Google Website Translator Gadget

mandag 1. november 2010

Murar og borger...

Tankar om tinga...
Når noko er nytt er det ofte spanande og verkar flott. Etter ei stund kjem meir enn berre glansbiletesida fram, og det blir oppdaga meir av baksida. Det som ein gong var flott og spanande blir grått og vanskeleg...

søndag 31. oktober 2010

Ei borg og ein mur

Salomos ordtøke 
18
11 Rikmanns gods er hans faste borg,
i hans tanke er det som ein høg mur.

Proverbios 18

11 El rico cree que sus riquezas
son una ciudad protegida por altos muros.

Proverbes 18

11 La fortune est pour le riche une ville forte; 
Dans son imagination, c`est une haute muraille.

Ein solrik laurdag i La Paz!

Festkledde
I dag vakna eg nok ein dag til blå himmel og sol. Og når sola står på sitt høgaste så blir det godt og varmt her. Då er skyggen god sjølv om det ikkje er like lett å finne ly for sola når den står på sitt høgaste og omtrent 90 grader på bakken. 

Dagen starta med litt opprydding og ordning etter turen til Caranavi denne veka. Og då klokka var rundt 10.30 gjekk eg ned i hovudgata og tok ein mikrobuss opp til sentrum. I dag hadde eg planar om å framkalle nokon digitale bilete på papir og så ville eg sjå om eg fann gata der alle elektronikkbutikkane heldt til, "Eloy Salmon". 

Det er slik her i byen at butikkane som sel elektronikk er samla i ei gate. Slik er det med andre varer også. Ei gate har til dømes berre forretningar der dei sel bildelar og anna bilrekvisita. Slik er systemet, om det kan kallast eit system. Iallefall så må ein vite kor butikkane som har det ein er ute etter held til. 

I ein fotoforretning på Pradoen fekk eg framkalla bileta mine på ca ein halv time. Og medan eg venta tok eg meg ein lunsjpause på "Alexander Coffee". Då eg kom ut i gata etter lunsj såg eg rett over på kyrkjetrappa der det stod eit brudepar i døropninga. Og så blei eg ståande å sjå litt på kva som skjedde der før eg gjekk og henta bileta mine.

Brudevals på kyrkjetrappa...
Eg brukte litt tid på å finne fram til gata med elektronikkbutikkar. På vegen kom eg inn i eit stort marked der dei selde masse forskjellige typar matvarer, grønnsaker, frukt, fisk, krydder og ein del andre varer som det kan vere kjekt å ha...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...