Google Website Translator Gadget

torsdag 31. mars 2011

Chao Bolivia! - Departure from La Paz: 07:00 am, local time

Reiserapport frå Santa Cruz, kl. 09:12 lokal tid.
Dagen starta klokka 03:55 då eg stod opp for å gjere meg klar til å bli henta av taxi frå Casa Alianza kl. 04:30. Etter ein dusj og litt cornflakes med yoghurt var eg klar, og gjekk ned til inngangsdøra. Før eg kom så langt ringte det på døra, og då visste eg at taxien stod utanfor og venta. Eg var i rute... 

Med avgang på flyplassen på El Alto kl. 07:00 måtte eg vere på flyplassen to timar før. Taxituren starta roleg, for sjåføren måtte innom ein bensinstasjon og fylle drivstoff. 30 Bs, omlag 25 Nkr, ba han personen som stod ved pumpa om å fylle for. Og for den prisen fekk han rundt 8 liter meir på tanken. Så bar det vidare og det gjekk fort i svingane oppover i morgontimane. Det var rett og slett slik at det kvein i dekka i nokon av dei skarpaste svingane. Eg køyrde ei rute som eg ikkje har køyrd før, og var ei stund litt betenkt på kor dette bar. Etterkvart så kjende eg meg att, og etter 25 minutt var eg på flyplassen. Då var første steg unnagjort.

Då klokka nærma seg litt over fem kom skrankepersonellet til AeroSur for å ta imot innsjekking frå passasjerane som skulle til Santa Cruz. Eg stod ganske langt framme i køen og kom fort til skranka. Her i Bolivia er det slik at ein må betale ei flyplassavgift før ein får tilbake passet sitt. Så etter at kvinna i skranka hadde skrive ut boardingkort til meg måtte eg gå til to forskjellige luker og betale to forskjellige avgifter. Ei avgift var på 231 Bs., og den andre var 25 USD eller 175 Bs. Eg hadde lite kontantar i lommeboka og det første eg gjorde då eg kom på flyplassen var å ta ut pengar. I den minibanken eg valde fekk eg ikkje lov å ta ut dollar, og då blei eg litt bekymra for om eg hadde pengar på kontoen. Heldigvis fekk eg ut bolivianos, og dermed så hadde eg pengar til å betale desse avgiftene for å få til å forlate Bolivia.

Etter å komme gjennom sikkerheitskontrollen gjekk eg til utgangen der flyet skulle gå frå. Tida gjekk og då klokka var 06:45 var det enno ikkje kommen nokon til utgangen for å sjekke billettar. Rett før kl. 07:00 kom dei og då skjønte dei ventande at vi kunne ombordstigning. 

Vel ein halv time forseinka kom flyet seg i lufta og ferda mot Santa Cruz var igang. No er eg komme gjennom "migrasion"-området og sit i ventehallen og ventar på å få gå ombord på flyet til Sao Paolo, Brasil, som går kl. 11.00. For å vere heilt sikker på at eg har pengar på bankkortet mitt fann eg ut at eg måtte sjekke saldoen. Derfor var det stor lettelse då eg fann internett-tilgang og kunne logge meg inn i nettbanken. Eg må nemleg betale ei flyplassavgift i Brasil også, og den hugsar eg ikkje kor mykje er på. Takk for internett!

I Brasil har eg omlag 3 timar på å hente bagasjen og sjekke den inn igjen, noko eg håpar skal halde... Frå Sao Paolo skal flyet mitt gå kl. 18:25 med kurs for Frankfurt, Tyskland. Då har eg vel 13 timar i lufta føre meg.

Reisa er igang, og eg får ta ting som dei kjem. Først skal eg komme meg til Sao Paolo... :-) 

Ha ein god dag!

Takk for innlegget om meg på bloggen din i dag, Catrhine! 


2 kommentarer:

Walk in New York sa...

Un superbe ciel vu d'aussi haut

Publicity ;o) Every Friday (and the Weekend), The Challenge "Walk In The Street Photography"

Mama Zen sa...

That first shot is really cool!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS