Google Website Translator Gadget

tirsdag 30. november 2010

Cochabamba

Cochabamba er 383 km frå La Paz og ligg på omlag 2600 m.o.h. Klimaet er merkbart varmare enn i La Paz, og landskapet er flatt med fjell rundt. Eg har hatt ei flott helg i byen og har kosa meg. 


mandag 29. november 2010

«Eg lyfter mine augo til fjella...»

Herren er din vaktar
121Ein song til festferdene.
        Eg lyfter mine augo til fjella:
        Kvar kjem mi hjelp ifrå?
   
  2 Mi hjelp kjem frå Herren,
        han som skapte himmel og jord.
   
  3 Han lèt ikkje foten din vera ustø,
        din vaktar blundar ikkje.
   
  4 Nei, han blundar ikkje og søv ikkje,
        Israels vaktar.
   
  5 Herren er din vaktar,
        Herren er din skugge,
        han er ved di høgre hand.
   
  6 Sola skal ikkje stikka deg om dagen
        og månen ikkje skada deg om natta.
   
  7 Herren skal vara deg frå alt vondt
        og verna om ditt liv.
   
  8 Herren skal vara din utgang og din inngang
        frå no og til evig tid.



Ilimani, La Paz

121 (Canto de ascenso gradual)
Alzaré mis ojos a los montes:
¿De dónde vendrá mi socorro?
Mi socorro viene de Jehovah,
que hizo los cielos y la tierra.

No permitirá que resbale tu pie,
ni se adormecerá el que te guarda.
He aquí, no se adormecerá ni se dormirá
el que guarda a Israel.

Jehovah es tu protector;
Jehovah es tu sombra a tu mano derecha.
El sol no te herirá de día,
ni la luna de noche.

Jehovah te guardará de todo mal;
él guardará tu vida.
Jehovah guardará tu salida y tu entrada,
desde ahora y para siempre.
Oración por la paz de Jerusalén

søndag 28. november 2010

Ei alternativ julegåve!

Det nærmar seg jul, og i dag vil eg dele informasjon og ei oppmoding om å støtte det arbeidet «Prosjekt nytt håp» driv i Cochabamba! 

Prosjekt nytt håp / Vida y esperanza har i lengre tid drevet rehabilitering av gatebarn ved hjelp av hester. Her kalles det equinoterapia, og vi klarer ikke oversette det til norsk noe bedre enn «hesteterapi» eller kanskje «hesteassistert terapi». Det handler altså om terapi for tidligere gatebarn/rusmisbrukere ved hjelp av hester. De får jobbe i stallen, lærer å stelle og trene hester og får troen på seg selv tilbake.

Dette arbeidet har hatt gode resultater. Begrensninger i forbindelse med at vi ikke eier vår egen stall gjør at vi bare kan ta inn to ungdommer for rehabilitering om gangen. For å kunne hjelpe flere vil vi derfor kjøpe en tomt og etablere vårt eget rehabiliteringssenter for tidligere gatebarn, blant annet ved hjelp av hesteterapi.

4000 kvadratmeter til salgs!
Vi har ikke nok penger til å kjøpe tomten vi trenger. Derfor har vi nå satt igang en innsamlingsaksjon der enhver kan kjøpe én eller flere kvadratmeter for oss. Kvadratmeterne koster kr 150,–, og vi har lagt ut 4000 kvadratmeter for salg.

Det hele fungerer på den måten at du går inn på hjemmesiden for innsamlingsaksjonen: http://nytthap.no/equino/. Der finner du et diagram som skal symbolisere eiendommen med oversikt over hvor mye som er solgt og hvor mye som er igjen. Du kan også velge i diagrammet hvilke kvadratmeter du vil kjøpe, og kjøpe/bestille direkte fra hjemmesiden.

For hver kvadratmeter du kjøper får du tilsendt et unikt nummerert kjøpsbevis. Dette håper vi skal være litt stas. Kjøpsbeviset har ingen funksjon utover å være et kjøpsbevis, men er ganske stilig og egner seg godt som en alternativ gave. Det sentrale er at du støtter etableringen av senteret og at du får et kjøpsbevis som bekrefter det.

Vil du vere med?
Du oppfordres til å sjekke ut hva dette er og vurdere om du vil støtte det. Dersom du synes opplegget virker bra, oppfordres du også til å spre informasjon og videreformidle oppfordringen til å kjøpe.
  • Besøk hjemmesiden vår: nytthap.no
  • Lik oss på Facebook (og del lenkene våre med ditt Facebook-nettverk)
  • Snakk om oss med vennene dine

Med vennlig hilsen
Niklas Sunnhordvik
Prosjekt nytt håp

lørdag 27. november 2010

Jippi! - langhelg og avkobling i Cochabamba.

Denne helga er eg på helgetur til Cochabamba, ein by eg ikkje har vore i enno. Eg ser fram til eit lite avbrekk frå livet her på Casa Alianza. Og så gledar eg meg til å besøke og treffe att familien Sunnhordvik. Dei er her i Bolivia for å følgje opp arbeidet med «Prosjekt nytt håp», eit arbeid retta mot gateborn i Cochabamba. 

Biletet mitt viser Ole som hoppar i solnedgangen på ein topp, omlag 4000 m.o.h., utanfor La Paz i Bolivia. Så høgt har han ikkje hoppa før tenkjer eg... 

Sjå fleire bilete med temaet «bevegelse - høgt» hos oftograf.

fredag 26. november 2010

La Paz og El Alto - by night

La Paz, med El Alto bak, i det sola går ned tirsdag 23. november 2010
La Paz og El Alto er to byar som ligg tett i tett. Byen El Alto ligg på altiplano, høgsletta over La Paz, og er den yngste av desse to. Det er også den byen som veks mest i Bolivia. 


El Alto har stor tilflytting av folk frå landsbygdene med håp om eit betre liv. Denne byen er også prega av mange utfordringar som fattigdom og mykje kriminalitet. Folketalet i La Paz ligg like under 1 million innbyggarar. På El Alto er det innbyggartalet truleg passert 1 million sjølv om det ikkje har vore folketelling på nokon år.

 Solnedgang over El Alto, sletta der himmel møter jord.
Shannara's Saturdaymix # 45 - City

torsdag 25. november 2010

Muchas gracias por la hospitalidad Yovana!

«El domingo antes, 21. noviembre, yo estaba visitando Yovana en su iglesia. ¡Muchas gracias por sus hospitalidad! :-)  Tusen takk for gjestfridomen!»

Eg hadde ein flott gudsteneste i baptistskyrkja til Yovana på søndag. Då eg kom heldt dei på å avslutte gudstenesten som begynte rundt kl. 06 om morgonen. Den gjekk på aymara, språket som urbefolkingsgruppa aymarane brukar. Det er eit interessant språk, med lange ord og varierande toneleie. Og sjølv om eg ikkje forstod noko av det dei sa fremst i kyrkja, så følte eg meg veldig velkommen. 



onsdag 24. november 2010

Offentleg transportmiddel i La Paz


Minibuss føre ein micro
Privatbilar her i Bolivia er ein liten del av den totale biltrafikken på vegane. I La Paz er tyngda av køyretøy transportmiddel som taxiar, trufiar, minibussar og microar. 


Både trufiane, minibussane og microane køyrer i faste ruter mellom forskjellige delar av byen. Taxiane køyrer meir fritt, sjølv om dei har ei sone i byens som utgangspunkt. Eg bur i «Zona Sur»,  i bydelen Obrajes. Eit par kvartal nedanfor «Casa Alianza» ligg ei hovudgate der alle desse offentlege transportmidla køyrer jamt og trutt forbi. 

tirsdag 23. november 2010

Små augneblink av liv!

Det er augneblink som festar seg på netthinna og fangar meg medan eg er i situasjonen. I nokon av desse skulle eg gjerne hatt kamera med og tatt bilete. Hadde eg gjort det trur eg gjerne at noko av den ekte opplevelsen kunne blitt borte, og samtidig er det noko med å vise respekt og vere audmjuk for andre sin situasjon. Det er både kjekt og fint å dokumentere situsjonar og hendingar med eit fotoapparat. Eg trur at om eg heile tida er på leiting etter å fange augneblink på minnebrikka misser eg noko av det å kjenne på korleis livet er. Og så finst det augneblink som ikkje er moglege å fange med noko kamera. Hjernen vår fangar dei og så blir det til minner for livet! Eg kjem ikkje til å gløyme desse mødrene...


«Det var eit flott syn å sjå den søte lille jenta på ryggen til mammaen sin smile. Først løsna den unge mora litt på knuten av tørklet ho bar jenta i. Så snudde ho på hovudet med eit stort smil. Og i det same gjorde ho ein sleng med kroppen og jenta blei løfta mot venstre side. Det var ein magisk augneblink då mammaen og den lille jenta fekk augekontakt og smilte til kvarandre.»

Landbrukskurs på El Alto, fredag 19. november 2010

mandag 22. november 2010

Ein fantastisk søndag!

I går gjekk det i eit frå tidleg morgon til seint på kvelden. Eg vil seie at dette er ein av dei beste søndagane eg har hatt her i Bolivia så langt!




søndag 21. november 2010

Tid for å så...

Likninga om såmannen
 4 Mykje folk strøymde no saman frå alle byane rundt omkring. Då ei stor folkemengd hadde samla seg om han, fortalde han dei ei likning:
   
  5 «Ein såmann gjekk ut for å så kornet sitt. Og då han sådde, fall noko attmed vegen. Det vart nedtrakka, og fuglane under himmelen kom og åt det opp.  6 Noko fall på steingrunn, og det visna med same det kom opp, fordi det ikkje fekk væte.  7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp saman med kornet og kvelte det.  8 Men noko fall i god jord, og det voks opp og gav grøde, heile hundre gonger det som vart sådd.» Då han hadde sagt dette, ropa han ut: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»
   
  9 Sidan spurde disiplane han kva denne likninga skulle tyda. 10 Han svara: «Dykk er det gjeve å kjenna løyndomane om Guds rike. Men dei andre får det i likningar, for at dei skal
          sjå, men ikkje sjå,
          og høyra, men ikkje skjøna.
   
 11 Likninga tyder: Såkornet er Guds ord. 12 Dei attmed vegen er dei som høyrer ordet; men så kjem djevelen og tek det bort frå hjartet deira, så dei ikkje skal tru og bli frelste. 13 Dei på steingrunn er dei som tek imot ordet med glede når dei høyrer det. Men dei har ikkje rot; dei trur ei tid, men når dei blir sette på prøve, fell dei frå. 14 Det som fall mellom klunger, er dei som høyrer ordet, men på vegen gjennom livet blir dei kvelte av sorger og rikdom og nytingar og ber ikkje fullmogen grøde. 15 Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde. 




lørdag 20. november 2010

«Huyna Potosi» - 6088 m.o.h.

Rundt La Paz er det ein del høge fjelltoppar. Dei fleste er vanskelege å komme opp på, og utilgjengelege for folk. «Huyna Potosi» er ein fjelltopp som det går guida turar til for turistar. Denne helga har fire av volontørane gjort alvor av planane om å nå toppen. Så blir det spanande å høyre korleis det går...


Det er ei ganske stor påkjenning for kroppen å gjere denne turen. Og det er ulikt korleis folk reagerar på høgda og dei fysiske anstrengingane i den tynne lufta. Det er ikkje alle som prøver som klarar å komme heilt til topps. 
I bakgrunnen skimtar de det snøkledde fjellet Huyna Potosi - 6088 m.o.h.
I følgje Wikipedia startar turen på 4700 m.o.h. Derifrå går deltakarane opp til basecampe på 5200 m.o.h. Den siste delen startar dei rundt midnatt og går til topps. Undervegs går det frå bar mark til snø og isdekke, og då brukar dei gjerne spesielle issko. 

fredag 19. november 2010

Bondelagskurs på El Alto

I dag har eg vore på El Alto nok ein gong denne veka. Mandag var eg med på første dagen av eit bondelagskurs som gjekk over to dagar i distrikt 9. I går og i dag vart det same kurset halde for bønder i distrikt 11, og eg var med på siste delen der.


Ein framtidig bonde?
Det er andre tilhøve for bøndene her enn det vi kjenner frå Noreg. Mellom anna er vasstilgangen ei utfordring fordi det er veldig tørt i periodar av året. No, før regntida byrjar, er det veldig mykje brunt og uttørka gras. Og dyra som går rundt og beitar har ikkje så mykje anna valg enn å ete det dei finn. Er dei heldige så renn det vatn i ein bekk nær der dei beitar, elles så får dei gjerne vatn to gongar til dagen.

Misjonsalliansen er med på å halde og organisere kurs for bøndene i utkantdistrikta på El Alta. Todagarskurset denne veka har tatt for seg tema som sjukdomslære og dyrehelse, samt dagens tema; fôring og såing av beite/fôrgras.

torsdag 18. november 2010

Vanleg praksis...

Etter å ha vore i Bolivia i tre månader har eg no forstått litt av korleis ting fungerar i trafikken. Eg har tatt ein del minibuss og micro i det siste, og praksisen er at det er ikkje fullt før det er fullt. Her er det om å gjere å få med flest mogleg slik at ein kan tjene litt ekstra.


Det er ikkje fullt før det er fullt...
I dag og førre fredag har eg vore med på utdeling av kursbevis på ulike kurs. Førre fredag var det landbrukskurs og i dag var det framtidige ledarar som har fått kursing i demokrati og lokalstyre. I slike samanhengar er det høgtideleg med talar og velkomstord. Og så er det høgtideleg overrekking av diplom eller «Certifikate» som det heiter her. Og det er ikkje kven som helst som deler ut kursbevis. Det er dei viktige personane, dei som har ein posisjon, tittel, som får den æra. Som nordmann i Bolivia er ein automatisk sett på som ein av dei viktige personane... 

 Og i dag fekk eg æra saman med nokon andre å dele ut flotte kursbevis til deltakarar på kurs i lokaldemokrati. Desse bolivianarane som har tatt kurset har lært om korleis styre lokalsamfunn og at det er viktig at kvinnene er med. Fire modular har dei hatt sidan midten av september, og i dag var det «Graduation».


Utdeling av kursbevis for deltakarar i kurs om dyrehelse og inseminasjon, fredag 12.11.2010



Sove sove.... søtt og godt!

No er det kveld,
og kroppen merkar det vel.
Eg vil legge meg på ei sky,
og fly, fly, fly.... 

I dag blei det ein tidleg kveld her, for å samle krefter til ein ny dag. 
Sov godt og god natt!

tirsdag 16. november 2010

Spreidte skyer...

I går kveld, mandag 15. november 2010,  tok eg bilete ut av vindauget på rommet mitt med jamne mellomrom frå klokka 18.00 og fram til det blei mørkt. Under kan de sjå korleis skyene leika seg på himmelen... 


mandag 15. november 2010

Ny veke og nye utfordringar

Det var ein interessant og spanande søndag i går. Eg tok nok ein gong turen til sentrum, «Prado», og gjekk rundt og blei kjend utanfor sjølve hovudgata i sentrum. Det er mykje forskjellig å sjå og få med seg, og eg prøver også å legge merke til folkelivet og det som skjer rundt forbi. Då får eg sjå både den fine fasaden og skyggesidene. Og det er jo både og...


Det er mandag, og ei ny veke ligg framføre. Og i dag skal eg til El Alto og vere på kontoret der. Fram til no har eg vore med Magne Steine og folka på kontoret som har med landbruk å gjere. Denne veka skal det vere kurs for medlemmer av «bondelaga» i distrikt 9 og 11. Så det skal eg gjerne få med meg noko av.

Elles så syns eg det skjer mykje her, og tida går litt for fort. Samtidig føler eg ikkje at eg får gjort alt det eg har tenkt og ynskjer heller. Tempoet er nok ikkje det same som i Norge, og det har mellom anna noko med at eg er nesten 4000 m.o.h. Og då arbeider kroppen på ein annan måte. I tillegg er det ganske varmt her midt på dagen for tida, og dei dagane eg er mykje ute i sola så kjenner eg at eg blir trøytt på kvelden. 

På kvelden skrive eg gjerne nokon ord om det som har skjedd på denne bloggen. Elles så les eg kanskje i avisa eller set meg til å arbeide litt med spansk gramatikk. No har eg kjøpt meg nokon filmar på spansk som eg har tenkt å sjå, så då kan eg bruke det som språkøving også. Språket er mykje av nøkkelen til å forstå kulturen og til korleis opplevelsen av opphaldet blir. 

Eg har lyst å lære og forstå, sette meg inn i samfunnet og livet her for å skjøne korleis ting heng saman... 

søndag 14. november 2010

Devociónal - Lukas 7,7-11

Be, så skal de få!
 7 Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.  8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for.
     9 Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller ein orm når han bed om fisk? 11 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!



Som informasjonsvolontør er eg innom på hovudkontoret til Mision Alianza de Noruega en Bolivia, MAN-B, i sentrum av La Paz og kontoret på El Alto i løpet av ei veke. På mandagar og torsdagar startar dagen med «devociónal», ein andakt. Denne torsdagen var det bibelteksten frå Lukas 7,7 - 11 som blei gjennomgått og samtala om i gruppa eg er blitt ein del av på hovudkontoret.

Kvinner med ein unge på ryggen er ikkje uvanleg å sjå her i La Paz og elles i Bolivia. Når kvinnene skal noko tek dei med seg ungane sine, og dei minste bær dei på ryggen. Denne guten på biletet ser ut til å slappe av og ha det trygt og godt på ryggen til mammaen sin. Og mammaene er sjølvsagt glade i borna sine, og vil gje det beste dei har. Slik er det også med Gud. Han vil gje det som er best for oss når vi ber Han om noko...

Mannen i lysstolpen...

Illustrasjonsfoto «Mannen i lysstolopen»
Då var det laurdag, og eg kunne sove heilt til eg vakna av meg sjølv. Ein god ting etter ei veke der eg ikkje har vore heilt i form. I dag hadde eg lyst å reise opp i sentrum for å sjå på folkelivet og gjerne bli litt betre kjend i gatene rundt det som heiter «Prado». 



lørdag 13. november 2010

Endeleg helg!

No er det godt med helg her i La Paz. Etter ein lang dag på El Alto og Tiwanaku i dag, så kjenner eg at det er godt å sette seg ned. Eg har ikkje så mykje planar for helga, men i morgon blir det då spansk. Det blei flytta fordi eg var lenger på arbeid enn eg hadde trudd.

Før eg reiste på jobb i dag så tok eg dette bilete av «Pasage D» som gata heiter her rett utanfor Casa Alianza. Eit heilt greit og ordentleg strøk...


fredag 12. november 2010

Spanskleksa mi... :-) / Mi tareas de español... :-)

Då nærmar det seg spansktimar igjen. Frå slutten av september har eg hatt spansktimar ein dag i veka, og stort sett på fredagane. Det går bra, sjølv om det blir litt lenge mellom kvar gong. Og sidan det er så mykje anna som skjer så er det jo lett å utsette leksa si til siste dagen. Er det nokon som kjenner seg igjen?

No er det på tide å begynne. Det vil seie, eg har gjort litt tidlegare i veka også. Tidlegare har eg gått igjennom teorien i den boka vi har begynt å bruke. No skal eg gjere oppgåvene som eg har. 

Første oppgåve er som følgjer, bøying av uregelrette verb.
F. «Un viaje de negocios. Usted es jefe de una gran compañia internacional. Su secretario hace unas preguntas sobre su viaje de negocios a Europa. Conteste sus preguntas según el modelo.

Modelo:  
- ¿Hace Ud. un viaje en noviembre?
- Sí, hago un viaje en noviembre.

Og første oppgåva er:
1. ¿Sale Ud. la semaña próxima?
Sí, salgo la semaña próxima.

2. ¿Viene Ud. a la oficina el viernes?
No, vengo a la oficina el lunes.

3. ¿Va Ud. a Francia y España?
Sí, voy a Francia y España.

4. ¿Conoce Ud. Italia?
No, no conozco Italia.

5. ¿Hace Ud. las maletas mañana?
Si, yo hago las maletas mañana.

6. ¿Sabe Ud. cuándo regresa?
No, no se cuándo regresa.

torsdag 11. november 2010

tirsdag 9. november 2010

Agua dulce, muy importante en el mundo....

En mi pais, Noruega, hay mucho agua dulce en la naturaleza. Nada es mejor como beber agua fria y puro de un arrayo de montaña... ¡Muy rico!

Para vivir es necesario el agua o algunas liquidos en el cuerpo. En la Tierra 2,5 % del agua es dulce. Unos 2/3 están congelados; el resto es agua liqiuda subterránea y superficial.

Faktum del agua en la Tierra:

  • Casi 70 % del agua dulce del mundo está contenida en forma de hielo
  • Los estadounidenses usan cerca de 380 litros de agua en casa diarios
  • Milliones de los más pobres del mundo subsisten con menos de 19
  • Cuarenta y seis por ciento de la gente en el mundo no tiene agua entubada en sus hogares
  • Las mujeres de países en desarrollo caminan un promedio de seis kilómetros para conseguir agua
  • Una de cada ocho personas no tiene accesso a agua limpia
  • 3,3 milliones mueren cada año por problemas de salud relacionados con el agua
  • Lavarse las manos con jabón puede reducir la diarrea hasta 45 %

mandag 8. november 2010

En español, por favor....

Qiero escribir un poco cada dia en español y contar de mi vida en La Paz. Tambien practicar y aprender mas la gramática y palabras en español. ¡Bien venida a mi blog!

søndag 7. november 2010

Roleg søndag på Casa Alianza, avdeling "El Alto, rom 31!

Framside og hovudinngangen av Casa Alianza, som no er min heim i La Paz.
Det er søndag, og eg har ikkje tenkt å gjere så veldig mykje anna enn å ta det med ro i dag. For tida er eg litt forkjøla og slapp i kroppen, og så er eg blitt solbrent på nasa mi. Kombinasjonen snyte seg på ei solbrent nase er ikkje heilt optimal. Det heiter visst at alt går over, så eg får berre nyte det medan eg kan...

lørdag 6. november 2010

På arbeid i dag...

For meg som informasjonsvolontør er det av og til arrangement på laurdagar som eg får i oppdrag å vere med på. I dag skal eg vere med nokon av dei norske utsendingane på "søndagskuleavslutning" på El Alto. Det skal bli spanande å sjå kva eg får ut av det som skjer.

Det var ein ordentleg avslutningsfest for "Horas Felizes", som er namnet på "søndagskuleopplegget". Her var det framføringar av innslag frå nesten alle skulane som var representert. I tillegg kom det besøk av politiet som hadde oppvisning med politihundar. Flinke hundar, og interessant å sjå på syns eg.

fredag 5. november 2010

"Eg reiser sikkert fordi Kristus er guide på min VEG!"

Å markere trua si, og vise kva ein står for, er noko folk gjer i dette landet. Bilen er ein god marknadsplass som kan brukast til å ytre seg...
På El Alto kom eg nyleg over ein minibuss, av typen Toyota Hiace, med teksten: "Viajo Seguro Porque Christo Guia mi Camino" tydeleg plassert under skiltet bak på bilen. På norsk kan dette oversettast til: 
 Eg reiser sikkert fordi Kristus er guide på min veg! 

torsdag 4. november 2010

Spor av Danmark på El Alto...

På bolivianske vegar køyrer det rundt mange bruktbilar og lastebilar som er importert og henta frå andre delar av verda. 

Det kan vere spanande å berre gå og sjå om ein finn teikn på norsk eller nordiske bidrag til bilparken her. Spesielt på lastebilane er det mogleg å finne namneskilt og dekor som fortel kor dei har vore tidlegare. Tirsdag på El Alto fann eg spor av denne danske lastebilen...
V. JUST PEDERSEN
CHRISTIANSHEDE : DANMARK

onsdag 3. november 2010

"T´antawawa" og allehelgensdag i Bolivia!

2. november er offisiell fridag i samband med Allehelgensdag i Bolivia. Sjølv om det for meg er ein fridag, så starta dagen tidleg. Rundt kl. 05 stod eg opp for å gjere meg klar. Eg hadde avtale med språklæraren min om å møte henne i sentrum kl. 06:30 for å vere med på ein spesiell dag på kyrkjegården... 






tirsdag 2. november 2010

Vegen framover...

No har eg vore to månader her i La Paz og etterkvart blitt betre og betre kjend med korleis ting fungerar.  Eg har fått sjå meir enn det eg ville gjort som turist ein kort periode. Og eg har fått og får oppleve det å vere framand, det å ikkje kunne språket  fullt ut eller kjenne alle kodane...  

mandag 1. november 2010

Murar og borger...

Tankar om tinga...
Når noko er nytt er det ofte spanande og verkar flott. Etter ei stund kjem meir enn berre glansbiletesida fram, og det blir oppdaga meir av baksida. Det som ein gong var flott og spanande blir grått og vanskeleg...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS