Google Website Translator Gadget

mandag 21. februar 2011

Annleis sjukesystem

I går hadde eg heimebesøk av doktoren. Etter dagar med dårleg mage var det greitt å ta ein sjekk, sidan det ikkje blei så mykje betre. Sidan eg følte meg ganske slapp og ikkje heilt orka tanken på å bevege meg for mykje for å komme til doktor var det greit at han kunne komme til meg.


Doktoren gjorde vel som doktorar andre stadar ville gjort. Han helsa på meg og spurde meg om tilstanden. Etter litt undersøking kunne han fortelje meg at aktiviteten i magen min var større enn det som er normalen. Han skreiv ned nokon produkt som eg skulle gå på apoteket og kjøpe. Deretter skreiv han ut ei kvittering, og då han hadde fått pengane sine sa han takk for seg og drog. 

Som slapp og sjuk er det ikkje så greit å måtte ordne med tinga sjølv. Eg måtte mobilisere litt krefter for å ta ein tur ut på apoteket. Etter å ha gått til det næraste apoteket kom eg til stengt dør, og det neste eg fann var også stengt. Dermed fekk eg ikkje tak i noko medisin på apotek... Heldigvis finst det gode hjelparar her i La Paz. Takk for medisinleveringa Magne!

Det høyrer med til historien at eg var innom laboratoriet på Clinica del Sur. Der vart namnet mitt endra og eg kom ut igjen som Jan Hai Vard Edvardsen... 

2 kommentarer:

Per sa...

du må bare drikke så mye av det rosa greien du bare kan. Og Gatorade! Ikke reint vann. Jeg føler du har samme greia som jeg fikk etter omtrent like lang tid i Bolivia. Sist gang jeg fikk noe slikt var i desember, men da dro jeg til legevakta samme natta, for å ikke få en ny runde med kraftløs kropp....midt i eksamenstiden passet det dårlig å bli sjuk på den måten. Husk at clínica del Sur ligger rett nede i gata for deg, og har vakt døgnet rundt.

Emerald Raptor sa...

Det er ikke greit å måtte ordne alt selv når man ikke er helt frisk. Du får i hvert fall ha god bedring!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS