Google Website Translator Gadget

onsdag 9. februar 2011

Kvardagsliv


Det er flest kvardagar i livet. Slik er det også for folk i Bolivia. Dei fattigaste i samfunnet opplever kvar dag som ein kamp for å skaffe seg pengar for å kunne leve.

Kvinna på bilete øverst går rundt i byen og ber folk om pengar. Andre gjer som den unge mannen på biletet under og vaskar bilar medan eigarane gjer sine ærend. Det er mange born og unge som har arbeid som skopussarar. Kreativiteten er stor, og folk gjer masse forskjellig for å skaffe seg inntekt. Andre unge står i lyskryss og vaskar frontruta på bilane når dei stoppar på raudt lys. Og her i La Paz er det også mange born og tenåringar som har arbeid som pengeinnsamlar og utroparar i minibussane.

Check out:

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...

In The Land Of The NORTHERN LIGTHS