Google Website Translator Gadget

mandag 28. februar 2011

Skyer over landet...


søndag 27. februar 2011

Acto de Egreso - U.M.S.A Facultad de Ciencias Sociales




ABC scandinavia - U for Universidad Mayor de San Andrés, La Paz, Bolivia

lørdag 26. februar 2011

Aves de Bolivia - «Protege nuestras aves»

Wallpainting La Paz, Bolivia
På appelsinjuicekartongane her i Bolivia er det bilete av utrydningstrua papegøyer som lev i låglandet og jungelen. Dei blir fanga for å brukast som kjæledyr og i tillegg så er fjær frå desse fargerike fuglane veldig populære. Oppmodinga er derfor: «Vern om desse fuglane!»





Vér:
Color Carnival


fredag 25. februar 2011

«Vi bor alle under same himmel!»

Jeg er en ganske enkel mann
og bor nå i Bolivia littegrann.
Høyt her oppe går det an å bli svimmel,
det er omtrent 4000 meter nærmere vår himmel!

Og under denne himmelen,
hvor jeg er en i vrimmelen 
av mennesker på jord,
vet Gud om alle de som bor.


Jeg klarer ikke skjule meg for Gud,
selv om jeg lever under himmelen her «Sud».
Gud følger meg som Jorda følger himmelen,
og Han vet akkurat hvorhen jeg er i vrimmelen...


©Jan Halvard Edvardsen

Himmelsk #24
Weekend Reflections #75

torsdag 24. februar 2011

Himmelen over La Paz

I retning Zona Sur, La Paz, med «Djeveltanna» som ragar opp i skyene.
City of La Paz, Sopacachi.
Zona Sur, La Paz
Innimellom store skylag kjem det glimt av blå himmel her i La Paz...


«Eigenkapital og rettferd»

«Equidad y Justicia»






Kva halar du på?

Vinnarbilete i oftograf si februaravstemming. Takk til alle som har stemt!
Fram til søndag 17. april kan du no stemme på det du syns er beste bilete i kategorien mønster/striper.

Sjå fleire halar hos:
oftograf    
- Takk til deg som stemmer på biletet mitt i februaravstemminga på oftograf fram til 10.  april.

NF Macro   Camera Critters
Outdoor Wednesday  Wordless Wednesday

onsdag 23. februar 2011

Casakveld - «Korleis står det til?» «¿Como estas?»

Wallpainting from the city of La Paz, Bolivia
«¿Como estas?» «How are you doing?» 

Ese esta la pregunta para los volontarios en Mision Alianza de Noruega en Bolivia, MAN-B, este «Casanoche»? 



Check out:

mandag 21. februar 2011

Annleis sjukesystem

I går hadde eg heimebesøk av doktoren. Etter dagar med dårleg mage var det greitt å ta ein sjekk, sidan det ikkje blei så mykje betre. Sidan eg følte meg ganske slapp og ikkje heilt orka tanken på å bevege meg for mykje for å komme til doktor var det greit at han kunne komme til meg.


Doktoren gjorde vel som doktorar andre stadar ville gjort. Han helsa på meg og spurde meg om tilstanden. Etter litt undersøking kunne han fortelje meg at aktiviteten i magen min var større enn det som er normalen. Han skreiv ned nokon produkt som eg skulle gå på apoteket og kjøpe. Deretter skreiv han ut ei kvittering, og då han hadde fått pengane sine sa han takk for seg og drog. 

Som slapp og sjuk er det ikkje så greit å måtte ordne med tinga sjølv. Eg måtte mobilisere litt krefter for å ta ein tur ut på apoteket. Etter å ha gått til det næraste apoteket kom eg til stengt dør, og det neste eg fann var også stengt. Dermed fekk eg ikkje tak i noko medisin på apotek... Heldigvis finst det gode hjelparar her i La Paz. Takk for medisinleveringa Magne!

Det høyrer med til historien at eg var innom laboratoriet på Clinica del Sur. Der vart namnet mitt endra og eg kom ut igjen som Jan Hai Vard Edvardsen... 

lørdag 19. februar 2011

Helsing frå Planet Pizza

Eg klarte å komme meg ut ein tur for å kjøpe noko mat på torsdag. Då gjekk turen til Planet Pizza for å kjøpe ein pizza å ta med heim.

Her om dagen oppdaga eg at det var eit bibelvers klistra på emballasjen. Salmos 8:9 som i den norske Bibelen er Salme 8:10.

"Herre, vår Gud, hvor herlig ditt navn er over hele jorden!"

fredag 18. februar 2011

Gjer mot andre som du vil at andre skal gjere mot deg!

Korleis møter vi kvarandre og dei vi har rundt oss? Korleis tek vi imot besøkande frå andre land? 


No er det fullmåne over La Paz..


"Vi strekker oss mot månen, men tør ikke strekke hånden ut mot en annen."
Sonja Lid 

Det er eit tankekors for meg å lese artikkelen på nrk.no: Utanlandske studentar føler seg einsame i møtet med Noreg. Kvifor er det slik? 

No er ikkje eg student, og eg kan heller ikkje samanlikne min situasjon i Bolivia med det å vere student her. Eg har likevel eit inntrykk av at når ein først blir kjend med folk i dette landet så vil dei vere der som vener på vegen. Og med litt innsats kan ein skape venskap for livet... 

I ein artikkel frå Stavanger Aftenblad med fokus på hjelpearbeid uttalte Ola Skuterud:

"Respekt blir gjengjeldt med smil, takknemlighet og et ønske om å gi noe tilbake."
"Samme holdninger gjennomsyret også vårt samfunn for flere tiår siden, men vi har mistet noe på veien. Kravstorhet har overtatt for takknemlighet, mener Skuterud."

Er det slik at vi som er oppvaksne i det velståande Noreg har mista noko vesentleg i måten vi møter våre medmenneske på? Har det verdslege og ting som kan kjøpast for pengar fått større verdi for oss enn det å bruke tid på å bli kjend med menneske? Kanskje er det nettopp det at den oppveksande generasjonen har blitt vant til at med pengar kan alt ordnast? Medan det då er veldig skummelt med slike ting som ikkje kan kjøpast for penger.

"Det er egentlig litt skummelt å tenke på hvor mange nye mennesker man har rundt seg til daglig, men som man liksom ikke har tid til å bli kjent med."
Anne-Cath Vestly

Eller er det rett og slett at vi har for dårleg tid? «Liksom» ikkje har tid til å bli kjend med dei ein har rundt seg i nærområdet? Altså nok med seg sjølv og sitt eige. Det er jo gjerne noko med den norske kulturen. Det er jo ikkje berre mot utanlandske studentar vi ikkje tek oss tid til å prate. Kor ofte tek vi oss tid til å prate med naboen? Det er i møtet med folk frå andre kulturar at dette blir ekstra tydeleg. Vi som nordmenn er jo vant til at det er slik. Utlendingar som kjem hit for ei kortare eller lengre opphald er ikkje vant til dette. Og kva seier statistikken om å vere einsam i Noreg? Til og med mange nordmenn er einsame i sitt eige land!

Sjekk ut:
Weekend Reflections # 74
Himmelsk # 23
Skywatch Friday

torsdag 17. februar 2011

Gjengen til Sorata, og på Casa Alianza sit eg...

I dag er gjengen på tur til Sorata for å sjå arbeidet Misjonsalliansen driv der. Kanskje får dei besøke same landsbyen som eg var i fjor haust og sjå hønene som sit på vagle? 

Eg for min del har vore gjennom ein omgang med magesjau og held meg derfor i ro. No er det godt å kjenne at eg har lyst på mat igjen... 

Medan eg låg i senga og var sjuk gjekk tankane heimover. Det er då eg tenkjer kor godt det hadde vore om eg var heime og hadde fått stell av ho mamma...

Eg lengtar heim te mor
Eg er stor, eg er stor
Men ikkje så stor
Eg lengtar heim te mor

                © Odd Nordstoga


onsdag 16. februar 2011

Mikrokreditt og fotball - starten på ei betre liv

Fotballkamp på El Alto
Introduksjonsveka her i Bolivia er igang, og i dag stod «Diaconia FRIF» og «Fotball Krysser Grenser» på programmet for volontørar og studentar på Casa Alianza. 

«Diaconia FRIF» er ein mikrofinansinstitusjon som Misjonsalliansen var med å starta i 1991. No er det blitt ein sjølvstendig boliviansk institusjon. Den einaste tilknytinga «Diaconia FRIF» har til Norge no er Misjonsalliansen sine mikrokreditt-fadderar som gir pengar til utlån.

Dagen starta med avreise frå La Paz kl. 8.15 med kurs mot «Diaconia FRIF» sitt hovudkontor på El Alto. I bakgården kom vi til eit bygg der vi gjekk opp i øverste etasjen og fekk ein gjennomgang av korleis mikrokredittarbeidet blir drive. Etter orienteringa og fleire gode spørsmål frå tilhøyrarane tok vi turen ned til lokalkontoret og fekk møte ei lånegruppe. Dei var tilsaman 28 personar, av dei eit par menn, som hadde tatt opp lån i «Diaconia FRIF». Kvar 14. dag møttest dei for å betale inn sine avdrag og ha ei samling. 

Vidare tok vi turen for å besøke ein lånekunde som dreiv ei bedrift med produksjon av strikka produkt i rein alpakkaull. Denne bedrifta hadde 8 - 10 ansatte og var så heldig å ha avtalar med importørar i Tyskland, Austerrike og Belgia som kjøpte alpakkaprodukt av dei. 

Det neste på programmet var tilbake til hovudkontoret til «Diaconia FRIF for lunsj. Ut i måltidet fekk vi med oss ein kort informasjonsfilm om prosjektet «Fotball Krysser Grenser». 

Etter at kyllingmåltidet var ete og filmen sett, drog vi vidare til Misjonsalliansen sitt kontor ved Rio Seco, El Alto. Der møtte vi sjefen for fotballskulane og drog vidare med han til ei fotballbane der borna var godt i gang med si økt. 

Vi fekk høyre fotballeiarane fortelje om «Fotball Krysser Grenser» og fotballskulane som dei driv på El Alto. Deretter var det klart for eit norsk-boliviansk fotballoppgjer på 4000 m.o.h. Kampen varte i vel ein halv time og resultatet eit knepent tap for nordmennene. Gode og svette avslutta gjengen med eit gruppebilete før vi norske drog attende til vår heim, Casa Alianza.


mandag 14. februar 2011

«Introveke» for volontørar og studentar på Casa Alianza.

Det er omlag ein månad sidan dei nye volontørane kom til La Paz og Bolivia. Etter ei tid med spansk og arbeid på forskjellige barneheimar eller IDAI, er det denne veka klart for «introduksjonsveka». Denne veka får vi bli kjend med arbeidet til Misjonsalliansen her i Bolivia. I dag har det vore samling i kjellaren på Casa Alianza med innføring i organisasjonen, om korleis dei arbeidet, kva diakoni er og om IDMAN, utviklingsinstituttet.

I morgon er det ut på feltet for å sjå arbeid i praksis. Første delen av dagen skal vi besøke Diaconia FRIF. Siste del av dagen skal vi besøke fotballstadion og fotballskular i prosjektet «Fotball Krysser Grenser».

søndag 13. februar 2011

Illampu - eit fascinerande syn i klart vér

Illampu, Bolivia


Scenic Sunday

Sorata - eit «paradis» på jord

Sorata - eit «paradis» på jord
I dag har eg vore på tur til Sorata saman med mellom andre Camilla, norsk utsending, og direktøren i Misjonsaliansen i Bolivia. Det er fyrste gong eg har vore heilt nede i Sorata by, og det var ein flott opplevelse. Véret denne dagen kunne ikkje vore betre, med både sol og blå himmel... sjølv om det var litt skyer innimellom.

Vi drog til ein landsby som låg i åssida litt over sjølve Sorata by. Der skulle vi vere med på ei avslutninga og markering av eit kurs i handarbeid for kvinner. Dette er eit kurs Misjonsalliansen har vore med å arrangere for kvinnene.

Det dei har lært er å lage makrame som gjer at dei kan skaffe seg ei ekstra inntekt. I festlokalet vi var i hadde dei stilt ut mykje av det dei hadde lært å lage, og det var veldig flott handarbeid. 

Handarbeid - makrame

Sjal med makrame 
Ei lita jente i rosa sjal med fin makrame nederst.
Check out:
Pink Saturday
Color Carnival #78

lørdag 12. februar 2011

Himmelen over Altiplano

Fjellkjeden Altiplano er eit imponerande syn med fjell opp i over 6000 m.o.h. I morgon skal eg køyre forbi desse fjella på veg mot ein landsby nær Sorata der Misjonsalliansen driv arbeid. 


For fleire himmelbilete sjekk ut:

torsdag 10. februar 2011

«Señor Dios...»

Kjære Gud, du ser og veit
alt som ikkje er så greit.
Verda er så full av urett,
det er ikkje berre lett.

I dag har eg fått ete mat
men ikkje alle har eit fat.
Hjelp meg til å sjå dei andre,
vis meg kva eg kan forandre.


Sjølv om eg er ein av mange,
lat meg ikkje bli ein fange
av all verdas kjøpepress
eller pengejag og stress.

Gje meg vilje til å gå,
lat meg vere med å så
slik at nokon her kan få
meir å bygge livet på.

Eg kan ikkje gjere alt,
men vil vere lys og salt.
Hjelp meg til å vise veg
slik at andre finn til deg!

Jesus kom som redningsmann.
Takk Gud at du sendte Han!

Amen

© Jan Halvard Edvardsen




onsdag 9. februar 2011

Kvardagsliv


Det er flest kvardagar i livet. Slik er det også for folk i Bolivia. Dei fattigaste i samfunnet opplever kvar dag som ein kamp for å skaffe seg pengar for å kunne leve.

Kvinna på bilete øverst går rundt i byen og ber folk om pengar. Andre gjer som den unge mannen på biletet under og vaskar bilar medan eigarane gjer sine ærend. Det er mange born og unge som har arbeid som skopussarar. Kreativiteten er stor, og folk gjer masse forskjellig for å skaffe seg inntekt. Andre unge står i lyskryss og vaskar frontruta på bilane når dei stoppar på raudt lys. Og her i La Paz er det også mange born og tenåringar som har arbeid som pengeinnsamlar og utroparar i minibussane.

Check out:

tirsdag 8. februar 2011

«Åk Hurtigruten med M/S Lofoten»

Lastebilar med ei fortid i Norge, Nederland og Danmark, saman med bilskilta PER og HER.
På veg heim frå jobb på El Alto fredag køyrde vi forbi ein lastebil med denne reklameteksten på fronten:  «Åk Hurtigruten med M/S LOFOTEN.» 

Dette må vere eit norsk-svensk samarbeid tenkjer eg. Kanskje bistand? Uansett hadde det vel vore ein fordel å oversette teksten til castellano før lastebilen blei eksportert. Spørsmålet er kor mange nye reisande frå Bolivia Hurtigruten får når det ikkje blir kommunisert på eit språk som folka her forstår? 

Og slik kan det gå med lastebilar som er på veg til Bolivia frå Noreg: 

mandag 7. februar 2011

I bakgården på 100 Bolivianos-seddelen.

Universidad San Franncisco Xavier de Chuquisaca, Sucre.
Universidad San Franncisco Xavier de Chuquisaca, Sucre.


På »hundrelappen» her i Bolivia er det bilete av Universitetet i Sucre. De som ser godt etter vil finne ut at biletet øverst er same bygningen som på seddelen. Det betyr altså at i den bakgården har eg vore... 
Misjonsalliansen Mision Alianza de Noruega en Bolivia Mission Alliance volontør høst 2010 vår 2011 Norge Noreg Den norske misjonsallianse La Paz Bolivia Casa Alianza Obrajes Calle 10 Jan Halvard Edvardsen informasjon informaciones Evje og Hornnes kommune Aust Agder fylke Byglandsfjord trykker trykkar grafisk ingeniør foto copyright ©

søndag 6. februar 2011

Tiempo para sentarse en el banco...


El dia domingo, como mi profesor en Sucre se llama «durmingo», es un bien dia para relajarse. Tambien es bien participar en el servicio en la iglesia y centrar el interés en Dios. Un tiempo sentarse en el banco y pensar. 

Matteo 6. 33 - 34
33 Más bien, buscad primeramente el reino de Dios y su justicia, y todas estas cosas os serán añadidas. 34 Así que, no os afanéis por el día de mañana, porque el día de mañana traerá su propio afán. Basta a cada día su propio mal.

Bendiciones y feliz domingo!


Ver mas fotos det negro y blanco en:
The Weekend in Black and White

Tambien ver:
Senic Sunday # 133

«Inngangsbillettar for å sjå Shakira kostar opp til 3500 Bs.»

Det har vore ein roleg laurdag, denne første helga av februar. Andraes, romkameraten, er på helgetur til Santa Cruz og Cochabamba, og eg har rommet for meg sjølv. Ein del av dei som bur på huset er på tur, så det er ganske roleg. 

Etter ein passeleg sein frukost drog eg for å gjere nokon ærend i byen. Det første eg gjorde var å hente kleda mine på vaskeriet. Då fekk eg meg ein gåtur og litt trim fram og tilbake frå Casa Alianza. Sjølv om eg har vore i Bolivia fem månader, og halde meg over 2500 m.o.h. heile perioden, så merkar eg det godt når eg går fort oppover bakkane her. Det er verkeleg høgdetrening. 

Utskrifter på ein internettkafé
Neste post på programmet var å gå på ein internettkafe der dei hadde skrivar. Eg trengte nokon utskrifter. Då drog eg opp i sentrum, nær Universitetet si «Monobloque». Der tenkte eg det måtte vere nokon som dreiv med kopiering og utskrift, og etter ein liten runde fann eg ein internettkafe der dei reklamerte med skrivar. Så fekk eg gjort det også...

Lunsj over aviser i La Paz
Medan eg var i sentrum tok eg ein tur på «Alexander Coffee» og kjøpte lunsj. For utan mat og drikke så går det ikkje så godt. Under måltidet så begynte det å styrtregne utanfor... Då var det greit å vere inne tenkte eg. Sidan eg då ikkje hadde det travelt vart eg sittande og lese i nokon aviser på kaféen. La Razon og PaginaSIETE er La Paz-aviser, og desse bladde eg gjennom for å sjå kva som vert satt på dagsorden denne laurdagen. 

Shakira, fyller 34 år på onsdag.
Foto: APF/PaginaSIETE
(1 Bs ≈ 0,828 Nkr, 05.02.2011 kl. 22:36) Dette var overskrifta som eg la spesielt godt merke til i dag. Både La Razon og PaginaSIETE kunne opplyse om at prisane for den kommande Shakira-konserten i Santa Cruz mandag 21. mars låg frå 150 Bs opp til 3500 Bs. I artikkelen blei det også opplyst om at dette blir dei dyraste billettprisane til ein konsert i Bolivia. Før denne konserten er 2500 Bs for ein billett til konserten med Luis Miguel det dyraste. Les/sjå dagens pdf-avis av PaginaSIETE her. For meir om konserten Shakira skal ha i Bolivia kan du sjekke ut: www.shakiraenbolivia.com

Ulykkesbussen mellom La Paz og Oruru.
Foto: La Razon
«Fire drept i tre ulykker på mindre enn 24 timar.» 
Denne overskrifta las eg i La Razon. Fire personar døyde og 55 vart skadde i tre trafikkulykker mellom La Paz - Oruro, Cochabamba - Oruro og La Paz - Caranavi. To bussar kolliderte med tungtransport og ein varebil kolliderte med eit offentleg transportmiddel.

Lyn utan torden - tordenvér med styrtregn
Eg hadde eit ærend til i dag. Då regnvéret hadde lagt seg betalte eg maten og gjekk ut. Der hoppa eg ganske fort inn i ein microbuss som tok meg til San Miguel. Eg trengte rett og slett å kjøpe inn mat for dagane framover. På vegen opp mot calle 21 i San Miguel såg eg mørke skyer, og lynet flerra himmelen fleire gonger. Eg trur aldri eg har vore så nære lynet før... Det kom ikkje noko torden etterpå. Eg skjønte jo at det var regnvér på gang, og det kom. Eg hadde ikkje vore lenge inne på matbutikken Ketal før det smalt godt utanfor. Tordenvéret var rett over hovudet på oss, og ute regna det både kattar og hundar. Eg fann nok ein gong ut at eg fekk halde meg inne i butikken til det verste hadde gitt seg. Så då eg gjekk i kassa var det berre litt duskeregn utanfor. I gatene rann det store vassmengder etter nedbøren,. Enkelte av butikkane eg gjekk forbi strøymde det vatn ut av inngangspartiet. Det var nesten som å krysse ei elv når eg skulle over vegen. Etter ein liten gåtur fann eg ein taxi og ba om å bli køyrt til Obrajes, calle 10, pasaje D. Etter ca. 8 minutt i bilen var eg 10 Bs fattigare og tilbake på Casa Alianza. 

lørdag 5. februar 2011

Ballerina i rosa...

Livet er ingen dans på roser, 
det handlar for meg om å lære spanske gloser. 
Eit nytt språk tek tid og er ikkje heilt lett, 
det må praktiserast og puggast rett og slett. 

Medan eg arbeider som volontør
går livet framover, slik som før. 
Ein dag om gangen må eg ta 
og «gjera da besta ut av da»! 

Det er ein spanande veg å gå på, 
og mykje nytt får eg smake og sjå. 
Livet det svingar, og går ei i prosa,
slik som den flotte ballerina i rosa...


Check out:


torsdag 3. februar 2011

Himmelkaos


«There is a crack in everything
That´s how the light gets in.»
Leonard Cohen


Ein dag kan få seg ein knekk
berre på grunn av ein bukseflekk.
Det er som ballongen berre sprekk
og all lufta blir borte, vekk!
Jan Halvard Edvardsen


Check out:


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS