Google Website Translator Gadget

søndag 6. februar 2011

«Inngangsbillettar for å sjå Shakira kostar opp til 3500 Bs.»

Det har vore ein roleg laurdag, denne første helga av februar. Andraes, romkameraten, er på helgetur til Santa Cruz og Cochabamba, og eg har rommet for meg sjølv. Ein del av dei som bur på huset er på tur, så det er ganske roleg. 

Etter ein passeleg sein frukost drog eg for å gjere nokon ærend i byen. Det første eg gjorde var å hente kleda mine på vaskeriet. Då fekk eg meg ein gåtur og litt trim fram og tilbake frå Casa Alianza. Sjølv om eg har vore i Bolivia fem månader, og halde meg over 2500 m.o.h. heile perioden, så merkar eg det godt når eg går fort oppover bakkane her. Det er verkeleg høgdetrening. 

Utskrifter på ein internettkafé
Neste post på programmet var å gå på ein internettkafe der dei hadde skrivar. Eg trengte nokon utskrifter. Då drog eg opp i sentrum, nær Universitetet si «Monobloque». Der tenkte eg det måtte vere nokon som dreiv med kopiering og utskrift, og etter ein liten runde fann eg ein internettkafe der dei reklamerte med skrivar. Så fekk eg gjort det også...

Lunsj over aviser i La Paz
Medan eg var i sentrum tok eg ein tur på «Alexander Coffee» og kjøpte lunsj. For utan mat og drikke så går det ikkje så godt. Under måltidet så begynte det å styrtregne utanfor... Då var det greit å vere inne tenkte eg. Sidan eg då ikkje hadde det travelt vart eg sittande og lese i nokon aviser på kaféen. La Razon og PaginaSIETE er La Paz-aviser, og desse bladde eg gjennom for å sjå kva som vert satt på dagsorden denne laurdagen. 

Shakira, fyller 34 år på onsdag.
Foto: APF/PaginaSIETE
(1 Bs ≈ 0,828 Nkr, 05.02.2011 kl. 22:36) Dette var overskrifta som eg la spesielt godt merke til i dag. Både La Razon og PaginaSIETE kunne opplyse om at prisane for den kommande Shakira-konserten i Santa Cruz mandag 21. mars låg frå 150 Bs opp til 3500 Bs. I artikkelen blei det også opplyst om at dette blir dei dyraste billettprisane til ein konsert i Bolivia. Før denne konserten er 2500 Bs for ein billett til konserten med Luis Miguel det dyraste. Les/sjå dagens pdf-avis av PaginaSIETE her. For meir om konserten Shakira skal ha i Bolivia kan du sjekke ut: www.shakiraenbolivia.com

Ulykkesbussen mellom La Paz og Oruru.
Foto: La Razon
«Fire drept i tre ulykker på mindre enn 24 timar.» 
Denne overskrifta las eg i La Razon. Fire personar døyde og 55 vart skadde i tre trafikkulykker mellom La Paz - Oruro, Cochabamba - Oruro og La Paz - Caranavi. To bussar kolliderte med tungtransport og ein varebil kolliderte med eit offentleg transportmiddel.

Lyn utan torden - tordenvér med styrtregn
Eg hadde eit ærend til i dag. Då regnvéret hadde lagt seg betalte eg maten og gjekk ut. Der hoppa eg ganske fort inn i ein microbuss som tok meg til San Miguel. Eg trengte rett og slett å kjøpe inn mat for dagane framover. På vegen opp mot calle 21 i San Miguel såg eg mørke skyer, og lynet flerra himmelen fleire gonger. Eg trur aldri eg har vore så nære lynet før... Det kom ikkje noko torden etterpå. Eg skjønte jo at det var regnvér på gang, og det kom. Eg hadde ikkje vore lenge inne på matbutikken Ketal før det smalt godt utanfor. Tordenvéret var rett over hovudet på oss, og ute regna det både kattar og hundar. Eg fann nok ein gong ut at eg fekk halde meg inne i butikken til det verste hadde gitt seg. Så då eg gjekk i kassa var det berre litt duskeregn utanfor. I gatene rann det store vassmengder etter nedbøren,. Enkelte av butikkane eg gjekk forbi strøymde det vatn ut av inngangspartiet. Det var nesten som å krysse ei elv når eg skulle over vegen. Etter ein liten gåtur fann eg ein taxi og ba om å bli køyrt til Obrajes, calle 10, pasaje D. Etter ca. 8 minutt i bilen var eg 10 Bs fattigare og tilbake på Casa Alianza. 

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS