Google Website Translator Gadget

tirsdag 22. mars 2011

Krig og fred og politikk og sånn...

«EVO = BLOQUEO»
Den norske bensinprisen er høgare enn den har vore nokon gong tidlegare. Til tross for dette tenkjer eg at nordmenn framleis brukar bilen, og at det ikkje er dette vanlege nordmenn er mest opptatt av i kvardagen. Dersom prisforskjellane på drivstoff i ulike land blir samanlikna med kor mange liter innbyggarane kan kjøpe for ei gjennomsnittleg timeløn kjem nordmenn godt ut av det. Nordmenn får fleire liter drivstoff for timelønna samanlikna med innbyggarar i andre land.  

Før jul i 2010 vart bensinprisane i Bolivia auka på grunn av at staten fjerna subsidieringa på drivstoff. Det førte til store protestar frå folket med blokkadar og demonstrasjonar. Etter omlag ei veka omgjorde president Evo Morales avgjerda og bensinprisen kom tilbake på det tidlegare nivået. Likevel har prisen på mat og andre varer auka her i landet. 

På nyåret har det blitt satt opp store plakatar med bilete av Evo Morales og med teksten «Governar obedeciendo al pueblo». Det betyr noko slikt som «Styresmaktene adlyder folket». For ved å gå tilbake på avgjerda om å fjerne subsidiering av drivstoff var det nettopp folket som fekk sin vilje. Spørsmålet er berre om det er eit politisk spel for å la folket få følelsen av at det er dei som bestemmer?

I desse dagar har fagforeiningane begynt å mobilisere for høgare lønn. Presidenten har lova ein viss prosent lønnsauke, men det løftet han gav i fjor kan han ikkje halde no. Dermed blir det protestar, streikar og blokkadar for å markere si misnøye med situasjonen og styresmaktene. 

For min del har eg merka prisauke på minibussane frå bydelen Obrajes, der eg bur, opp til sentrum av La Paz. I fjor var det mest vanleg å betale 1, 50 Bs (1 Bs = 0,85 Nkr). Denne prisen har no stege til 2,30 Bs, og er lik uansett når på døgnet ein tek bussen. Denne veka er det varsla transportstreik for sjåførar for å markere at dei ynskjer at billettakstane skal stige slik at dei får høgare lønn. Så er det spanande å sjå korleis dette endar.




Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS