Google Website Translator Gadget

fredag 31. desember 2010

Mitt beste bilete frå Bolivia i 2010!

My best photo from Bolivia 2010...

Dette biletet tok eg på landsbygda i nærleiken av Tiwanaku i september 2010. Eg har kåra dette til mitt beste bilete frå Bolivia denne hausten. Guten undrar seg gjerne på korleis framtida vil bli?

Vi er komne til eit årsskifte og då er det tid for å reflektere over året som har gått. Kva kan ein takke for av det ein har fått oppleve i året som ligg bak? Samtidig er det tid for å sjå framover og møte det nye året med glede og forventingar....  

Eg vil med dette ynskje deg som lesar eit 
GODT NYTT ÅR!


Weekend Reflections # 67

Thursday Challenge - Best of 2010

onsdag 29. desember 2010

Himmelske smakebitar frå Bolivia 2010!

Sunset El Alto, Bolivia



Sunset La Paz, Bolivia

Det går mot den siste solnedgangen i år 2010. Eg har fanga nokon himmelske augneblink i La Paz, Bolivia, som eg vil dele med dykk!

Takk for året som har gått!

Julehelsing frå Cochabamba!

Juletre i hagen utanfor her eg bur i Cochabamba.
Då er det blitt fjerde juledag, og romjula er godt i gang. Her i Cochabamba er julestemninga god. Det er og har vore sol og varme med litt regn innimellom. 1. juledag fekk eg tatt meg eit julebad og ein symjetur i bassenget utanfor her eg bur. 

Søndag 2. juledag var eg på juletrefest for nordmenn i den lutherske kyrkja. Der traff eg masse nordmenn som har vore på besøk hos misjonærane her i Bolivia og feira jula. Juletrefesten inneheldt som den skal både andakt, julesongar og gang rundt juletreet før det vart kaker og kaffe...


       God Jul!                                   Glædelig jul!
                  
                         Fröhliche Weinachten!  
                      

Merry Christmas!                            Joyeux nöel!
                                  
                                    Hyvaa joulua!

            ¡Feliz Navidad!



Pozdervlyayu s prazdnikom 
                          rozhdestva is novim godom!
                           

Julehelsing frå Jan Halvard,
Cochabamba, Bolivia

onsdag 22. desember 2010

Cochabam-bam-bam-bam-bam-bam-baa... Boo-li-viaa!

Det er to dagar igjen til julaftan...
Har julefreden senka seg, eller er det tusen ting som skal gjerast først?

Ta deg ein pause og stress ned med latinske rytmar!
La rockefoten svinge med eller sett deg godt til rette og nyt denne musikkalske hyllesten til Cochabamba by...

Her blir du kjend med familien Risa og får også treffe familien Sunnhordvik som eg skal feire jul saman med. Dei er her i Bolivia for å hjelpe born og ungdom gjennom «Prosjekt nytt håp». Du kan også vere med og hjelpe ved å gi ei gåve eller kjøpe kvadratmeter... 




«Kjære mamma og pappa!

Eg er i gode hender!
Her i Cochabamba får eg bu hos familien Risa. Ola Kåre bur her saman med kona Marit og den lille, søte dottera Hanna... Han kjem frå Bergen og har laga denne flotte musikkvideoen om Cochabamba! :-)

Har de ikkje sett musikkvideone eller høyrt songen? Då må de gjere det med ein gong...

Og etterpå syns eg de kan kjøpe nokon kvadratmeter og gi borna i Cochabamba ei julegåve dersom de ikkje allereide har gjort det!

Ynskjer dykk ei velsigna julehøgtid!

Med helsing
Jan Halvard»


For første gong i livet mitt skal eg feire jul utanfor Noreg sine trygge grenser og langt frå den gode julematen som mamma lagar... 

Eg er jo i Bolivia, og her har eg det bra. Det passa veldig godt å ha ein tremenning m/famiilie som også skulle bu i Bolivia dette året. Eg er veldig glad for at eg får feire jul saman med desse flotte folka. Det blir god mat... og det blir nok julepakkar også. Juletreet er kjøpt inn. Så her skal det bli julefeiring... 

Uansett er det viktigaste ved jula å minnast at Jesus blei fødd i ein stall og at han kom for å frelse oss menneske!

YNSKJER ALLE EI GOD JUL! / FELIZ NAVIDAD!

tirsdag 21. desember 2010

Takktekking av Casa Alianza i julestrida

Det er på tide å få tett tak på Casa Alianza. Tidlegare i november kom det klart til syne at taket ikkje var heilt tett... Då hadde La Paz ei skikkeleg haglbyge, og den satte spor på huset. Heile jenteleilegheita i øverste etasje blei då evakuert, fordi vatnet kom gjennom taket. 

I dag er det full aktivitet på huset. Fem menn arbeider med taktekkinga. Tre menn er oppe på taket og bankar og legg på plass takplater. Dei to andre er nede i porten og arbeider med tilpassing og sender opp platene etterkvart som det er behov for det...

Tre menn som arbeider med å reparere og legge nytt tak.
Taket sett frå andre sida.

Takplatene ligg i porten der to menn arbeider med å tilpasse desse. 

mandag 20. desember 2010

Dåp i Titicacasjøen, sauer på bana og 4. søndag i advent

Det er 4. søndag i advent og eg er med baptistkyrkja «Arca de Dios» på dåpsmøte ved Titicacasjøen. Skiftande vértilhøve, frå sol til tordenbyger, med kald vind i ryggen gir dåpshandlinga ein ekstra dimensjon.

Det går fort unna med dei 12 som skal døypast, og når samlinga ved sjøen er ferdig går vi tilbake til fotballbana der bilane står parkert. Her begynte vi også føremiddagen med dåpsmøtet.

Kort tid etter at forsamlinga har komme tilbake på bana kjem også sola fram og skin igjen... Då er det klart for «arptapi», felleslunsj etter andinsk tradisjon, og eit «langbord» blir dekka med mat.

På andre sida av bana går sauene og beitar...

Etter måltidet leikar og morar vi born og unge oss med fotball og andre leikar...

lørdag 18. desember 2010

Diaconia FRIF - ein film om mikrofinans, spansk versjon/version en español

Mikrokreditt - lån til fattige folk som ikkje kan få lån i vanlege bankar. I Bolivia driv Misjonsalliansen organisasjon Diaconia FRIF og lånar ut millionar av dollar til vanlege folk.

Under følgjer ein film om mikrokredittarbeidet og nokon av lånekundane i La Paz fylke. Denne er ikkje oversett til norsk, så her går alt på spansk og aymara. Filmen kan gi eit inntrykk av landet og tilhøva sjølv om du ikkje forstår språket...






fredag 17. desember 2010

Skikkeleg juleferie etter 12 år skulegang...

I dag har eg vore med på ei interessant reise til ein landsby omkring 2 timar utanfor La Paz. Ein liten plass, der alle kjenner alle. Eg var med ein gjeng med buman-studentar til landsbyen der ein av dei kjem frå. Systera hans hadde avslutta 12 år skulegang og fekk utdelt vitnemål på ei høgtideleg markering. No er ho klar for å begynne på universitetet... 

I Bolivia er det 12 år med obligatorisk skulegang. Først er det åtte år på «Primera» og deretter fire år på «Secundaria». Etter det kan vegen gå vidare til universitetet eller anna høgare utdanning.

Markeringa i dag framheva den eleven som hadde oppnådd best resultat av avgangselevane. Det blei markert med ein eigen innmarsj som første innslag i programmet. Vidare i programmet var det høgtideleg entré  for kvar enkelt avgangselev. Dei blei fulgte til scenen av sin «padrino, tyder fadder, og på vegen fekk dei masse kvitt i håret...

Vel oppe på scena var det tid for talar, og deretter nasjonalsong med flaggheising. Etterkvart kom det til utdelinga av diplom og vitnemål. 

Eleven vart høgtideleg ropt opp og gjekk så fram til bordet der lærar og rektor sat. Det første dei gjorde var å signere eit papir. 

Deretter var det overlevering av diplom og vitnemål. 

Då alle hadde fått sine papir var det enno fleire talar. Etterpå fekk elevane som hadde laga flotte skåp hente desse på scena. Sermonien blei avslutta med at familie og slekt kom fram for å helse og gratulere kvar og ein av elevane som no var ferdig med denne milepælen i livet... 

Festen heldt fram med familie, slekt og vener utover kvelden.

Dagen i dag har fått meg til å tenkje på kva utdanning eigentleg betyr og gir av sjansar. Det å fullføre 12 år med skulegang i Bolivia blir markert med verdi og status. Eit slikt vitnemål er nøkkelen til å kunne ta vidare utdanning og oppnå betre levekår for dei som kjem frå ringe kår på landsbygda...

På veg heim til Casa Alianza tok eg bilete av landskapet og himmelen i det sola gjekk ned. Er det dette som er den blå timen?

Det var iallefall ei flott naturoppleving å køyre gjennom dette landskapet tilbake mot La Paz...

God juleferie!

tirsdag 14. desember 2010

Informasjon om Misjonsalliansen - 30 år i Bolivia i 2009



Sjå video om Misjonsalliansen sitt arbeid i Bolivia. Denne blei laga i samband med at organisasjonen feira 30 år med arbeid i Bolivia frå 1979 - 2009.

lørdag 11. desember 2010

Adventstankar...

Jesus er redningsmannen!
Denne helga er det tredje søndag i advent. Tida går fort og i dag er det akkurat 14 dagar til julaftan. 

Eg gledar meg til jul! Men det er ikkje fordi eg skal få pakkar. Eg har nemleg innsett at eg har meir enn det eg treng for å leve. Materielle ting har blitt mindre viktige for meg etter at eg har vore her i Bolivia nokon månader.

Det handlar om livet. Korleis eg har det? Korleis mine medmenneske har det? Eg ser, og har fått eit innblikk i, kor store forskjellane i verda kan vere. Berre frå El Alto, byen på høgsletta, til sørsona i La Paz er det ein forskjell i velstanden som om det skulle vere to forskjellige planetar. På El Alto handlar det om å ha hus, klede, mat for dagen og kunne gå på skule. I sørsona av La Paz, der rikfolka er busett, bur folk i flotte hus, ungdommane køyrer rundt i fine bilar og folket lev i overflod...

Eg gledar meg til jul! Eg gledar meg til å vere saman med slekt og vener. Feire og glede meg over at Jesus blei fødd og kom til jorda for over 2000 år sidan.

Det er trua på Jesus som gjer livet for meg. Hadde ikkje Gud sendt Jesus for å frelse verda, så hadde ikkje eg kunne feire jul. Utan jul hadde det heller ikkje vore noko påske, den høgtida som gjer heile forskjellen. For i påska vart Jesus hengt på ein kross for å sone syndene mine og dine. På grunn av det Jesus gjorde blir kvar og ein som vel å tru på Han ståande utan synd framfor Gud. Jesus står imellom og tok på seg skulda. Han tok på seg all verda si synd, for at kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Det er dette som er det viktige valet i den store samanhengen!


Matteus 1
21 Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» 22 Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
        
   
 23  Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son,
           og dei skal gje han namnet Immanuel
– det tyder: Gud med oss.



Eg ser at det er andre som har større behov for julegåver enn eg har. I Bolivia er det mange foreldre som ikkje har råd til å kjøpe gåver til borna sine. Nokon born har ikkje foreldre eller har flykta frå ein valdeleg og dårleg heim. Så dei bur og lev på gata. Jesus kom for å redde desse borna også. Gud ser til dei. Derfor vil han at vi skal hjelpe og sjå til dei som har det vanskelegare enn oss, og vise Guds kjærleik i praksis. 


Matteus 25
35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.' 37 Då skal dei rettferdige svara: 'Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tørst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller naken og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og vitja deg?' 40 Men kongen skal svara dei: 'Sanneleg, eg seier dykk: Alt de gjorde mot eit av desse minste syskena mine, det gjorde de mot meg.'
    41 Så skal han seia til dei på venstre sida: 'Gå bort frå meg, de som er forbanna, til den evige elden som er gjord i stand for djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tørst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var naken, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje til meg.' 44 Då skal dei svara: 'Herre, når såg vi deg svolten eller tørst eller framand eller naken eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?' 45 Men han skal svara dei: 'Sanneleg, eg seier dykk: Alt de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.' 46 Så skal dei gå bort til evig straff, og dei rettferdige til evig liv.»

Det er advent. Ventetid! Vi ventar og ser fram til ferien, til å vere saman med familien, til juletre og julegåver og god mat. Vi ventar på å feire at Jesus blei fødd!

Det er også tid for ettertanke. For det er folk i Norge som har det vanskeleg i julehøgtida... Nokon ventar og ser gjerne meir fram til at jula skal ta slutt?

  • Kva med å invitere den einslege naboen på kaffé og julebakst i romjula?
  • Eller kva med å ringe og slå av ein prat med nokon du kjenner som kanskje er aleine?
Ved ettertanke kjem du gjerne på andre gode gjerningar du kan gjere for å glede nokon i julehøgtida. Det handlar om å bry seg!

Har du lyst og anledning til å hjelpe gateborn i Bolivia? Då oppmodar eg deg til å kjøpe ein kvadratmeter eller fleire for at «Prosjekt nytt håp» kan hjelpe fleire gateborn i Cochabamba til eit betre liv...


torsdag 9. desember 2010

Los adjetivos...

Hoy tengo clases en español a las 17 de la tarde. Adjetivos es el tema y tiene diferente formas y usos.

El género, masculino - feminino:
  • Los adjetivos que terminan en -o forman el femenino en -a
  • Los adjetivos que terminan en -or y -án añadan una -a.
    • trabajador - trabajadora
    • alemán - alemana
  • Los adjetivos que terminan en otra vocal o en otra consonante no cambian.
      • naranja, grande, facil, marroqui, hindú, belga
    • Exepto: los adjetivos de nacionalidad acabados en -l o en -s añadan una -a
      • español - española
      • frances - francesa 

El número, singular - plural:
  • Los adjetivos que terminan en vocal forman el plural en -s
      • interesante - interesantes
    • Exepto: los adjetivos de nacionalidad acubados en -i o -ú forman el plural en -es.
      • marroqui - marroquies
      • hindú - hindúes
  • Los adjetivos que terminan en consonante forman el plural en -es.
    • trabajador - trabajadores
  • Los adjetivos que terminan en -z forman el plural en -ces.
    • feliz - felices
Observaciones: si el adjetivo se refiere a varios nombres y uno es masculino, el plural se hase normalmente en masculino.

  • Los pantalones y la camisa son rojos.

onsdag 8. desember 2010

Bryllaupsfeiring inn i natta...

Bryllaup er universelt og blir feira på ulike måtar over heile verda. Bolivia har sin bryllaupskultur, og i Noreg skjer det på ein anna måte. Samstundes finn eg at det er likskapar på tvers av kultur og tradisjonar.

I Bolivia:
  • betyr det lykke å gifte seg i årstal som er partal. Det vil seie at dette året, 2010, er eit godt år for å gifte seg her i landet. 
  • kan du invitere med deg vener i bryllaupet. På den måten vart Cathrine, Ingebjørg og eg invitert med i ein bryllaupsfest laurdag 4. desember 2010. Då var det Judith, venninne av bruda, som inviterte oss med i eit bryllaup ho var invitert i.
  • er øl ein viktig ingrediens i katolske og verdslege bryllaup. I kristne bryllaup blir det ikkje servert øl. 
  • tømmer ein gjerne ølskvettane på gulvet, noko som etterkvart fører til både glatte og klissete gulv.
  • er det personar som står klare med nal og mopp for å fjerne øldammen på gulvet , når den blir for stor eller at det til dømes går ei ølflaske i gulvet. 
  • foregår mykje av festen på dansegulvet. Ein dansar saman to og to, med god avstand, og ofte fleire i ring eller på rekke. 
  • er det brudeparet som først forsyner seg av middag og tek det første kakestykket.
  • sovnar gjerne gjestene, dei eg såg var menn, som har drukke for mykje alkohol på ein stol.

Førsteinntrykk og opplevingar frå ei bryllaupsfeiring i La Paz, 2010.
Jan Halvard





Macro Monday # 120

tirsdag 7. desember 2010

NAG observert køyrande i La Paz, Bolivia.

Det er mykje ein legg merke til som utlending og turist i eit framand land. Denne helga har boliviansk tv informert meg om at juletreet i La Paz, 25 meter høgt, er blitt tent. I tillegg har eg fått med meg ein bryllaupsfest og blitt kjend med noko av bryllaupskulturen i Bolivia. Det mest spesielle var då eg oppdaga at NAG køyrde rundt i trafikken her...  

mandag 6. desember 2010

Gratulerer med dagen, Cathrine!

Håpar du får ein fin dag!
Tusen takk for tida eg har fått vore saman med deg som volontør her i La Paz denne hausten! Kjekt at du ikkje flyttar så langt etter nyttår...

Og takk for at du var raskt ute med å legge ¡Buenos dias Bolivia! i di bloggliste då eg oppretta denne i haust....

Helsing
Jan Halvard

Cathrine i skuddet for »European Women´s Team Bolivia»

søndag 5. desember 2010

«Vivo en momento»

«Lev i nuet er mitt motto» seier Tommy
Tommy: «Lev i nuet er mitt motto.» 

Tommy: «Du veit aldri kor lenge livet varer. Du kan gå ut på vegen i morgon og "POFF" så blir du overkøyrt av ein lastebil med sement. Eg er lei for å ha øydelagt framtidsutsiktene dine.»


Tommy: «Det er derfor eg seier:"Lev i nuet". Kva er ditt motto?» 

Tigeren: «Sjå deg godt for på vegen»

Dagens andakt / Palabras de dia
Matteus / Mateo 6
33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre attåt. 34 Så syt ikkje for morgondagen; lat morgondagen syta for seg. Kvar dag har nok med si møde.

33 Más bien, buscad primeramente el reino de Dios y su justicia, y todas estas cosas os serán añadidas. 34 Así que, no os afanéis por el día de mañana, porque el día de mañana traerá su propio afán. Basta a cada día su propio mal.

Johannes / Juan 14
 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.

Jesús le dijo:
-Yo soy el camino, la verdad y la vida; nadie viene al Padre, sino por mí.

lørdag 4. desember 2010

Rolegare på Casa Alianza...

Det er snart fire månader sidan eg kom til Bolivia som volontør for Misjonsalliansen. Denne norske hausten har gått fort, og snart er det jul. Då eg kom hit i august var det tidleg vår her på den sørlege halvkula. No er det sommar, og det er godt og varmt når sola skin frå skyfri himmel. 

Denne veka hadde vi den siste Casa-kvelden for dette volontørkullet. Torsdag kveld og fredag morgon reiste dei fleste ut på tur. Nokon av dei for å komme tilbake til Casa Alianza litt seinare før dei reiser tilbake til Noreg. Andre tok farvel med La Paz og volontørlivet for denne gong. 

Og igjen sit eit par andre volontørar og eg. Vi er faktisk to som skal fortsette som volontørar her etter nyttår, og det blir bra. Og så er det ei av volontørane som skal vere her i La Paz og studere neste semester. Det er bra at vi er fleire som skal vere igjen her... Og det er jo ein overgang frå å vere ein gjeng på ti volontørar til å berre vere tre-fire igjen. Det blir litt rolegare. Sidan det nærmar seg jul går også tankane til familie og om kor viktig familien er for oss nordmenn spesielt i julehøgtid.

Hablaba español...

Hoy estaba teniendo clases de español desde las 14.30 hasta las 19 en la tarde. Ahora tengo hambre y tambien un poco sueño... Yo aprendi muchas cosas en las clases. Y tambien nosotros hablabamos mucho con diferente temas. Pensaba que yo puedo enseñar algunos cosas de mi profesora tambien.

Gracias por las clases hoy!

fredag 3. desember 2010

Interessant...

I ettermiddag gjekk eg ut ein tur for å kjøpe meg middag. Og så tok eg med meg kameraet mitt med tanke på at eg kanskje kunne komme over noko som var verdt å ta bilete av. Etter ein god pizza «Hawaianna» gjekk eg først litt nedover og deretter oppver gata «Hernando Siles». Det blei faktisk til at eg gjekk heilt til det katolske universitetet i »Calle 4». Og då eg kom dit, såg eg at det var eit jamnt tilsig av folk som skulle inn der. Festkledde kvinner og menn, små born og besteforeldre. Dette var meir enn ei vanleg forelesing.

Eg blei ståande i porten og følgje med på folka som kom og gjekk. I gata framfor inngangen var det trafikkpoliti som stod og dirigerte bilane. Det var igrunn ganske interessant å sjå på. Klokka gjekk, og det kom stadig vekk folk som gjekk ut av taxiar og bilar. Og alle gjekk same vegen inn på universitetsområdet. Etter å ha stått utanfor og observert ei god stund, tok eg mot til meg og gjekk naturleg saman med ein gjeng innover og oppover. Så kom eg til ein stor idrettshall, og sidan det stod ein politivakt utanfor inngangen så venta eg litt før eg gjekk inn. Eg var igrunn litt usikker på om det berre var inviterte gjestar som hadde tilgang til opptrinnet. Ikkje lenge etter at eg kom inn, så var opplegget ferdig. Eg er sikker på at det var nærmare 500 personar inne i hallen. Og dei hadde vore vitne til «Calacion de Grado». Dei som stod framme å scena såg hadde blå kapper og slike hattar som ein kjenner frå USA.

På vegen ut så var det eit interessant skue. Då stilte kandidatane seg opp med venner og familie, og så blei det tatt masse bilete. Og slik eg forstod det, var det nokon som gjekk rundt og selde fotografering. Nede i porten, stod nokon andre og selde bilete som var tatt tidlegare. Så her var det litt butikk også.

Det var ei interessant oppleving. Kanskje eg klarar å få med meg fleire slike avslutningar før sommarferien her i landet. Eg trur ein del universitet held på til midten av desember... 

torsdag 2. desember 2010

Det nærmar seg jul i Bolivia...

Melk i plastemballasje, der julenissen er kommen på plass...
Julemelka er på plass i butikkhyllene...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS