Les kva ungdom med eit anna utgangspunkt tenkjer om...
Google Website Translator Gadget
Viser innlegg med etiketten Tankar om tinga.... Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tankar om tinga.... Vis alle innlegg
lørdag 17. august 2013
fredag 14. desember 2012
Takk...
For dei fleste er det dagar der ikkje alt er like greit.
Då er det lett å sjå seg blind på det som
kjennes trist og leit.
Men ein dag eg hadde det slik,
vart likevel på takkeemner rik.
For sjølv på dagar som er grå, er det ting å
takka for,
hvis me det positive greier å få auge på.
Eg oppdaga etter kvart at alt var ikkje berre svart.
Det var nok av gode grunnar for at eg burde
vere glad.
Då eg såg det, letta skodda rundt meg og eg bad.
Takk Gud for ein strålande morgon
med sol som skin frå ein himmel klar og blå.
Takk for god helse, at eg utan problem kan stå
opp fra mi seng og gå.
Eg kan både høyre og sjå.
Kan nyte synet av rødstrupen som sit så fin
på øyretippen til rådyret som stend på pynt
i hagen min.
Kjøttmeisa som nysgjerrig ser inn til meg
frå blomsterampelen utanfor kjøkkenglaset
og svarttrostparet på sin faste tur, på leit etter
frukost i graset.
Takk for min kjære pusekatt, som på sitt språk,
kvar dag
kvar dag
helsar meg blidt «god morn» og ber om mat.
Når det er tomt på pus sitt fat,
set han seg i stolen atmed meg, for å ta ein
liten prat.
At han er fin og snill og god, det vil han gjerne
høyre,
og mæl tilfreds når eg stryk den mjuke pelsen
og kleier han litt under haka og bak øyret.
Takk for familie og gode vener, takk for maten
på mitt bord
og for rosene sitt blomsterflor.
Takk for at eg lever i eit land som er fritt,
med fred og ro rundt huset mitt.
Takk for at grunnmuren i vår nasjon
er den kristne tru, kultur og tradisjon.
Hjelp oss å hindre at dei fritt kan drive
som den grunnen prøve å rive.
Takk Gud for ein barndom der eg i heim og på
skule fekk lære
at du er min skaper som er verd all pris og ære.
Marie Oddny Rindal
søndag 30. september 2012
mandag 25. juni 2012
Sommarferietankar...
![]() |
| Ein skule i Paris... |
Bli kva du vil?
Med utdanning og kunnskap i vårt individualistiske samfunn har du alle moglegheiter!
Eller er det eigentleg slik?
Les kva Eva Grinde i Dagens Næringsliv skriv i sin artikkel «Kunnskapsfellen» publisert den 21. juni.
fredag 22. juni 2012
Til ettertanke i sommarsola...
![]() |
| Sacré Coeur, Paris 2012 © Jan Halvard Edvardsen |
Per Fuggeli har skrive ein tankevekkande og interessant kommentar i Stavanger Aftenblad med overskrifta «Pengene eller livet?» Denne er det vel verdt å lese, iallefall om sommarvéret skulle vere litt ruskete ein dag og du ikkje veit kva du skal ta deg til....
God sommar!
God sommar!
søndag 6. mai 2012
Nokon utanfor og andre innanfor...
![]() |
| Skjermbilete Aftenbladet.no, kommentar av Tom Hetland 04. mai; Ein region i ubalanse |
Eg kom over ein kommentar til saka frå førre helg om kunstnarparet som «Flyttar fra pengejaget».
Kommentaren til Tom Hetland syns eg er interessant lesing i høve til debatten om utviklinga av denne regionen. Du kan lese heile kommentaren her: Ein region i ubalanse.
fredag 27. april 2012
Det skjer noe i hjernen vår når vi tenker på penger...
![]() |
Ilustración; dinero
Quien ama el dinero, de dinero no se sacia. Quien ama las riquezas nunca tiene suficiente. ¡También esto es absurdo! Eclesiastés 5,10 |
«-
I en vitenskapelig studie utført av Francesca Gino ved Universitetet
i North Carolina er det påvist at det skjer noe i hjernen vår når
vi tenker på penger, sier Kropf.
- Vi blir mindre sosiale,
samarbeider dårligere og blir mindre empatiske.»
Det er med gjenkjennande nikk eg skrollar nedover i saka eg har komme over i nettavisa til Stavanger Aftenblad. «- Dette var interessant!» tenkjer eg.
Kan det vere dette eg også kjenner på? Det, noko udefinerte, som eg ikkje likar i høve til korleis eg opplev at mentaliteten i Stavanger-regionen har endra seg etterkvart som oljeindustrien veks og blir meir og meir dominerande...
«Ja, eg trur det.» Det kjennes ubehageleg... Eg syns det opplevast vanskeleg å kjenne på dette pengejaget ettersom eg ikkje har noko oljerelatert jobb. Min arbeidsgivar pompar ikkje opp olje og går ikkje med eit kjempestort overskudd som gjer at mi lønn aukar. Dei høge husprisane i regionen gjer at eg tenkjer det vil koste altfor mykje av livskvalitet og jag for å komme inn på bustadmarknaden her. Eg ynskjer i framtida å kunne sjå tilbake på eit liv som ikkje blei styrt av jag etter pengar til draumebustad og andre materielle goder. Eg vil leve etter nokon andre verdiar; som t.d. det å vekse som menneske og utvikle gode relasjonar. Kva med eit mål om å gjere verda til ein betre stad å vere for alle menneske?
Det er eit sitat eg legg ekstra godt merke til i artikkelen. Her står skrive at det skjer noko i hjernen vår når vi tenkjer på pengar, og ein studie har vist at det fører til av vi blir mindre sosiale, dårlegare til å samarbeide og mindre empatiske. Det skremmer meg å tenkje på dette. Korleis vil det då bli for menneske å bu i ein rik by i eit av dei rikaste landa i verda? Vil folka då vere lykkelege?
Saka tek opp nokon viktige poeng som er verdt å reflektere over syns eg. Har du lyst å lese heile saka «Flytter fra pengejaget» under fana «I dag diskuterer vi» finn du det her:
http://www.aftenbladet.no/meninger/idagdiskuterervi/Flytter-fra-pengejaget-2964701.html#.T5qmee0iD_Q
blir aldri mett på penger.
Den som elsker rikdom,
får aldri vinning nok.
Også dette er forgjeves.
Bibelen, Forkynnaren 5.9
torsdag 24. november 2011
mandag 21. november 2011
Reflexión a lunes...
Efesios 5, 15-17
Paulus' brev til efesarane 5, 15-17
Eg tenkjer; «Vi bur jo alle på den same jorda og blir påverka av det som skjer langt borte frå der vi held til.» På eit lag handlar det om å gjere kvarandre gode. Er det å gjere kvarandre gode noko verdas land tenkjer på i den globale samanhengen?
Eg har inntrykk av at dei fleste regjeringar og styrande forsamlingar er opptatt av å sikre sitt eige land på best mogleg måte. Og det er vel også noko som kjenneteiknar oss menneske, at det kan vere naturleg at ein først tenkjer på seg sjølv og sine næraste.
Korleis ville det vore dersom det blei eit mål for alle folk å gjere kvarandre gode? Og korleis ville dette slått ut dersom alle land i verda hadde hatt dette som politikk?
Artiklar til refleksjon:
«Look to Norway»; korrespondentbrevet frå Nairobi, Kenya - nrk.no
lørdag 19. november 2011
lørdag 5. november 2011
Lluvia y paraguas en el centro de Stavanger
![]() |
| On her way home... |
![]() |
| and her shaddow is following closely... |
![]() |
| Visit Weekend Reflections for more weekend and reflections... |
Have a nice weekend!
God helg!
¡Buenas fin de semana!
tirsdag 25. oktober 2011
Ein dokumentarserie verdt å få med seg...
![]() |
| Skjermdump frå NRK2 nett-tv og programmet: Vesten - på veg mot stupet? |
I går kom eg over ein spanande episode av ein BBC-dokumentarserie som for tida blir sendt på NRK2. Orginaltittelen på serien er: Civilisation: Is the West History? og fram til 27. oktober går det an å sjå den tredje episoden på NRK nett-tv. For meg som har eit forhold til Sør-Amerika var denne episoden veldig spanande og lærerik.
I episode nr. 3, som eg tilfeldig kom over, spør programleiaren kvifor Nord-Amerika har lykkast medan Sør -Amerika heng etter. Temaet er eigedom, og i programomtalen skriv NRK dette:
"Historikeren Niall Ferguson spør hvorfor Nord-Amerika har lykkes, mens Sør-Amerika henger etter. Han funderer også på om situasjonen holder på å bli snudd opp ned i dag, både språklig og økonomisk.
Tema for episode 3 er eiendom, som er en av de seks faktorene Ferguson mener bidrar til at en minoritet har kunnet kontrollere Jordas ressurser."
Her finn du episoden på NRK nett-tv! (tigjengeleg til 27.10.2011)
Les programomtalen om BBC - dokumentarserien på nrk.no:
Vesten - på veg mot stupet?
Vesten - på veg mot stupet?
For oversikt over dei andre episodane i serien og sendetider sjå:
http://www.nrk.no/programmer/sider/vesten_-_paa_veg_mot_stupet/mandag 17. oktober 2011
Tore på sporet - Anita si reise til Bolivia...
![]() |
Anita les i si eiga dagbok. Ei bok skrive berre til henne av hennar eigen pappa, gruveingeniør Christian Bøchman. Skjermdump frå NRK nett-tv; Tore på sporet 2002: "Anitas reise til Bolivia" |
For ei tid tilbake surfa eg på nettet og kom over ein episode av tv-serien "Tore på Sporet" som gjekk på NRK i 2002. Eg blei sittande å sjå heile denne fantastiske historien om Anita si reise til Bolivia. Veldig rørande historie, og heilt utruleg at eit norsk ektepar drog til Bolivia i 1925... og oppi ein gruveby i fjella der vart Anita fødd.
Denne episoden viser mykje av reisa Tore og Anita gjer tilbake til Bolivia. Dei er i Cochabamba og besøker saltørkenen Uyuni før dei dreg mot staden der foreldra til Anita søkte lykka. Det var utruleg rørande å sjå henne komme tilbake og finne grava til si eiga mor som døydde berre kort tid etter at Anita vart fødd.
For dykk som får tilgang til NRK nett-tv kan de sjå episoden ved å fylgje denne linken: http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/107510/
God fornøying!
lørdag 27. august 2011
«Eg» - «Yo» - «I»
sjølvportrett - autorretreto - self portrait
He tomado una foto qué me gusta mucho. Es un autorretreto que mostrar mi sobra una tarde con mucho luz del sol. ¡Divertido motivo!
¡Buenas fin de semana!
mandag 15. august 2011
Jeg takker Gud, min venn...
Jeg takker Gud, min venn
- for den velsignelse du er...
- for gleden i din latter...
- for trøsten i dine bønner...
- for varmen i ditt smil...
Amen
tirsdag 26. juli 2011
Noruega; Juntos en el duelo - Saman i sorga
![]() |
Kristiansand, Noruega - flores, banderas y candelas para expresar solidaridad |
Saman i sorga...
- I bygder og byar rundt omkring i Noreg legg folk ned blomar og tenner lys for å vise solidaritet og eit ynskje om å stå saman i dette grusomme terrorangrepet som råka landet vårt - bomba i Oslo sentrum og masakren på Utøya den 22. juli 2011.
På torget og utanfor domkyrkja i Kristiansand ligg det store mengder blomar saman med masse lys, flagg, bilete, teikningar og lappar med skrivne ord.
Folk går saktare forbi hjørnet ved domkyrkjeinngongen i dag. Eg har stoppa opp ved alle desse blomane og tente lysa som menneske har plassert her. Det er gjort for å minnast dei som har mista sine liv og vise si medkjendsle til dei etterlatte.
Medan eg står der kjem det stadig folk som stiller seg med ansiktet mot domkyrkjeveggen og ser på denne mengda av blomar som er lagt ned der. Det er ei roleg atmosfære. Nokon set seg ned. Atter andre berre er der... Stille. Saman med kvarandre.
Eg opplevde denne stunda veldig spesiell - og fekk ei kjendsle av at vi som stod der var saman på ein god måte. Det kjendes som at vi er ein del av den store kjærleiken som vi berre kan vise når vi står saman...
søndag 29. mai 2011
Puente de uno a otro lado....
Verda er stor sjølv om avstandane som tidlegare tok dagar, veker eller månader no kan gjerast unna på timar. Kulturforskjellane i verda er store sjølv om internasjonale standardar, system og produkt gjer at det går å finne mykje kjend i det som er ulikt. Verda er i forandring og det skjer med større og større fart.
I august 2010 pakka eg sekken og reiste til Bolivia på den andre sida av jordkloden. Det var ei reise til noko nytt, noko spanande og noko utfordrande.
Eg er komen tilbake til Noreg, tilbake til det eg kjenner og der eg har røtene mine. Det meste er som før. Landskapet, folka eg møter og det norske systemet har ikkje endra seg stort. Likevel har det skjedd ei forandring. Eg ser med nye auge på korleis samfunnet fungerar.
Bagasjen eg har med meg frå tida på den andre sida har gjort at eg legg merke til ting som før berre var slik. Det er samanhengar i livet som eg ikkje tidlegare har lagt merke til. Opplevingar og inntrykk frå tida eg var i Bolivia blir samanlikna med det eg opplev og ser i Noreg.
Noko av det eg hadde med kan opplevast både provoserande, uforståeleg og vanskeleg å foreine i møte mellom dei to kulturane. Då handlar det om å klare og bygge ei bru frå den eine til den andre sida...
søndag 22. mai 2011
Fordeling av godene - retten til vatn
Eg som nordmann er vaksen opp med at det finst store og små elvar og bekkar i den norske naturen. Desse er allemannseige, og vatnet som renn er gratis. Reint og friskt vatn som ein kan drikke rett frå kjelda. Det skal vere lite fare for at det er eit stort internasjonalt selskap med fabrikk i nærleiken som har kvitta seg med sitt farlege avfall i elva.
Ein ting er at vi i Noreg er velsigna med stor tilgang på vatn. Noko anna er at tilgangen og fordelinga på vatn rundt omkring på jorda er veldig forskjellig. I enkelte landområde er vassressursane veldig små, og så kan det vere at desse kjeldene er utsatt for stor miljøforureining. Kva då? Vatnet som finst tilgjengeleg er farleg, kanskje kreftframkallande eller gifteg dødeleg. Og det gjeld sjølv om vatnet blir kokt.
I huset eg bur er det berre å opne vasskrana, så kjem straumen av vassdråpar. Eg kan sette glaset under springen og fylle opp. Og dette kan eg gjere så mange gonger eg ynskjer, heilt til eg ikkje lenger er tyrst.
Kort tid før eg drog frå Bolivia og La Paz såg eg ein film som handla om vasskrigen i Cochabamba for ein del år tilbake. Det handla om retten til desse livgivande dråpane. Og dei som først blir utesteng i slike saker er urfolk og dei fattige. Deira stemme blir ikkje høyrd for dei har ikkje sterke finansielle krefter i ryggen. Heller ikkje har dei andre verkemiddel som gir dei makt.
I Cochabamba blei kampen om vatnet ein kamp på liv og død. Framleis er tilgang og like rettar til vatn ei stor utfordring i verda. Kva kan eg som gjest i denne verda gjere for å betre desse tilhøva?
Her er ein artikkel som tek føre seg vatn, urfolk og situasjonen i Bolivia:
NRK: Kampen om vannet - http://www.nrk.no/kanal/nrk_sapmi/1.7639020
Weekend Reflections #87 Sooc Sunday Fotokalender 2011 - MAI
lørdag 2. april 2011
mandag 28. mars 2011
Siste helga i Bolivia...
Dette bilete tatt frå Ceja viser delar av byen La Paz, administrativ hovudstad i Bolivia. Her i denne spanande byen har eg no budd i sju månader og snart to veker. Dette er altså den siste helga mi her. Snart går flyet som skal ta meg tilbake til Noreg...
Det er rart og litt vemodig å skulle forlate dette landet no. Eg har etterkvart begynt å komme litt under huden på både folk og kulturen. Dette er både spanande og utfordrande, og eg ser og skjønar at eg ikkje forstår så mykje som eg gjerne tenkjer om kulturen og korleis tinga fungerar her.
I dag var eg på gudsteneste i «Arca De Dios» for siste gong av dette opphaldet. Det var rart å ta avskjed. Ei av jentene eg har møtt der syns det var trist at eg no skal reise og sa ho ville komme til å felle nokon tårer.
På vegen frå El Alto til La Paz i dag gjekk eg litt rundt på Ceja. Eg hadde lyst å ta bilete av La Paz derifrå, og det fekk eg til. Medan eg var der så kom tordenbygene nærare og nærare, og plutseleg var dei rett over. Då kom det både regn og halg, og det styrta ned. «Himmelen gret» har eg høyrt nokon seie om regnvér. Kanskje sende himmelen over La Paz også nokon «tårer» sidan eg snart skal reise...
Det kjennes rart, og trist å forlate folk som eg har blitt litt kjend med. Eg trur at det først er når eg har vore i Noreg ei stund at eg vil sjå kva eg har fått ut av dette opphaldet, og kva eg vil sakne frå Bolivia. Det er menneska som skapar eit land og kultur, og det er menneska eg har møtt her som eg kjem til å sakne...
Eg syns tida har gått både fort og seint. Plutseleg er over 7 månader i eit anna land forbi. Samtidig tek eg med meg opplevingar og erfaringar som når eg tenkjer på dei gjer at eg syns tida har gått seint.
Abonner på:
Innlegg (Atom)



















