecho la voluntad  de Dios, obtengáis la promesa. 37 Porque aún un poquito, y el que ha de venir vendrá, y no tardará. 38 Mas el justo vivirá por fe; y si retrocediere, no agradará a mi alma. 39 Pero nosotros no somos de los que retroceden para perdición, sino de los que tienen fe para preservación del alma. 


Capitulo 11
1 Es pues, la fe la certeza de lo que se espera, la convicción de lo que no se ve.



Hebrearane 10.35 - 11.1
35 Kast ikkje bort frimodet dykkar! Det gjev stor løn. 36 De treng tolmod, så de kan gjera Guds vilje og vinna det som er lova. 37 For enno er det berre ei lita stund, så kjem han som koma skal, og han skal ikkje drya. 38 Min rettferdige skal leva ved tru; men dreg han seg unna har eg ikkje hugnad i han. 39 Men vi er ikkje av dei som dreg seg unna og går fortapt, men av dei som trur og bergar si sjel.


Kapittel 11
1 Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser.


søndag 17. oktober 2010

Bryllaupsdagen som blei til sørgedag.

For 8 dagar sidan spurde Maria om eg ville komme i eit bryllaup den 16. oktober på El Alto. Og eg svarte jo sjølvsagt at det ville eg gjerne, for det er jo spanande å oppleve korleis slikt foregår her i Bolivia. Så i dag var altså dagen då eg skulle i eit bryllaup der eg ikkje kjente brudeparet. Det i seg sjølv syns eg var interessant og spanande. Men berre det å bli invitert var jo ei ære. 

Tidlegare i veka leverte eg inn finskjorta og den beste buksa mi til vask og stryking på eit vaskeri i nærleiken av her eg bur. Bryllaup er jo ein fest, så då er det jo vanleg å kle seg i det beste ein har. Sjølv dei som er fattige har finklede som berre blir brukt ved spesielle tilhøve.

Pradoen - ei "øy" for gåande, med både benkar, fontener og grøne flekkar, der biltrafikken går på kvar side.
Eg hadde avtale om å møte Maria i sentrum av La Paz kl. 13.00. På grunn av ein del trafikk frå Pradoen og det at microbussen eg tok ikkje køyrde spesielt fort, vart eg omlag 8 minutt forseinka. Det er slikt som ein kan rekne med, og derfor er det lurt å berekne litt ekstra tid til transport når ein skal noko. Elles så er kulturen her også slik at avtalar ikkje er heilt på tida. Det er vanleg å måtte vente både litt og mykje i enkelte høve. Samanlikna med boliviansk kultur så var det nesten heilt normalt at eg kom litt for seint, trur eg.

Det første Maria sa då eg møtte henne var at pappaen til brudgommen hadde "gått opp til himmelen". Eg forstod ikkje heilt kva ho meinte først, men så forklarte ho at det var sorg i familien til brudgommen fordi pappaen døydde rundt kl. 05 i dag tidleg. Sørgeleg og trist på ein dag som skulle vere ein festdag. Og på grunn av dette er bryllaupet utsatt til i mars 2011. Korleis blir det tru? For her i Bolivia har folk ein tanke om at det er best å gifte seg i partalsår. Derfor er det masse bryllaup i år, medan det neste år er færre..

Etter å ha fått denne sørgelege beskjeden blei det til at Maria og eg gjekk ein tur til "Parque Urbano" og prata ei heil stund om forskjellige tradisjonar rundt bryllaup og gravferd i våre to land, Bolivia og Norge. Og sjølv om det ikkje blei bryllaup så har eg iallefall fått prata ein heil del spansk med Maria. Øvelse gjer meister heiter det, så då håpar eg at eg har lært noko i dag også.

"Qiero aprender mucho castellano!"

JA JA JA - eit positivt innslag for ein nordmann i Bolivia. "SI SI SI" en castellano.

lørdag 16. oktober 2010

Internasjonalt

Jordan tannkost kjøpt i Norge og Wisdom tannkost kjøpt i Bolivia.
Vi lev i ein internasjonal marknad der varer går på kryss og tvers av landegrenser. På biletet ser de eit eksempel på eit produkt som viser det.

Importerte varer her i Bolivia er omtrent like dyre som i Norge. Tannkosten eg har kjøpt her kosta meg 28 Bolivianos, noko som er dyrt samanlikna med lunsjmåltidet eg åt i dag som kosta 14 Bolivianos. 

Mandagstema - Likhet


fredag 15. oktober 2010

Bil og trafikk...

Grå mini og blå micro side om side
Som nordmann møter eg store forskjellar med tanke på bil og trafikktilhøva her i landet. Berre det å krysse ei gate kan vere eit større prosjekt. Pass deg for bilane, og sjå deg til høgre og venstre mange gonger. For her er det ikkje slik at bilane stoppar for å sleppe fotgjengarane over vegen...


Denne veka har eg sett to politibilar utan skilt med registreringsnummer. Det skurrar litt i mitt hovud. Er det slik at dei som skal handheve loven ikkje sjølv treng å følgje loven? Eg har tidlegare sett bilar, eller mest minibussar, utan registrering, men politibilar er litt meir spesielt. For alt eg veit kan det ha vore den same bilen eg har sett to dagar, sjølv om det gjerne skal litt til.

Kollektivtransporten her fungerar ganske så bra, sjølv om det er uvisst når micro eller minibussen kjem. Her køyrer masse Toyota Transit med plass til 14-15 passasjerar i rutetrafikk. Og i døra sit ofte ein innropar, som skrik ut kor dei skal og kva turen då kostar. Vanleg pris er mellom 1 og 2,50 Bolivianos. Det avheng noko av kor langt du skal og kva tid på døgnet det er. Kursen for 1 Bolivianos ligg på mellom 0,80 og 0,90 norske kroner. Det går også an å ta micro, og det er sånne gamle skulebussar som ein har sett på film frå USA. Dei har fast pris og kostar 1 Bolivianos uansett kva tid på døgnet det er.

Det å reise kollektivt med mini frå Casa Alianza og oppover til El Alto er ein opplevelse i seg sjølv. Eg har reist nokon turar slik, og det fungerar bra. Ein må berre rekne litt god tid, i tilfelle ein ikkje finn ein mini med ein gong. Og når det først kjem ein, så kan det hende at det kjem ein like etterpå. Så det er ikkje noko fast mønster eller system på dette. Her kjem bussen når den kjem, og sidan det er mange som køyrer slik er det ikkje så ofte ein må vente veldig lenge.

torsdag 14. oktober 2010

Til ettertanke...

I dag har eg vore med på eit fadderarrangement i landsbyen Sorata, 3 timar nord for La Paz. Alle borna på skulen med lærarar var samla på fotballbana for å vere med. 

Det handla mykje om å informere ungane om Misjonsalliansen, og kvifor det var nokon som tok bilete av dei. Det blei fortalt at bileta blei sendt til Norge fordi der var det folk som gav pengar jamnleg. Då dette blei sagt slo det meg kor urettferdig denne verda er, og eg blei litt sint. Det eg forstod av det som blei sagt var at i Norge hadde folk pengar. Det er jo sant, men eg syns ikkje det var noko kjekt å skulle bli forbunde med det at eg som nordmann er rik... Pengar har vi, men det er gjerne snart alt vi har også. Eg har lyst å bli sett som det mennesket eg er, ikkje ut frå kva eg har...

I denne landsbyen såg borna ut til å vere glade og ha det bra. Då dei slo ut den andinske buffeten på fotballbana etter arrangementet fekk eg noko å tenke på. Då tek dei med seg ulik mat som dei set fram og delar. Alle kan då gå rundt og smake på det dei forskjellige har med seg. Med andre ord eit skikkeleg fellesmåltid. Og veldig koseleg å sitte saman og ete slik ute. Der syns eg vi har noko å lære. Det er viktig å ta vare på felleskapet.

Samla på fotballbana for fellesmåltid

tirsdag 12. oktober 2010

Dagens bilde...


Check out:

På kryss og tvers av El Alto




Ei ny arbeidsveke og ein ny arbeidsdag. Denne dagen har eg vore med nokon av dei andre voluntørane og sett kva dei skal jobbe med framover. Vi besøkte eit sjukehus, nokon skular i distrikt 12 og eit senter der dei arbeider med hiv og aids.

På ein av skulane var ungane heilt ville då dei såg at eg hadde med meg fotoapparatet mitt. Så då fekk eg arbeid med å ta bilete av masse ungar. Og så måtte eg passe på at dei ikkje reiv kamera ut av hendene mine når dei skulle få sjå biletet på displayet etterpå. Det gjekk nesten litt hardt for seg ein liten periode, og eg blei nærmast reven over ende. Her er nokon av dagens bilete frå skulen...



mandag 11. oktober 2010

Søndag er dagen vi går til kyrkje!

I dag er det søndag, ein dag for å gå i kyrkja og høyre Guds ord. Det er omlag ein månad sidan pastor Mario inviterte voluntørane på Casa Alianza til kyrkja der han talar på El Alto. Vi vart tatt godt imot, og derfor har eg gått der vidare. 



Det er kjekt å ha ein plass å gå der ein kan trivast. Å vere med i ei forsamling er også ein god måte å bli kjend med dei som bur her på. Og det syns eg er både spanande og kjekt!

Teksten som pastor Mario talte og samtalte med forsamlinga om var  1. Johannes brev kap. 5, versa 13 - 21. Den handlar om å be etter Guds vilje og den tilliten vi har til Gud som vår Far, vi som trur på Han.


Eg var saman med ei av voluntørane frå Casa Alianza og ei boliviansk jente, som går i denne forsamlinga til vanleg. Etterpå gjekk langs ein del av verdas største marknad, stoppa og kjøpte oss middag, før vi fortsatte til utkanten. På denne marknaden blir det seld omtrent alt mogleg. Vi gjekk gjennom området for bildelar og verktøy og i enden var det ein del amerikanske klede og boder med kristen musikk. Då vi gjekk ned til hovudvegen for å ta minibuss heim att tok eg eit bilete ut over byen. Det var flott kveldshimmel med fjellet Illimani, 6438 m.o.h., i bakgrunnen.

Heilt til høgre ragar fjellet Illimani opp i skyene.


Check out:

søndag 10. oktober 2010

Bolivia - eit land vi ikkje høyrer om i Norge?

Plaza Morillo utanfor nasjonalforsamlinga i Bolivia.
Noko av det første eg som voluntør fekk vite om Bolivia denne hausten var at landet låg på 113. plass på FN sin "Human Development Index" i år 2009. Norge låg det året på 1. plass.... 

Sjølv kan eg ikkje hugse at det har skjedd noko i Bolivia som norske medier har tatt opp dei siste fem åra. Det er vel for langt borte og for lite interessant for nordmenn? Kva har vel vi i Norge til felles med dei i Bolivia?

Har du fått med deg noko frå Bolivia i norske medier den siste tida? Kanskje har du lese eller høyrt fotballresultatet i kampen mellom Bolivia og Venezuela den 7. oktober? Eller er det ein annan fotballkamp frå Bolivia du har høyrt om nyleg? Presidenten Evo Morales er en ivreg fotballspelar og sjølv for han kan det gå hardt for seg når det står på.

Som nordmann, med begrensa språkkunnskap i castellano, har eg ikkje brukt så mykje tid på å sjekke kva dei bolivianske mediene tek opp eller skriv om. Men fredag den 8. oktober kjøpte eg nokon aviser for å lese litt. Og då stod det faktisk nesten ei heil side om tildelinga av Nobels fredspris. Med andre ord ei hending som gjer at Norge får all verda si merksemd retta mot seg. Same dag kunne eg også lese at det var nøyaktig 43 år sidan Che Guevarra døydde i fjella i Bolivia.

Folk her i Bolivia veit ikkje så mykje om Norge heller. Mediene her er ikkje opptatt av kva som skjer i det landet. Og slik sett er det vel ganske likt. Nordmenn er opptatt av seg og sitt likeeins som bolivianarane er opptatt av sitt. Like fullt er vi menneske på den same jorda...

Check out:
ABC Wednesday # 8 -  B...  for Bolivia 
Live Every Moment - «blue»
Scenic Sunday SOOC Sunday

lørdag 9. oktober 2010

Nysgjerrig på livet...


Det å vere framand, utan å kunne språket og i ein ukjend kultur, gir meg nye utfordringar og opplevingar for livet... 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS