Google Website Translator Gadget

onsdag 16. februar 2011

Mikrokreditt og fotball - starten på ei betre liv

Fotballkamp på El Alto
Introduksjonsveka her i Bolivia er igang, og i dag stod «Diaconia FRIF» og «Fotball Krysser Grenser» på programmet for volontørar og studentar på Casa Alianza. 

«Diaconia FRIF» er ein mikrofinansinstitusjon som Misjonsalliansen var med å starta i 1991. No er det blitt ein sjølvstendig boliviansk institusjon. Den einaste tilknytinga «Diaconia FRIF» har til Norge no er Misjonsalliansen sine mikrokreditt-fadderar som gir pengar til utlån.

Dagen starta med avreise frå La Paz kl. 8.15 med kurs mot «Diaconia FRIF» sitt hovudkontor på El Alto. I bakgården kom vi til eit bygg der vi gjekk opp i øverste etasjen og fekk ein gjennomgang av korleis mikrokredittarbeidet blir drive. Etter orienteringa og fleire gode spørsmål frå tilhøyrarane tok vi turen ned til lokalkontoret og fekk møte ei lånegruppe. Dei var tilsaman 28 personar, av dei eit par menn, som hadde tatt opp lån i «Diaconia FRIF». Kvar 14. dag møttest dei for å betale inn sine avdrag og ha ei samling. 

Vidare tok vi turen for å besøke ein lånekunde som dreiv ei bedrift med produksjon av strikka produkt i rein alpakkaull. Denne bedrifta hadde 8 - 10 ansatte og var så heldig å ha avtalar med importørar i Tyskland, Austerrike og Belgia som kjøpte alpakkaprodukt av dei. 

Det neste på programmet var tilbake til hovudkontoret til «Diaconia FRIF for lunsj. Ut i måltidet fekk vi med oss ein kort informasjonsfilm om prosjektet «Fotball Krysser Grenser». 

Etter at kyllingmåltidet var ete og filmen sett, drog vi vidare til Misjonsalliansen sitt kontor ved Rio Seco, El Alto. Der møtte vi sjefen for fotballskulane og drog vidare med han til ei fotballbane der borna var godt i gang med si økt. 

Vi fekk høyre fotballeiarane fortelje om «Fotball Krysser Grenser» og fotballskulane som dei driv på El Alto. Deretter var det klart for eit norsk-boliviansk fotballoppgjer på 4000 m.o.h. Kampen varte i vel ein halv time og resultatet eit knepent tap for nordmennene. Gode og svette avslutta gjengen med eit gruppebilete før vi norske drog attende til vår heim, Casa Alianza.


Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS