Google Website Translator Gadget

mandag 14. mars 2011

«Gi oss i dag vårt daglege brød» - diakoni i praksis

Eg har høyrt nokon seie at kyrkjene i Bolivia ikkje er så flinke til å ta del i lokalsamfunnet sitt. For min del så har eg opplevd at det er mykje diakoni i måten dei driv sitt arbeid. 

I går starta dagen tidleg til å vere søndag. Eg stod nemleg opp kl. 06.00 for å vere med på utdeling av frukost til familiar som har flytta inn i «Piscina Olimpica», Alto Obrajes. Denne gule bygningen skil seg ut i området på grunna av sin arkitektur, og det er mogleg å sjå den heilt frå El Alto. 

Sjølve «Piscina Olimpica» er eksempel på eit tidlegare mislykka hjelpearbeid der det blei bygd ein flott og stor symjehall, men som har forfalle og no ikkje er  eller blir brukt til noko. Det var fram til jordraset ramma familiar i La Paz. No er dette tatt i bruk som opphaldsstad og heim for mange familiar som mista sine hus og heimar. Familar har etablert seg i kvar sine hjørne av romma med eit forheng framfor alt dei eig i kassar og store posar. 

Ein ungdomsgjeng frå ei baptistkyrkje på El Alto drog denne søndagen til denne opphaldsplassen for rasoffer for å dele ut frukost. Eg blei tidlegare i månaden spurd av ei som jobbar i MAN-B om eg kunne vere med å hjelpe og gjerne også støtte økonomisk slik at dei kunne gi mat til rasofra som er samla under dette taket. I dag fekk eg vere med. Eg syns at det var ein flott handling som blei gjort av desse ungdommane som delte ut «arroz con leche», ei slags rissuppe, og «pan», brød. 

Ei lita jente har fått seg søndagsfrukost.

Det var takknemlege menneske som kom for å ta imot melk og brød, og eg såg smil og glede i ansikta! 

Takk for at eg kan vere med å dele med dei som treng hjelp. Ein annan gong kan det vere eg som er råka og treng hjelp av andre. 




Matteus








6

11 Gi oss i dag vårt daglige brød,


MyWorld
Live Every Moment

1 kommentar:

LadyFi sa...

What a lovely photo of that sweet girl.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS