Google Website Translator Gadget

tirsdag 1. mars 2011

Det kan ikkje beskrivast...

Denne helga har det regna masse her i La Paz og natt til søndag gjekk det eit ras i ein av dei fattige bydelane i byen. Mange menneske mista sine hus og heimar med alt dei eigde. Denne hendinga veit eg er gjort kjend i Noreg i fleire medier, og sjølv har eg lese om det i nettutgåver av norske aviser

Dette var ein gong ein bilveg...
Situasjonen er både trist og vanskeleg for dei som no ikkje veit kor dei skal gjere av seg. Dei prøver å gjere som best dei kan og dreg tilbake til området der husa stod for å leite etter eigedelar som dei kan bruke. 
Eg fekk vere med ein delegasjon frå Misjonsalliansen på synfaring i området i dag. Der var det masse folk i arbeid med å bære ut ting. Det er om og gjere å utnytte det alt dei kan bruke fordi desse folka står igjen utan noko, og då har alt ein verdi. 

Regn og overfløyming har den seinare tida gjort mange i Bolivia huslause. Og det er ofte dei fattigaste det går ut over. Dei har ikkje råd til å byggje husa sine kor dei vil, og må gjerne ta til takke med område som det ikkje er trygt å bygge i. Og når valget står mellom å ha eit hus eller å ikkje ha eit hus så er det ikkje tryggleiken som blir prioritert.

7 kommentarer:

Dragonstar sa...

Black and white is suitable for a subject like this. It must be so difficult in such a terrible situation.

Walk in New York sa...

j'aime beaucoup la premiere photo, ce paysage en b&w

Publicity ;o) Every Friday (and the Weekend), The Challenge "Walk In The Street Photography"

DawnTreader sa...

Yes that looks as chaos worth the name.

Kerry sa...

What a terrible mudslide. Chaos indeed.

In the eye of the beholder sa...

Now that's chaos!

chubskulit sa...

Looks unbearable.

My Shadow post, have a great week ahead.

Doreen sa...

so sad. that is total chaos and devastation.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS