Google Website Translator Gadget

torsdag 31. mars 2011

Chao Bolivia! - Departure from La Paz: 07:00 am, local time

Reiserapport frå Santa Cruz, kl. 09:12 lokal tid.
Dagen starta klokka 03:55 då eg stod opp for å gjere meg klar til å bli henta av taxi frå Casa Alianza kl. 04:30. Etter ein dusj og litt cornflakes med yoghurt var eg klar, og gjekk ned til inngangsdøra. Før eg kom så langt ringte det på døra, og då visste eg at taxien stod utanfor og venta. Eg var i rute... 

Med avgang på flyplassen på El Alto kl. 07:00 måtte eg vere på flyplassen to timar før. Taxituren starta roleg, for sjåføren måtte innom ein bensinstasjon og fylle drivstoff. 30 Bs, omlag 25 Nkr, ba han personen som stod ved pumpa om å fylle for. Og for den prisen fekk han rundt 8 liter meir på tanken. Så bar det vidare og det gjekk fort i svingane oppover i morgontimane. Det var rett og slett slik at det kvein i dekka i nokon av dei skarpaste svingane. Eg køyrde ei rute som eg ikkje har køyrd før, og var ei stund litt betenkt på kor dette bar. Etterkvart så kjende eg meg att, og etter 25 minutt var eg på flyplassen. Då var første steg unnagjort.

Då klokka nærma seg litt over fem kom skrankepersonellet til AeroSur for å ta imot innsjekking frå passasjerane som skulle til Santa Cruz. Eg stod ganske langt framme i køen og kom fort til skranka. Her i Bolivia er det slik at ein må betale ei flyplassavgift før ein får tilbake passet sitt. Så etter at kvinna i skranka hadde skrive ut boardingkort til meg måtte eg gå til to forskjellige luker og betale to forskjellige avgifter. Ei avgift var på 231 Bs., og den andre var 25 USD eller 175 Bs. Eg hadde lite kontantar i lommeboka og det første eg gjorde då eg kom på flyplassen var å ta ut pengar. I den minibanken eg valde fekk eg ikkje lov å ta ut dollar, og då blei eg litt bekymra for om eg hadde pengar på kontoen. Heldigvis fekk eg ut bolivianos, og dermed så hadde eg pengar til å betale desse avgiftene for å få til å forlate Bolivia.

Etter å komme gjennom sikkerheitskontrollen gjekk eg til utgangen der flyet skulle gå frå. Tida gjekk og då klokka var 06:45 var det enno ikkje kommen nokon til utgangen for å sjekke billettar. Rett før kl. 07:00 kom dei og då skjønte dei ventande at vi kunne ombordstigning. 

Vel ein halv time forseinka kom flyet seg i lufta og ferda mot Santa Cruz var igang. No er eg komme gjennom "migrasion"-området og sit i ventehallen og ventar på å få gå ombord på flyet til Sao Paolo, Brasil, som går kl. 11.00. For å vere heilt sikker på at eg har pengar på bankkortet mitt fann eg ut at eg måtte sjekke saldoen. Derfor var det stor lettelse då eg fann internett-tilgang og kunne logge meg inn i nettbanken. Eg må nemleg betale ei flyplassavgift i Brasil også, og den hugsar eg ikkje kor mykje er på. Takk for internett!

I Brasil har eg omlag 3 timar på å hente bagasjen og sjekke den inn igjen, noko eg håpar skal halde... Frå Sao Paolo skal flyet mitt gå kl. 18:25 med kurs for Frankfurt, Tyskland. Då har eg vel 13 timar i lufta føre meg.

Reisa er igang, og eg får ta ting som dei kjem. Først skal eg komme meg til Sao Paolo... :-) 

Ha ein god dag!

Takk for innlegget om meg på bloggen din i dag, Catrhine! 


Veterinær for Misjonsalliansen i Bolivia

T.h. Magne Steine er klar til å ringe mekanikaren på ein fredagstur med bilen...
Magne Steine er saman med si kone Torborg og deira tre born utsendingar for Misjonsalliansen i Bolivia.

I min periode som volontør har eg vore så heldig å få vere med Magne omlag ein dag i veka på kontoret som ligg på El Alto. Her jobbar han med litt forskjellige saker i eit kontorfelleskap med bolivianske ansatte. Og som utdanna veterinær frå Noreg kjem han også litt borti landbruk og bønder i utkantsdistrikta i byen El Alto. 

Fram til hausten 2013 skal Magne og familien vere i La Paz. I jobben sin har også Magne fått ansvar i samband med Casa Alianza og volontørane. I vår har han mellom anna vore med som ansvarleg for casakveldane. 

På ilimitadokvelden, basaren til inntekt for Misjonsalliansen i Bolivia, fekk Magne vinnarbudet på at eg skreiv om han på min blogg.... 

Eg vil med dette takke deg Magne for tida her i Bolivia og på kontoret på Rio Seco. Lykke til vidare i jobben, og Guds velsigning for deg og familien!

onsdag 30. mars 2011

Avskjed med volontørane våren 2011


Då nærmar 31. mars seg og tida er komen for å ta avskjed med Bolivia, La Paz, Misjonsalliansen, Casa Alianza, volontørar og dei nye lokale venene eg har fått.

I dag var det siste «Casakveld» for meg. I morgon er den siste heile dagen her i landet, og så går flyet på torsdag morgon. 

Volontørgjengen som er her denne våren er ei god blanding. Ingebjørg og meg sjølv, Jan Halvard, har vore her sidan august i fjor og blitt kjende med to veldig forskjellige «kull». 

Anne Sofie er utdanna sjukepleiar og jobbar som volontør på eit helsesenter på El Alto.

Andreas har utdanning innan media og har delt volontørtjeneste mellom «Fotball krysser grenser» og arbeid på informasjonskontoret.

Tarald er gift med Åshild. Dei har med seg litle Håvard og brukar fødselspermisjonen til volontørtjeneste for Misjonsalliansen i Bolivia.

Ingebjørg er framleis lærarassistent i engelsk på to forskjellige skular på El Alto.

Maria er utdanna sjukepleiar og jobbar som volontør ved ein helsestasjon på El Alto.

Ylva har delt volontørtenesten sin mellom å vere lærarassistent i engelsk og arbeide med miljøsaker på Misjonsalliansen sitt kontor «Rio Seco», på El Alto.

Halvor er lærarassistent i engelsk på El Alto og har også arbeid på kontoret på Rio Seco, El Alto.

Jan Halvard, meg sjølv, har fram til eg reiser heim arbeidd på informasjonskontoret og skrive forskjellige saker til Misjonsalliansen sine nettsider og magasinet [tsjili]. 

Tida som volontør er inne i sitt sist siste døgn og eg vil med dette takke for meg og ynskje volontørgjengen lykke til vidare!

tirsdag 29. mars 2011

På håret...

...kjenner eg henne att. 

Feliz Cumpleaños Maria Del Carmen!

Muchas gracias por enseñarme castellano :-) 
He aprendido mucho de ti...

Saludos de Jan Halvard


Do you want a buttons like this? Press the picture and visit Buttonstrykkeriet
MellowYellowMondayBadgeSjekk ut: 




mandag 28. mars 2011

Siste helga i Bolivia...

Dette bilete tatt frå Ceja viser delar av byen La Paz, administrativ hovudstad i Bolivia. Her i denne spanande byen har eg no budd i sju månader og snart to veker. Dette er altså den siste helga mi her. Snart går flyet som skal ta meg tilbake til Noreg...

Det er rart og litt vemodig å skulle forlate dette landet no. Eg har etterkvart begynt å komme litt under huden på både folk og kulturen. Dette er både spanande og utfordrande, og eg ser og skjønar at eg ikkje forstår så mykje som eg gjerne tenkjer om kulturen og korleis tinga fungerar her. 

I dag var eg på gudsteneste i «Arca De Dios» for siste gong av dette opphaldet. Det var rart å ta avskjed. Ei av jentene eg har møtt der syns det var trist at eg no skal reise og sa ho ville komme til å felle nokon tårer. 

På vegen frå El Alto til La Paz i dag gjekk eg litt rundt på Ceja. Eg hadde lyst å ta bilete av La Paz derifrå, og det fekk eg til. Medan eg var der så kom tordenbygene nærare og nærare, og plutseleg var dei rett over. Då kom det både regn og halg, og det styrta ned. «Himmelen gret» har eg høyrt nokon seie om regnvér. Kanskje sende himmelen  over La Paz også nokon «tårer» sidan eg snart skal reise... 

Det kjennes rart, og trist å forlate folk som eg har blitt litt kjend med. Eg trur at det først er når eg har vore i Noreg ei stund at eg vil sjå kva eg har fått ut av dette opphaldet, og kva eg vil sakne frå Bolivia. Det er menneska som skapar eit land og kultur, og det er menneska eg har møtt her som eg kjem til å sakne... 

Eg syns tida har gått både fort og seint. Plutseleg er over 7 månader i eit anna land forbi. Samtidig tek eg med meg opplevingar og erfaringar som når eg tenkjer på dei gjer at eg syns tida har gått seint.

lørdag 26. mars 2011

Fargerikt felleskap...


Jesus elsker alle barna,
alle barna på vår jord.
Rød og gul og hvit og svart
er det samme har han sagt.
Jesus elsker alle barna på vår jord.

fredag 25. mars 2011

torsdag 24. mars 2011

Gåver, gevinstar og gateparade




Desse gåvene delte Misjonsalliansen ut tirsdag 22. mars til dei som har mista sine hus i bydelen Kupini, La Paz, der det gjekk jordras den 26. februar.

Gevinstane som eg vann på ilimitadobasaren, casakvelden 22. mars, til inntekt for Misjonsalliansen sine prosjekt på El Alto.


Gateparade «Dia del Mar», 23. mars, i La Paz.


Dia del Mar, 23. marzo 1879 - 132 år utan kystlinje i Bolivia

Den 23. mars 1879 mista Bolivia si kystlinje, og dermed har landet vore utan kyst i 132 år. Dagen i dag blir markert til minne om dette tapet. Frå myndigheitene si side er det eit ynskje og håp om ein dag å få tilbake kysten som dei tapte.... 

BBC News - «Bolivia's Morales to take Chile sea dispute to court»
La Razon - «Bolivia recurrirá a justicia internacional para salida al mar»

tirsdag 22. mars 2011

Krig og fred og politikk og sånn...

«EVO = BLOQUEO»
Den norske bensinprisen er høgare enn den har vore nokon gong tidlegare. Til tross for dette tenkjer eg at nordmenn framleis brukar bilen, og at det ikkje er dette vanlege nordmenn er mest opptatt av i kvardagen. Dersom prisforskjellane på drivstoff i ulike land blir samanlikna med kor mange liter innbyggarane kan kjøpe for ei gjennomsnittleg timeløn kjem nordmenn godt ut av det. Nordmenn får fleire liter drivstoff for timelønna samanlikna med innbyggarar i andre land.  

Før jul i 2010 vart bensinprisane i Bolivia auka på grunn av at staten fjerna subsidieringa på drivstoff. Det førte til store protestar frå folket med blokkadar og demonstrasjonar. Etter omlag ei veka omgjorde president Evo Morales avgjerda og bensinprisen kom tilbake på det tidlegare nivået. Likevel har prisen på mat og andre varer auka her i landet. 

På nyåret har det blitt satt opp store plakatar med bilete av Evo Morales og med teksten «Governar obedeciendo al pueblo». Det betyr noko slikt som «Styresmaktene adlyder folket». For ved å gå tilbake på avgjerda om å fjerne subsidiering av drivstoff var det nettopp folket som fekk sin vilje. Spørsmålet er berre om det er eit politisk spel for å la folket få følelsen av at det er dei som bestemmer?

I desse dagar har fagforeiningane begynt å mobilisere for høgare lønn. Presidenten har lova ein viss prosent lønnsauke, men det løftet han gav i fjor kan han ikkje halde no. Dermed blir det protestar, streikar og blokkadar for å markere si misnøye med situasjonen og styresmaktene. 

For min del har eg merka prisauke på minibussane frå bydelen Obrajes, der eg bur, opp til sentrum av La Paz. I fjor var det mest vanleg å betale 1, 50 Bs (1 Bs = 0,85 Nkr). Denne prisen har no stege til 2,30 Bs, og er lik uansett når på døgnet ein tek bussen. Denne veka er det varsla transportstreik for sjåførar for å markere at dei ynskjer at billettakstane skal stige slik at dei får høgare lønn. Så er det spanande å sjå korleis dette endar.




mandag 21. mars 2011

Levd liv...

Early walk in the street - Sunday 13. 03 at 7:00 am.
I Bolivia er over 50% av folkesetnaden born og unge seier tal frå 2008. Dei eldre er med andre ord i mindretal. Det er mykje levd liv hos dei eldre bolivianarane. Desse står på som best dei kan for seg og sin familie. Nokon er gjerne også einslege og må klare seg sjølv som best dei kan.



Walk in the street  Mosaic Monday


søndag 20. mars 2011

Sjå på fuglane under himmelen!


Matteus 6
25 Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta, og kva de skal drikka, eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? 26 Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?

Det er godt å kunne legge det som tynger i Guds hender. Han er der og har eit ynskje om å ta imot alt det vi har på hjartet. Livet er meir enn berre mat og klede. Det handlar om korleis vi har det inni oss også. Nokon dagar kan vere vanskelege andre kan vere fantastiske. 

Ei sak har minst to sider. Slik er det også med meg og mi tid som volontør. Det nærmar seg tida for å reise tilbake til Noreg. Eg både gledar meg og syns det er dumt å måtte forlate gode vener og folk her i La Paz. 

Likevel er eg klar for å reise. Det er også andre sider som spelar inn. Den første tida eg var her i Bolivia syns eg alt verka så interessant og spanande. No har eg vore her i nærare sju månader, og sett at det som gjerne verka spanande i starten har sine skyggesider. Det er ein grunn til at folk det ikkje er vanleg å gå på heimebesøk til naboen eller kjenningar. 

Den siste tida har eg opplevd på ein heilt anna måte enn begynnelsen. No er det meir slik at alt som var spanande i starten ikkje er så spanande likevel. Situasjonen er snudd på hovudet, og tankane mine har forandra seg. Alt er ikkje like greit og flott. Det som såg så interessant ut i starten har også sine skyggesider.

Eg har over ein kort periode fått vener, blitt kjend med og opplevd den bolivianske kulturen på kroppen. Tankar om ting har forandra seg undervegs som eg har fått nye erfaringar. Det er fleire ting eg ikkje forstår. I tillegg er det opplevingane rundt det å vite at eg er ein av dei andre. Eg vil aldri komme ordentleg under huden og forstå korleis ting heng saman. 

Hovudet mitt har fått mange ting å undrast over og tenkje på. Sjølv om kulturen er forskjellig og eg har opplevd kulturforskjellane, så har menneska her også kjendsler. Det er uro og bekymringar hos folk her akkurat som i Noreg, sjølv om det dei uroar seg for kan vere heilt andre ting enn vi tenkjer på i Noreg. Oppi alt dette så er Gud med, og Han seier at vi ikkje skal uroe oss! Det er lettare sagt enn gjort, men det er veldig godt å vite at det er Gud sin vilje for oss. Eg kan legge alt som uroar over på Han og stole på at Han er med meg... 

Weekend Reflections Shadow Shot Sunday
Ni Hao Yall

lørdag 19. mars 2011

Bolivia, La Paz og ein rosa blome







Bajo el cielo abierto tenemos todos el mismo valor para Dios! 

Padre Señor!
Bendecir el estado Bolivia, 
los governadores y los gentes que viven en este pais. 
Bendecir la cuidad La Paz, 
las personas que han perdido sus casas y los que van a ayudar.
Gracias Dios por mis amigos aqui en Bolivia!
Gracias por la vida
y que nosotros podemos orar a ti en cualqier situacion!

fredag 18. mars 2011

Tordenskyer - ein ettermiddag på El Alto, Bolivia


Altiplano er høgsletta som byen El Alto ligg på omlag 4000 m.o.h. Om det er høgda eller noko anna som gjer det veit eg ikkje, men her er det masse flotte himmelske motiv. Derfor tok eg turen opp til El Alto for å fotografere ein ettermiddag  denne veka. Eg hadde håp om raud himmel og solnedgang, men véret skifta til noko heilt anna. Berre sjå under...



Check out: Skywatch Friday and Himmelsk
Outdoor Wednesday Scenic Sunday 139

torsdag 17. mars 2011

¡Caballero con sombrero de Sucre!

¡Yo soy Jan Halvard de Noruega! 

Desde agosto 2010 estoy de voluntario en Misión Alianza de Noruega en Bolivia, MAN-B. Yo he trabajado con información de proyectos y otras cosas de Bolivia y también de Noruega.

Bolivia y Noruega son países muy diferentes, pero todos los habitantes de los dos países están viviendo en el mismo mundo, bajo el mismo cielo. Y yo he aprendido muchas cosas de los bolivianos que he conocido durante este tiempo en Bolivia. He llegado a tener buenos amigos en la vida y que no podría olvidar y que yo los quiero...

A finales de marzo voy a volver a Noruega. Yo quiero decir ¡ muchas gracias por todo lo que he conocido aquí en Bolivia! Me gusta Bolivia mucho...

¡Bo-bo-bo li-li-li via-via-via!
¡VIVA BOLIVIA!

¡Mi sombrero está hecho en Bolivia!
Pueden ver otros sombreros aquí:
Fabrica de Sombreros SUCRE, Bolivia


Black and White Wednesday The Weekend in Black and White
ABC Wednesday - J for Jan...

onsdag 16. mars 2011

Casakveld - besøk hos Mari Luz på El Alto

 Gjengen frå Casa Alianza på besøk hos hushjelpa Mari Luz, med dattera i armane.
Sidan førre helg var langhelg med karneval er det to veker sidan det var Casakveld for oss som bur på Casa Alianza. I går var det igjen klart for å besøke hushjelpene. I fjor haust var eg hos Bertha så denne gongen fekk eg reise til Mari Luz, treffe familien hennar og sjå korleis ho budde.

Med glimt i auget...
Vi var tre volontørar og to vernepleiarstudentar, i tillegg til sjåfør og utsending Ronny. Maten stod vi frå Casa'en for og på menyen stod spaghetti med kjøttsaus og rundstykker med smør. Til dessert hadde Stine baka kanelbollar... Nam, nam, takk skal du ha!


Petunia: Smilende mandagstema




tirsdag 15. mars 2011

Hogar para mujeres que sufren violencia - Uni, Palca.




mandag 14. mars 2011

«Gi oss i dag vårt daglege brød» - diakoni i praksis

Eg har høyrt nokon seie at kyrkjene i Bolivia ikkje er så flinke til å ta del i lokalsamfunnet sitt. For min del så har eg opplevd at det er mykje diakoni i måten dei driv sitt arbeid. 

I går starta dagen tidleg til å vere søndag. Eg stod nemleg opp kl. 06.00 for å vere med på utdeling av frukost til familiar som har flytta inn i «Piscina Olimpica», Alto Obrajes. Denne gule bygningen skil seg ut i området på grunna av sin arkitektur, og det er mogleg å sjå den heilt frå El Alto. 

Sjølve «Piscina Olimpica» er eksempel på eit tidlegare mislykka hjelpearbeid der det blei bygd ein flott og stor symjehall, men som har forfalle og no ikkje er  eller blir brukt til noko. Det var fram til jordraset ramma familiar i La Paz. No er dette tatt i bruk som opphaldsstad og heim for mange familiar som mista sine hus og heimar. Familar har etablert seg i kvar sine hjørne av romma med eit forheng framfor alt dei eig i kassar og store posar. 

Ein ungdomsgjeng frå ei baptistkyrkje på El Alto drog denne søndagen til denne opphaldsplassen for rasoffer for å dele ut frukost. Eg blei tidlegare i månaden spurd av ei som jobbar i MAN-B om eg kunne vere med å hjelpe og gjerne også støtte økonomisk slik at dei kunne gi mat til rasofra som er samla under dette taket. I dag fekk eg vere med. Eg syns at det var ein flott handling som blei gjort av desse ungdommane som delte ut «arroz con leche», ei slags rissuppe, og «pan», brød. 

Ei lita jente har fått seg søndagsfrukost.

Det var takknemlege menneske som kom for å ta imot melk og brød, og eg såg smil og glede i ansikta! 

Takk for at eg kan vere med å dele med dei som treng hjelp. Ein annan gong kan det vere eg som er råka og treng hjelp av andre. 




Matteus








6

11 Gi oss i dag vårt daglige brød,


MyWorld
Live Every Moment

søndag 13. mars 2011

Ein laurdag ettermiddag på El Alto


I går brukte eg ein heil dag saman med spansklæraren min Maria. Først hadde eg språkundervising fram til lunsj, og deretter drog vi til El Alto, i nærleiken av Franz Tamayo i distrikt 7. 

Dagen starta med eit kjempeflott vér og eg hadde veldig lyst å ta bilete når sola gjekk ned. Kombinasjonen solnedgang, himmel og El Alto er noko for seg sjølv... 

Véret skifta utover dagen, og det skya til. Likevel fann eg masse flotte motiv og er veldig godt fornøgd med fotofangsten! Nokon av bileta kan de sjå i dagens innlegg... 




Ynskjer deg ein god søndag! 

Check out:

lørdag 12. mars 2011

Siste dagen av karneval 2011







Karnevalet varar ei veke, og i dag er siste dagen av denne feiringa for i år. Det er fargerike kostymer og forseggjorte detaljar dansarane går med. No er det vel eit år til neste gang, og då er det nye drakter som gjeld. 



Check out:

fredag 11. mars 2011

Illimani i solnedgang sett frå El Alto

Illimani, La Paz, seen from El Alto
Illimani, La Paz, Bolivia
På veg til karneval i Oruro førre fredag vart bussen stoppa ved ein bomstasjon fordi det var fleire passasjerar i bussen enn det var seter. Slikt er ikkje lov i dette landet, så vi blei ståande omlag 30 - 40 minutt og vente på at sjåføren skulle ordne dette med politiet. Medan dette hende nytta eg høve til å knipse nokon bilete av fjellet Illimani i det sola gjekk ned...

Sjekk ut:
Himmelsk
ABC Wednesday - I for Illimani

Velgjerskamp til inntekt for rasoffera i La Paz.


I kveld har eg vore på fotballkamp på stadion Hernando Siles her i La Paz. Denne kampen var ein solidaritetskamp til inntekt for rasoffera som har mista sine hus og heimar her i byen. Billettane eg hadde kjøpt kosta 10,- Bolivianos kvar. Etterkvart som hovudkampen kom igang var det nærmast fullt på stadion, altså nærmare 30 000 tilskodarar. Det vil med andre ord seie at denne kampen drog inn nærmare 300 000 Bolivianos til hjelpearbeidet for dei som har mista husa sine.


Oppvisinga starta klokka 18.00 med kamp mellom journalistar og La Paz. Kl. 19.00 var det klart for den store kampen mellom stjernelaget til Bolivia frå fotball-VM i USA i 1994, med president Evo Morales som gjestespelar, mot eit samansett lag frå dei tre store klubbane i La Paz, The Strongest, Bolivar og La Paz FC.

Fullsatt stadion «Hernando Siles»



Kampen starta bra med ei raskt mål til Bolivia etter omlag 5 minutt. På ei kontring klarte La Paz og redusere og dermed stod det 1-1. Då 45 minutt var spela var stillinga 3-2 til Bolivia-94 og det blei også sluttresultatet. Evo Morales spelte berre første omgang, og markerte seg ikkje veldig mykje i kampen. 



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS