Google Website Translator Gadget

mandag 14. februar 2011

«Introveke» for volontørar og studentar på Casa Alianza.

Det er omlag ein månad sidan dei nye volontørane kom til La Paz og Bolivia. Etter ei tid med spansk og arbeid på forskjellige barneheimar eller IDAI, er det denne veka klart for «introduksjonsveka». Denne veka får vi bli kjend med arbeidet til Misjonsalliansen her i Bolivia. I dag har det vore samling i kjellaren på Casa Alianza med innføring i organisasjonen, om korleis dei arbeidet, kva diakoni er og om IDMAN, utviklingsinstituttet.

I morgon er det ut på feltet for å sjå arbeid i praksis. Første delen av dagen skal vi besøke Diaconia FRIF. Siste del av dagen skal vi besøke fotballstadion og fotballskular i prosjektet «Fotball Krysser Grenser».

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS