Google Website Translator Gadget

Viser innlegg med etiketten Bil og trafikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bil og trafikk. Vis alle innlegg

søndag 20. november 2011

Paso cebra en la cuidad Stavanger

Fotgjengerfelt  i Norge = Paso cebra en Noruega

torsdag 3. mars 2011

Gamle bilar og Bolivia

Rundomkring i Bolivia kan ein finne masse gamle og kule bilar.






tirsdag 8. februar 2011

«Åk Hurtigruten med M/S Lofoten»

Lastebilar med ei fortid i Norge, Nederland og Danmark, saman med bilskilta PER og HER.
På veg heim frå jobb på El Alto fredag køyrde vi forbi ein lastebil med denne reklameteksten på fronten:  «Åk Hurtigruten med M/S LOFOTEN.» 

Dette må vere eit norsk-svensk samarbeid tenkjer eg. Kanskje bistand? Uansett hadde det vel vore ein fordel å oversette teksten til castellano før lastebilen blei eksportert. Spørsmålet er kor mange nye reisande frå Bolivia Hurtigruten får når det ikkje blir kommunisert på eit språk som folka her forstår? 

Og slik kan det gå med lastebilar som er på veg til Bolivia frå Noreg: 

søndag 30. januar 2011

Offentlege advarslar!



Korrupsjon er ein forbrytelse.

mandag 10. januar 2011

Dagens lastebil frå Sucre i Bolivia...

Eg ser mangt og mykje når eg er ute på vandring i den store verda. I dag kom eg over ein interessant lastebil... Lastebilen var vel igrunn heilt vanleg. Det var heller fargane og spesielt merkinga som vekte mi interesse og merksemd...  

På lastebilen stod det fylgjande: 

LARS KROKEN A-S
TRANSPORTFORRETNING 
6300 ÅNDALSNES  
                                 Jan
Det tyder med andre ord på at den er køyrt av ein Jan i Noreg, ein gong før den kom til Bolivia.... Kanskje «Jan» kjenner igjen bilen sin?

For meg som nordmann i utlandet får ting som kan relaterast til Norge ekstra stor «merksemd». Sjekk kva andre gir «oppmerksomhet».

MellowYellowBadge

tirsdag 7. desember 2010

NAG observert køyrande i La Paz, Bolivia.

Det er mykje ein legg merke til som utlending og turist i eit framand land. Denne helga har boliviansk tv informert meg om at juletreet i La Paz, 25 meter høgt, er blitt tent. I tillegg har eg fått med meg ein bryllaupsfest og blitt kjend med noko av bryllaupskulturen i Bolivia. Det mest spesielle var då eg oppdaga at NAG køyrde rundt i trafikken her...  

onsdag 24. november 2010

Offentleg transportmiddel i La Paz


Minibuss føre ein micro
Privatbilar her i Bolivia er ein liten del av den totale biltrafikken på vegane. I La Paz er tyngda av køyretøy transportmiddel som taxiar, trufiar, minibussar og microar. 


Både trufiane, minibussane og microane køyrer i faste ruter mellom forskjellige delar av byen. Taxiane køyrer meir fritt, sjølv om dei har ei sone i byens som utgangspunkt. Eg bur i «Zona Sur»,  i bydelen Obrajes. Eit par kvartal nedanfor «Casa Alianza» ligg ei hovudgate der alle desse offentlege transportmidla køyrer jamt og trutt forbi. 

fredag 5. november 2010

"Eg reiser sikkert fordi Kristus er guide på min VEG!"

Å markere trua si, og vise kva ein står for, er noko folk gjer i dette landet. Bilen er ein god marknadsplass som kan brukast til å ytre seg...
På El Alto kom eg nyleg over ein minibuss, av typen Toyota Hiace, med teksten: "Viajo Seguro Porque Christo Guia mi Camino" tydeleg plassert under skiltet bak på bilen. På norsk kan dette oversettast til: 
 Eg reiser sikkert fordi Kristus er guide på min veg! 

torsdag 4. november 2010

Spor av Danmark på El Alto...

På bolivianske vegar køyrer det rundt mange bruktbilar og lastebilar som er importert og henta frå andre delar av verda. 

Det kan vere spanande å berre gå og sjå om ein finn teikn på norsk eller nordiske bidrag til bilparken her. Spesielt på lastebilane er det mogleg å finne namneskilt og dekor som fortel kor dei har vore tidlegare. Tirsdag på El Alto fann eg spor av denne danske lastebilen...
V. JUST PEDERSEN
CHRISTIANSHEDE : DANMARK

tirsdag 2. november 2010

Vegen framover...

No har eg vore to månader her i La Paz og etterkvart blitt betre og betre kjend med korleis ting fungerar.  Eg har fått sjå meir enn det eg ville gjort som turist ein kort periode. Og eg har fått og får oppleve det å vere framand, det å ikkje kunne språket  fullt ut eller kjenne alle kodane...  

fredag 29. oktober 2010

Bil og bilskilt...

Eg har tidlegare nemnd i saka om bil og trafikk at eg har sett politibilar i La Paz køyre utan registreringsnummer. Eg spurde spansklæraren min kvifor det er slik, og fekk til svar at politiet ikkje treng skilt fordi det er dei som passar på at lovene blir fulgt. 


Då eg denne veka var i Caranavi, var det nesten fleire bilar utan skilt enn det var med. På sett og vis eit slags ville vesten, der det skjer litt forskjellig, og kor folket har sine metodar...

For vel eit år sidan var det uro som førte til at politiet forsvann ut av byen. Og då vart også politiskulen i Caranavi stengd. I lengre tid har området vore utan politi, og dermed har det heller ikkje vore nødvendig for folk å tenke på at bilen skal ha skilt med registreringsnummer. Bilen går jo like godt utan...  Og når politiet som skal handheve lova ikkje er tilstades, kan det sjå ut som folket gjer ting på sin eigen måte.

Sjølv om politiet no har komme tilbake var dei ikkje synlege i gatebilete dei dagane eg var der. Og bilar utan skilt såg eg både her og der...

fredag 15. oktober 2010

Bil og trafikk...

Grå mini og blå micro side om side
Som nordmann møter eg store forskjellar med tanke på bil og trafikktilhøva her i landet. Berre det å krysse ei gate kan vere eit større prosjekt. Pass deg for bilane, og sjå deg til høgre og venstre mange gonger. For her er det ikkje slik at bilane stoppar for å sleppe fotgjengarane over vegen...


Denne veka har eg sett to politibilar utan skilt med registreringsnummer. Det skurrar litt i mitt hovud. Er det slik at dei som skal handheve loven ikkje sjølv treng å følgje loven? Eg har tidlegare sett bilar, eller mest minibussar, utan registrering, men politibilar er litt meir spesielt. For alt eg veit kan det ha vore den same bilen eg har sett to dagar, sjølv om det gjerne skal litt til.

Kollektivtransporten her fungerar ganske så bra, sjølv om det er uvisst når micro eller minibussen kjem. Her køyrer masse Toyota Transit med plass til 14-15 passasjerar i rutetrafikk. Og i døra sit ofte ein innropar, som skrik ut kor dei skal og kva turen då kostar. Vanleg pris er mellom 1 og 2,50 Bolivianos. Det avheng noko av kor langt du skal og kva tid på døgnet det er. Kursen for 1 Bolivianos ligg på mellom 0,80 og 0,90 norske kroner. Det går også an å ta micro, og det er sånne gamle skulebussar som ein har sett på film frå USA. Dei har fast pris og kostar 1 Bolivianos uansett kva tid på døgnet det er.

Det å reise kollektivt med mini frå Casa Alianza og oppover til El Alto er ein opplevelse i seg sjølv. Eg har reist nokon turar slik, og det fungerar bra. Ein må berre rekne litt god tid, i tilfelle ein ikkje finn ein mini med ein gong. Og når det først kjem ein, så kan det hende at det kjem ein like etterpå. Så det er ikkje noko fast mønster eller system på dette. Her kjem bussen når den kjem, og sidan det er mange som køyrer slik er det ikkje så ofte ein må vente veldig lenge.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...